
heljo
Bruker-
Innholdsteller
325 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Alt skrevet av heljo
-
ny eller brukt turbo?
-
har nokon greie på handbrems på 2002 mod? Heng på høgre hjul, må banke den laus. Har herja med armen, hatt den av og prøvd å smørje og jobbe med det, men hjalp ikkje. Kan eg vippe av tetninga på akslingen utan at det lek bremsevæske? Eller kan eg kjøpe rerasjonssett til dette? Fryktar jo at eg endar opp med ein ny kaliper, men har ikkje lyst til det...
-
er det sånn at det er skrue inni invendige dørhandtaket, og resten berre klips?
-
passat 2008 mod. Det er ingen motstand i handtaket når du dreg i det, men døra kan opnast innanfrå som før. Er det eit stag som kan ramla av, eller wire som har slitna? Og korleis tek eg av dørtrekket? Ca likt som på 2000 mod?
-
eg har hatt samme opplevelse med min bil, men den er noko eldre. 2000 mod, 1,9 tdi. Den gjekk i nød kvar gong eg passerte Matre på E39 nord for bergen. Der er det bratte tunnelar på begge sider av bygda, bilen gjekk fint til eg starta på bakkane oppatt. På min bil var det luftmassemålaren som var problemet, den tålte tydelegvis ikkje at eg køyrte ned bratte tunnelar, og rett på stigning i tunnel igjen med ein gong.
-
kan vere reklamasjon, men spørst jo kor mykje garanti du fekk når du kjøpte den. Eg er litt overraska over dei som har tatt hjulstillingskontrollen, dei burde funne desse feila. Ser ut som eit endeledd som slarkar på videoen, men kan ikkje vere heilt sikker sjølvsagt. Men, blei spissinga justert? Den ligg jo utanfor toleranse både framme og bak, og viss den er justert no med slark, blir det feil igjen når du får ordna feilen..
-
tok av innsugsmanifoil når eg skulle bytte servopumpe, og der var det mykje drit! manifoilen er halvfull i oljeholdig sot, dette strupar jammen godt! Har skrapa gotd reint, og blåst med trykkluft. Hjalp godt på trekkrafta, men eg fekk jo ikkje ut alt. Og så virkar det som fjuskinga blei verre igjen etter eg hadde av manifoilen, kan ein utett innsugspakning gje lugging??
-
Bytta servopumpe, servoolje og vasspumpe i dag, og problemet er løyst. Virkar som vasspumpa tok livet av servopumpa, har nok leke litt kjølevæske ein månad tippar eg, for eg har kjent lukta av kjølevatn framme i motorrom, men ikkje sett noko lekkasje.
-
nei, servopumpa er ikkje vasskjølt. Servopumpa her reimhjul, kjem reim frå kam. akslingen går gjennom servopumpa, og på baksida er det innvendig splines som tydelegvis driv vasspumpa. Trur det er slik på tddi og tdci motoren, etter det eg har klart å finne ut. Men nokon som har fasiten på kor mykje eg bør byte ut her??
-
Kor er termostaten på ein 2,0 tddi, 2002 mod? Ligg den i vasspumpehuset? eg må sikkert byte vasspumpe, men ser på meca at du får to typar, med og utan hus. Og då lurer eg på om termostaten er inni den som er med hus..?
-
nytt problem! kjente på servopumpa, og fann ut at lageret luggar. skaffa ei brukt pumpe, og skrudde av den gamle. då kom det kjølevæske ut bak servopumpa, og då er det vel vasspumpa som er defekt? lageret i servopumpa virkar heilt ok no når den er tatt av. er det nokon som veit om det no er nok å bytte vasspumpe, og levere innatt servopumpa?
-
min passat har susa idei 10 åra eg har hatt den. Eg fyllte litt gass på AC for 5 år sidan, men det blei ikkje forskjell. Så eg har slått meg til ro med at det berre er slik..
-
kan det skumme så mykje at det renn ut av behaldaren? kjem ut med loket.
-
I dag kom det ein hylelyd i bilen, mondeo 2002 mod, 2,0 tddi, når eg køyrer i sving. Rekna med det var lite servoolje,skulle peile den, og fann då ut at servoen skummar over på behaldaren. Nokon som veit kva som feilar den då? Virkar som noko produserar luft i olja, er det noko vanlege problem med dette, servopumpe f.eks?
-
no er EGR ventilen blokkert, bilen dreg bedre mellom 1750 og 2000 o/min, og fjuskinga er så godt som vekk! Takk for hjelpa, mondeo!!
-
nytt spørsmål: Er det variabel turbo på denne motoren??
-
:thumbkjekt at du legg inn svaret og, blir kjekkare å lese her inne då! :thumb
-
kanskje det ikkje er sikring, men at comfortstyreenheten har automatsikring innebygd? Litt for ny VW til at eg egentlig veit noko om det, men veit andre merker kan gjere det på lignande måter.
-
Den likte eg, mondeo!! Eg har blokkert EGR på passaten min, og har lurt på om eg kunne gjere det på denne og. Då skal det ordnast ganske fort trur eg. I går køyrte eg bilen til jobb, ca 5 mil, utan fjusking. Eg fann ut at vi har feilsøkingutstyr på jobb, og tok diagnose i går. Ingen feilkodar, og bilen gjekk skikkelig heile tida mens eg feilsøkte. Sjølvsagt kom feilen tilbake etter 3 mil på heimveien. Men eg fann ein ting eg lurer på, tomgangdrivstoffjustering på sylinder 1 står på 0 mg/cycle heile tida, på dei tre andre sylindrane forandrar det seg opp og ned på tomgang og ved høgre tomgang. Skal det vere slik? Går sylinder 2-4 ut frå verdien på sylinder 1 og regulerar deretter? Einaste feilen eg fekk fram i går var når eg prøver å halde turtal på 1750 o/min, økar turtalet til 1900, dett nedatt, økar igjen osv... Men ingen verdiar på dataen forandra seg noko serleg. Nokon som har forklaring på det? Skal det vere slik?
-
lurer litt på egr/ eksos tull, for det høyrest ut som det er hol i eksos, og når lugginga kjem, forandrar motorlyden seg mykje, bråkar meir. Har nokon ein link til sånn diagnosekabel? Har aldri blitt god på å finne rett ting på E-bay.
-
merka ny feil i helga, bilen gav gass av seg sjølv etter giring frå 2.gir til 3.gir, skulle jo gje gass, men eg likar å styre det sjølv.. bilen luggar litt under normal køyring, synest nesten eg merka at det lugga kvar gong det var ein hump i vegen ved køyring i motbakke..? Lurer litt på om innmaten i katalysatoren kan ligge laus og skape lugginga, men det stemmer jo ikkje med at bilen gjer gass sjølv. TIPS? Den ryk forresten godt svart ved god akselerasjon, og ved start..
-
115 hk, jobbar med ein med samme bil, den livnar til ved 1750 o/min seier han, og han synest bilen hans dreg greit på lavare turtal og. Det gjer ikkje min!
-
Har nettopp kjøpt ein 2002 2.0 tddi, km 175000. Bilen rykka litt på pådrag, har bytta eine slangen på dieselfilteret pga lekkasje, så det blei bedre. Men bilen er lat til 2000 o/min, då livnar den til og er sprek. Skal det vere slik? I tillegg er eg litt usikker på ein anna ting, viss eg køyrer roleg og slepp gassen, virkar det av og til som den gjer litt gass før den går ned på turtal. Og viss eg prøver å halde den på 1800 o/min når bilen står i ro, ligg den og økar til 1900, nedatt til 1800 og oppat osv.. Bør jo ta ein diagnose, men bur litt usentralt til i forhold til verkstad. Nokon tips? Vakumslangar eller elektriske duppedittar??
-
Slark i hjullager kanskje? Burde vel vore oppedaga på service, men kan på kompaktlager av og til vere vanskelig å finne utan å bruke litt makt med ein spake. og mondeo har vel kompaktlager bak?
-
gammal tråd, men kva var egentlig problemet her? Kjekt å vete!
Bilforumet diskusjon
Bilforumet er plassen du diskuterer bilrelatert innhold. Du spør gode spørsmål og får hjelp av dyktige medlemmer med til sammen tusenvis av år med erfaring fra bilhold. Du kan diskutere alt fra bremseproblemer, tips til montering av ekstralys, hjelp til feilsøking. Du kan også dele dine erfaringer med andre og hjelpe andre medlemmer av dette fantastiske samfunnet.
Kommersielt innhold
Innholdet på forumet er i all hovedsak brukergenerert og blir moderert av brukerne selv. Det er strenge regler for posting av direkte reklame fra eksterne aktører. Forumet eies av Ekstralys as og er hovedsponsor av forumet. Ekstralys og enkelte partnere har anledning å poste umoderert innhold som kan inneholde produktplasseringer. I slike tilfeller vil kommersielt innhold være merket av den som poster i dens signatur.