
heljo
Bruker-
Innholdsteller
325 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Alt skrevet av heljo
-
Eg tenkte ikkje på radiatorslangar der vatnet går, eg tenkte på vakumslangar som styrer f.eks egr-ventil, variabel turbo osv. Men eg veit ikkje kor mykje slikt du har på din motor, er mange utgåvar av 1,9tdi.
-
Nei, det er dei yttre, det er lett å sjå. Har ikkje justert forstillinga, men eg målte nøye opp før eg bytta endeledda, så det er ganske bra på plass igjen der det var. Men no får eg to nye endeledd igjen, av bedre kvalitet, så trur eg det ordnar seg. Og då kan eg stille spissinga og.
-
Eg har skifta begge ytre endeledd på min 2000 mod stasjonsvogn, og bilen blei heilt forferdelig å køyre.Eg bytta alle stag i forstillinga samtidig, og etterpå virka det som om hjula gjekk i den retning dei vil, akuratt som om noko var laust.( Bilen var mykje bedre å køyre med 1 dårlig endeledd og dårlige kuler på begge øvre bærearmar på H.side) Eg fann ut at dei nye endeledda slarka, men ikkje i kulene. Det er ca 5 mm aksialslark mellom kuledelen og gjengestanga som går inn i tannstanga, desse delene er vulkanisert saman, og der er slarken. Eg kontakta firma som seldte delene, fekk to nye endeledd, og har bytta 1 i dag. Det er samme slark der og.. So eg lurer, er det nokon som har ein bil med gode endeledd, som kunne sjekka kor mykje slark det er der? På dei ledda eg tok av, som var gått minst 214000km, trur eg ikkje det var bevegelse som var merkbar. Men på dei nye ser eg at det virkelig bevegar seg når nokon vrir litt på rattet for meg.
-
kan komme ut med armen til handbrekk, har opplevd 2 gongar på sharan. Lak kun når handbrekk stod på. Eg bytta kaliper, men det er mulig du kan bytte ein o-ring? Biltema har kaliper til 699kr, meinar eg.
-
Eg ville sjekka diameteren på innerbana, på min 2000mod er diameteren ulik på dei to innerbanene i lageret, viktig å presse det rett vei i lagerhuset då!
-
Det er eit strammehjul på kvar flatreim i motorrommet, inni desse hjula er det lager som kan lage lyd. Mest truleg er det hjulet på reima til servopumpa, sidan lyden blir verre når du svingar på rattet. Men, det kan og vere dynamo, servopumpe, eller andre ting... Viss ikkje du har skrudd mykje, kan det vere litt trangt å "knotete" å komme til å sjekke dei, reima må av så du får snurra på lageret.
-
sjekk strammehjul på reimene dine, dei kan lage lyd.
-
Eg ville tippe på dieselproblem, turbotrykket dett med ein gong dieseltilførselen får problem. Men diagnose er nok rett startplass.
-
eg har raud/brun på min passat 2000mod. Men eg høyrte på VW verkstad at audi S4 (ca sein 90-tal)MÅ ha grøn, måtte ikkje bruke noko anna der, så då er vel ikkje kvalitet på raud og grøn blandbar..?
-
Er du sikker opelduude? Eg ville ikkje blanda dei to fargane, det er ein grunn til fargeforskjellen, at ikkje ein skalta feil olje. Og forresten, marsipangris, du har vel ikkje kjøpt olje til hydraulikk på citroen? Den er grøn, og må ikkje blandast med noko anna.
-
Madura2, eg vil ikkje ødelegge tråden din her, men eg må berre spørje deg TL3518 om det er ein stillmotor som er defekt hos meg.. Det kjem nesten ingen luft ut av dysene i dashbordet, borte med dørene, dei som skal blåse opp på siderutene. Og viss det er den/dei som er defekt, korleis er det å komme til å bytte den? Det blas mykje meir der tidlegare, og pollenfilteret er nytt.
-
eg reknar med du har peilepinne på girkassa di. Du skal sikkert peile olja med varm motor, og mens bilen går. Dette står det sikkert litt om i instruksjonsboka di. Du bør sjekke, automatkassar likar ikkje å leve med feil nivå, verken for lite eller for mykje. Viss røra du hadde av var kona i enden, treng du ikkje bytte noko der, men viss det var tetningsbrikker i aluminium, kopar, eller slike med gummiring i, burde du bytta dei. Men du kan sjølvsagt berre vaske godt reint, og sjekke om det lek i tida framover. Er det tett, er det ikkje noko problem.
-
eg brukar ei vasspumpetang til å skru stempelet med,men eg må av og til sette på ei tvinge for å presse stempelet inn mens eg skrur. Dette er jo ingen fullgod løysing, spesialverktøy er nok mykje bedre. Det skal ikkje vere tungt å skru inn stempela. Du har vel ikkje parkbremsa på, reknar eg med, for då hadde du nok ikkje fått av kaliperen. Men viss du må ha nye kaliperar, kan eg sei at biltema sine faktisk virkar bra, eg har brukt det på 2 VW, siste 2 år. Veit jo ikkje kor lang levetid dei har, men dei er billige.
-
Eg kjøpte bremseklossar bak på min passat på biltema, men dei blir ikkje der lenge. Eg var veldig usikker på om det var lurt å kjøpe bremsedeler der, og no veit eg svaret. Bremseeffekten er kraftig redusert, eg får bra friksjon viss eg varmar klossane litt med å køyre med handbrekken på først, men det er jo ikkje sånn bremsene skal virke.
-
Sjekk vakumslange til klokke på turbo..
-
Då beklagar eg, men som eg skreiv, viss det er likt som min sharan, er det fort gjort.. Og dei er tydelegvis ganske ulike.
-
den der delen byttar du lett sjølv, viss det er likt som sharan. 3 skruar og ein ledning på min bil, meinar eg.
-
uten at eg veit heilt korleis 100hk motoren ser ut, vil eg anbefale å sjekke eventuelle vakuumslangar til turbo. På min 115 hk har eg eit veldig lite turtalsområde med god effekt viss slangen til turboen hoppar av. Men om du har variabel eksosdel på turbo er eg usikker på.
-
sjå der ja, det bør ikkje bli så vanskelig. Vasspumpa står vel inni der og, kanskje? Då bør eg vel vurdere den og.
-
Er dette en "enkel" sak, eller er det trangt og vanskelig å komme til?
-
Og det blir vel dårlegare levetid på kuler og foringar viss bilen er senka og/eller har breiare dekk enn orginalt. Dei 100000 km eg har fått ut av mi forstilling frå norsk bildelsenter, er køyrt på dårlege vestlandsvegar, så eg vil skryte litt av desse delene.
-
eg har køyrt ca 100000 med deler frå norsk bildelesenter, så det er vel like godt som orginalt kanskje..
-
nokon som er blitt meir klok på dette? har samme problem no.
Bilforumet diskusjon
Bilforumet er plassen du diskuterer bilrelatert innhold. Du spør gode spørsmål og får hjelp av dyktige medlemmer med til sammen tusenvis av år med erfaring fra bilhold. Du kan diskutere alt fra bremseproblemer, tips til montering av ekstralys, hjelp til feilsøking. Du kan også dele dine erfaringer med andre og hjelpe andre medlemmer av dette fantastiske samfunnet.
Kommersielt innhold
Innholdet på forumet er i all hovedsak brukergenerert og blir moderert av brukerne selv. Det er strenge regler for posting av direkte reklame fra eksterne aktører. Forumet eies av Ekstralys as og er hovedsponsor av forumet. Ekstralys og enkelte partnere har anledning å poste umoderert innhold som kan inneholde produktplasseringer. I slike tilfeller vil kommersielt innhold være merket av den som poster i dens signatur.