
heljo
Bruker-
Innholdsteller
325 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Alt skrevet av heljo
-
Det treng ikkje bli så dyrt viss du skrur sjølv, det er jo timeprisen på verkstad som tek knekken på folk. Og ny motor kan nok bli dyrt, og luftmengdemålaren set ikkje eingong på motoren viss det er den som er problemet. Den skiftar du sjølv på 5 min viss dei finn ut den er problemet!
-
eg har samme problem, står i instruksjonsboka at det skal hjelpe å ha klimaanlegget ståande på "auto", for då blir den fuktige lufta som ligg i systemet når du startar bilen, blåst ned på golvet første tida. Eg hart prøvd dette, men syntest ikkje det hjalp. Å fjerne pollenfilteret gjorde ting verre hjå meg og. Men sjekk og under golvteppet, alle plassar i bilen, etter fuktighet. Er det vatn i teppet, vil det alltid dugge. Teppet er jo nesten 10 cm tjukt, og inneheld MYKJE vatn viss bilen din lek. Snakkar av erfaring.
-
eg trur dette kjem an på om du har lyktespyling eller ikkje, eg har ca 3 liters tank på mi stasjonsvogn, uten lyktespylarar. Det må sikkert vere større tank viss lyktespyling finns.
-
At tomgangen din er 1250 o/min, kan vere ein tempraturfølar på kjølevæska som ordnar. Eg hadde samme problem, enkel sak å skifte når ein veit kor den er. Men det er sikkert ein fordel å få ein diagnose først, snap drive fann det på feilsøkingsutstyret sitt. At den går dårlig kan vere defekt luftmengdemålar, vakuumslangar som lek, variabel eksosdel i turbo som er sota og ikkje bevegar seg godt nok/fort nok. Dette er "gjenngangarfeil" på desse bilane. Eg veit og om ein 115 hk med dårlig matepumpe på diesel, men den fjuska kun rundt 2000 o/min, men kom sterkt igjen på høgre turtal.
-
motoren går ikkje som den skal :(
emne svarte i heljo sin Apexy i Transporter / Caravelle / Multivan
Desse bilane slit litt med styreenheten på motoren, og eg meinar dette er eit av symptoma på at den er defekt. Men det er nokre år sidan eg jobba med slik bil nå, så ikkje heng meg om eg huskar feil.. Nokon som kan bekrefte dette? -
biltema har denne delen i sitt utvalg, og den er nok sikkert laga av bosch den og. Den er ein del billigare enn orginalt, og levetida kan ikkje vere noko serleg dårligare enn orginaldelen.
-
du får skru av eksosanlegget og ta deg ein tur uten, viss du har ein bakke lett tilgjengelig. Eg ville nemlig ikkje køyrt veldig langt uten eksosen, det kan bli litt varmt rundt turboen.
-
Flott! Tungt verktøy har eg tilgang til... 2000 NM er største momentnøkkel.. Hehe. Då er det berre å kjøpe deler. Takk for hjelpa.
-
Om det ikkje var heilt tett mellom turbo og manifoil skulle du uansett fått bedre ladetrykk enn med defekt turbo. Smurte du den nye turboen din før montering, med litt olje i tur eller retur rør for olje? ellers kan du lett tatt knekken på ein ny turbo... Ellers vil eg tru at det må vere noko vakum som manglar ein plass. Eg har dieselmotor, men eg blas i alle vakumslangane eg fann i motorrommet, når motoren ikkje gjekk, og tilslutt høyrde eg lekkasje under reimhjulet på veiva. Min bil fjuska på trekk, men eg veit jo ikkje korleis systemet på din motor er.
-
Og eg treng ikkje noko spesial verktøy, håpar eg? Blir vasspumpa dreven av registerreima, slik at eg bør bytte den samtidig?
-
Men passaten min rustar heldigvis ikkje vekk slik som mercedes, BMW, Mazda, toyota, osv, av nyare årgang enn min 2000mod! Takk og pris for det!
-
Eg har samme problem, importert bil som ikkje er tilpassa norske forhold, ingen ekstravarmar. Kan ha 90 grader på motoren, og viss bilen står på tomgang i 10 min, er tempraturen 60 grader, og omtrent kald luft i varmeapparatet. 2000 mod 1,9 tdi. Har skifta termostat 2 gongar, uorginal første gong og trudde det var problemet, men nei! Trur nesten berre det er sånn på desse, brukar for lite diesel til å varme opp kjølevatn på tomgang.
-
er det 115 hk du har? Og korleis var isåfall jobben? min er tungstarta i kulda..
-
Er det nokon som har skifta registerreim på caravelle med 2,4 dieselmotor? Eg lurer på om det er noko spesiellt å ta hensyn til, eller om det er ein grei jobb? Om eg må demontere halve bilen for å komme til f.eks?
-
fant ut litt meir i går, med litt hjelp av den linken Slitenvolvo la ut her tidlegare.Kunne eliminere vekk diverse feil ettersom problema har blitt sjekka ut av saken ved tidlegare anledningar. Bilen varierar no på tomgang når den først startar, og då har kjølevæsketemp.givaren ein finger med i spelet, trur eg. Mens problemet var der, sjekka eg gnist, og tok ut blinkkodar. Gnist var ok, og blinkkodane sa "adaptiv lambda, fet eller mager blanding" , sånn ca ordrett. Skal prøve med ny temp.givar når delen kjem. Trur etter kvart det må vere problemet. Bensinpumpa går når vi kinnar, straum er det i massevis, og god gnist. Sjekka og ledningane til bensinpumpa for å vere sikker på at det ikkje var delvis brudd i ledning, og dermed periodisk dårlig straumforsyning der.
-
Litt meir info, håpar på hjelp. No har bilen fungert lenge, etter at vi skifta bensinpumpe-releet. Trudde vi hadde gjort ein god jobb. Vi har og skifta bensinfilteret under bilen, og ein dårlig bensinslange frå pumpa og opp på motoren. Men i dag startar den ikkje igjen, har stått ein time og venta, og fortsatt ikkje liv. Nokon som veit meir?
-
Det er innsprøytning på denne, er vel noko kaldstartdyse eller lignande. Er ikkje veldig sterk på bensinsystemet. Men det med for mykje bensin er utelukka trur eg, for det er et fett om eg gjer full gass eller ingen gass, det er ingen antydning til liv uansett.
-
Eg slit med ein 740 som ikkje vil starte når den er varm. Dette er svigers sin bil, så eg prøver å forklare så godt eg kan. Motor B23F, (meinar eg) innsprutning, 1990 mod USA utgave. Viss bilen blir stoppa når den er varm, og står 15 min, er det umulig å få start igjen, startaren går, masse straum, men null respons. Har ikkje fått sjekka om det er gnist, men for meg virkar det som om det er det som manglar. Bilen går heilt fint når den startar, og når den er kald startar den heilt fint. Er det noko på tenningssystemet som er gjenngangar feil? Fann noko om hallgivar og tenningsmodul på nokre andre innlegg. Korleis kan eg sjekke desse? Pluggar, kablar, rotor og fordelarlokk er ca 2 mnd gammalt. Håpar på hjelp, dyrt med verkstadsbesøk!
-
Reknar med denne stod på et huggeri på setermoen, var der i 97 i militæret, og det stod masse gamle bilar inne og ute der. Hadde desverre ikkje kameraet med den gong.
Bilforumet diskusjon
Bilforumet er plassen du diskuterer bilrelatert innhold. Du spør gode spørsmål og får hjelp av dyktige medlemmer med til sammen tusenvis av år med erfaring fra bilhold. Du kan diskutere alt fra bremseproblemer, tips til montering av ekstralys, hjelp til feilsøking. Du kan også dele dine erfaringer med andre og hjelpe andre medlemmer av dette fantastiske samfunnet.
Kommersielt innhold
Innholdet på forumet er i all hovedsak brukergenerert og blir moderert av brukerne selv. Det er strenge regler for posting av direkte reklame fra eksterne aktører. Forumet eies av Ekstralys as og er hovedsponsor av forumet. Ekstralys og enkelte partnere har anledning å poste umoderert innhold som kan inneholde produktplasseringer. I slike tilfeller vil kommersielt innhold være merket av den som poster i dens signatur.