Volvo 940 st.v 230f aut. God bil, men har no store problem. Stoppar plutseleg. Kjeringja nektar å køyre. Får heile tida same feilkode, 1-2-1 og 2-3-2 manglande/feilaktig signal frå luftmassemålar. Har kjøpt ny, same problem. Har skifta svinghjulssensor, hovudbensinpumpe, bensinpumperele, fordelarlok, rotor, pluggledningar. Men aldri feilkode på det elektriske, kun på innsprøytninga. No lurer eg på om det kan vere hjerna. Same problemet heile tida. Når eg nullstiller går han ei stund, men så skjer det igjen. Startar, men stoppar med ein gong. Har hatt Falken/Naf to gongar. No har eg funne ut at dersom eg dreg ut kontakta for luftmassemålar kan eg få start og køyre, men han går ikkje skikkeleg og brukar masse bensin. Koplar eg til luftm.m. går han ikkje. Men denne er altså ny! Har prøvd enda ein ny luftm.m. men med same resultat. Vil vere svært takksam for gode råd for bilen er svært god, berre han vil gå!
Youssouf