
heljo
Bruker-
Innholdsteller
325 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Alt skrevet av heljo
-
varme er vel det beste, men har du ikkje det, så er det rustløysar, og banke på godset bolten står i. Den kjem til slutt..
-
blei det slark i dei nye endeledda dine etter 2 veker, kjøper du ikkje meir deler av det firmaet. Det er jo egentlig umulig å slite ut endeledd på så kort tid. Eg kjøpte eit sett med alle stag i forstillinga hjå norsk bildelesenter, har køyrt 60000 etterpå, og prisen var ikkje så verst. MEN: endeledda er ikkje med i pakken, meinar eg. Må kjøpe dei utenom.
-
eg har passat sjølv, 2000 mod tdi, som er gått 288000km. Eg har skifta ein del slitedeler på denne på 6 år og 140000km, men stort sett fornøgd.(1 luftmengdemålar) Så eg vil egentlig sei at det er eit greit framkomstmiddel, den har enno ikkje svikta meg ein morgon når eg skal på jobb! Men, skulle eg valgt ein anna bil, hadde det blitt ein mondeo. Ca samme prisklasse, og bra med plass. Skal du ha volvo eller mercedes med like mykje plass må du i v70 eller e-klasse, og då er du i ei noko anna prisklasse. Passat er ei ganske stor stasjonsvogn til ein grei pris.
-
Passat 1,9tdi 2000 mod 115 hk - Slutter å dra på høyere turtall
emne svarte i heljo sin sandfjellet i Passat
Har du sjekka vakumslangar? Viss dei er morkne, kan det bli tull med reguleringar. Men dette gjeld kanskje mest på lavare turtal, når du skal akselerere. Intervall på reg.reim kjem an på motorkode, trur ATJ har 90000 og AJM 60000. Uansett er det vel 5 år og. Sjekk med berge og co for å vere sikker. -
Vil tru det betyr: pumpedyse syl 1, elektrisk feil. Eg vil tippe det er kortslutning i spolen på dysa, men kun gjetting.
-
problemet med høgt turtall trur eg kjem frå ein dårleg kjølevæsketempraturgivar, var det som var problemet på min 1.9 tdi iallefall. Grei å bytte, berre du veit kor den står på din bil. Viss du fyller servoolje annakvar dag, må du jo sjå lekkasje under bilen. Kan vere så enkelt som ein laus slange etter at ting blei skifta. Start bilen, sving frå side til side, så bør du kunne sjå lekkasjen. Bruk vernebriller viss du skal vere under bilen når nokon svingar, det kan bli ein bra stråle av olja, og den vil du ikkje ha i auga.
-
det set vel ein låsekasse i kvar dør, meinar eg, så problemet kan vel ligge i den skada døra. Men har du merka andre syptom? At ikkje kupelyset kjem på når du opnar ei spesiell dør, f.eks? Det kan kanskje fortelje deg kva dør som er problemet. Og ,Viss det kun er førardøra som har vore opna dei gongane bilen har låst seg, ligg sansynlegvis feilen i den døra, bilen trur døra ikkje har vore opna etter du låste opp, og låser seg igjen. Mykje å tenke på..
-
2 reimer foran motor er vel ei til dynamo, vannpumpe og div anna, og ei til servo. Så tannreima skal ikkje vere berørt her, ut i frå forklaringa. Men er slangen frå veivhusventilasjonen på plass inn på innsugsrøret til motoren? Kan kanskje ramla av ved skifte av luftfilter.Viss den er av vil det lekke olje, og kanskje du merar det på trekk og. Og evnt ein vakumslange som ikkje er på plass? Kan og ha hoppa av, er trangt rundt luftfilteret.
- 6 svar
-
- går dårlig
- oljelekkasje
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Kor står den kvite transporteren?
-
den Scania vabisen er så gammal at det ikkje var noko skog der når den blei parkert, tippar eg.
-
det billigaste er heilt klart å halde fartsgrensa, då slepp du unna bot og... Men eg har og litt vindsus i min bil, spesiellt no når det er så kaldt. Gummipakningane blir hardare, og tettar dårligare mot ruta. Ellers kan det hende at du kunne justert dørene litt, slik at pakningen der blir meir klemt.
-
frihjulslager i dynamo kanskje? Det laga stygg lyd i min bil, eg trudde og det var servopumpa som var dårlig.Blei mykje verre lyd med ein gong eg starta å svinge, verst når bilen stod i ro på tomgang. Måtte skifte heile dynamoen, fekk ikkje laust lager til min, men får det til nokon dynamoar.
-
høyrest ut som ein luftmengdemålar, då er det akkurat som om nokon sler av brytaren når du møter motbakke. Kan og vere masse andre ting, men dette er vel den mest vanlige trur eg. Det er div andre trådar på dette inne på sidene her.
-
ville sjekka om det kan vere dårlig jording på instrumentpanelet. Aldri høyrt om dette før, men med 3 feil i samme del, må det vere noko felles som gjer det, og jordinga er nok felles.
-
viss du bremsar så hardt at ABS koblar inn, ristar pedalen kraftig,og det høyrest ut som om bilen ramlar saman. Dette er noko alle burde prøve når ein kjøper bil med ABS bremser. Eg trur nok ikkje at du treng å oppsøke verkstad, men gjer det viss du er usikker. Bør jo ikkje gamble på at bremsene er i orden.
-
Berre gje full gass, så reduserast ikkje effekten så mykje. Flat pedal, då kjem du fram. Men det høyrest ikkje bra ut, alt ristar og bråkar.
-
men kven gidd å spinne lenge med framhjulstrekk? Det er jo ikkje noko å anbefale med ein passat, svake drivknutar blir ikkje bedre av spinning.
-
du har altså ein 115hk pumpedysemotor. Det har eg og, og eg får ikkje varme i denne før etter 10 min køyring. Ved kaldt vær og nedoverbakke, forsvinn varmen, kjem ned i 60 grader på motoren. Eg har skifta termostat 2 gongar, først pirat, så orginal for å prøve å få meir varme, men det hjalp ikkje. Min bil er bruktimportert, og eg har forstått at den då ikkje er bygd for nordiske forhold, manglar noko varmekolbe eller ekstravarmar eller noko slikt. Men, viss du skal skifte termostat, ligg den på motorens Venstre side, litt trangt der, men går fint egentlig. Du fin ein tjukk slange som går inn på ein plaststuss litt nede på sida der, kjem litt på skrå bakfrå/nedanfrå og går inn på plaststussen. Stussen står på eit deksel på motoren, inni der ligg termostaten. Festa med 3 skruar. Kjøp orginal termostat, då passar o-ringen best, og lettast å få det på plass at. Håpar du forstår ei litt tungvint forklaring..
-
kva motor har du? 1.9 tdi får du i mange utgåver. Og er bilen bruktimportert? Klakking i sving kan vere drivknutar, eller kanskje slitte kuler på stag i forstilling. Vanskelig å sei ut frå ei kort forklaring. Jamn klakking heile tida i sving, eller berre av og til?
-
Flexikobling mellom turbo og eksos lekker, Passat Tdi, div spørsm
emne svarte i heljo sin jensemann23 i Passat
du skriv ikkje kva motor du har, men på min 115 hk grisar EGR ventilen litt olje nedetter motoren på H.S. Å opne turboen er ein del jobb, først må du ta den ut, det går jo ganske greit, men skal du opne den, bør du varme skruane før du prøver å løyse dei. Dumt å knekke dei. Men eg trur det er meir å hente på å reingjere EGR-ventilen enn å opne turboen. Berre pass på å ikkje daukøyre bilen, så går nok turboen ei stund til. -
eg har nivå-lys på min 2000mod, men det kjem vel ikkje på når eg sler på tenninga, kun når det er for lavt nivå, meinar eg. Nokon som har sjekka med VW verkstad om veivhusfilter? eg har aldri bytta dette på min, men burde vel gjort det etter kvart viss dette er et punkt på servicene til VW.
-
har du prøvd nokon bosch verkstader? I bergen er det f.eks noko som heiter EDV som sel det meste til diesel.Sjekk ut http://WWW.EDV.NO Eller eit firma som eg meeinar heiter dieselelektro, ligg i Førde.
-
kan nok køyre utan plastikken på fangaren, men ikkje utan tverrbjelken som held fronten saman. Men det er ikkje sikkert biltilsyn og politi blir fornøgd viss du møter dei.Eg meinar å huske at den tverrbjelken har ganske skarpe hjørner, og det likar dei ikkje.
-
dette er nok frå takrails, du får løyse dei litt og lime under dei med noko godstoff, f.eks sikaflex. På min bil, 2000 mod, var fremste mutter på begge rails lause.
-
du må skru innatt stempelet bak, men det visste du kanskje?
Bilforumet diskusjon
Bilforumet er plassen du diskuterer bilrelatert innhold. Du spør gode spørsmål og får hjelp av dyktige medlemmer med til sammen tusenvis av år med erfaring fra bilhold. Du kan diskutere alt fra bremseproblemer, tips til montering av ekstralys, hjelp til feilsøking. Du kan også dele dine erfaringer med andre og hjelpe andre medlemmer av dette fantastiske samfunnet.
Kommersielt innhold
Innholdet på forumet er i all hovedsak brukergenerert og blir moderert av brukerne selv. Det er strenge regler for posting av direkte reklame fra eksterne aktører. Forumet eies av Ekstralys as og er hovedsponsor av forumet. Ekstralys og enkelte partnere har anledning å poste umoderert innhold som kan inneholde produktplasseringer. I slike tilfeller vil kommersielt innhold være merket av den som poster i dens signatur.