
heljo
Bruker-
Innholdsteller
325 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Alt skrevet av heljo
-
fann du ut noko? Eg slit med ein som ikkje vil starte når det regnar ute, og den ikkje har vore brukt på nokre dagar. Eg såg i kveld at det gnistar rundt 1 skrue på eine coilen, trur det kan vere eit problem, men eg trur kanskje det er meir feil..
-
det kan vere motoren som har hengt seg opp, er mykje plastikk inni den. Eg tok ut min og smurte den opp, virka ei stund og så kom problemet att. Då bytta eg den trur den kosta rundt 400 kr, og har ikkje hatt problem etterpå, ca 4 år no.
-
viss alle 4 vindua slutta å virke samtidig, er ikkje feilen inni dørene, då er det ein felles feil ein plass, og mest truleg er det i eller i nærheten av comfortenheten, vil eg tru.
-
einaste måten å stoppe den på, er å hindre lufttilførselen. Ellers må du berre la den gå til all olja er brent opp.
-
Det kan nok vere turboen, ventilen prøver å styre wg, og når ikkje styreenheten får dei tilbakemeldingane den vil ha, legg den ut feilkode på ventilen. Men eg var borti ein golf tdi ein gong, trur det var ein 90hk, og den hadde ein slags einveis-ventil på vakumslangen til n75, og når den fjuska blei det problem. Eg veit ikkje om du kan ha ein slik? Ein liten, rund, plastikkdings som var midt på slangen på torpedoveggen.
-
ta den ut og vask den, så har du ein bil med super patina! Og når motor og bremser er ordna, er du klar for crusing. Burde egentlig berre vaska vindua, og beholdt fugleskiten. ;)
-
Har kun erfaring med delelager i drotningsvik og nesttun, men ut i frå mine opplevelsar der, bør du velge nesttun! Viss resten av systemet i drotningsvik er slik som delelageret, møter du truleg veggen. Men du kan jo ha flaks!
-
eg har problem med staget på viskaroverføringa på høgre sida. Det hoppa av kula, så eg kjøpte nytt stag. Det er eit ca 1 år sidan, og no hoppa staget av igjen. Møller seier eg ikkje får kjøpt laus kule, nokon som har tips til ein billig reprasjon? Kula er jo festa med mutter, så den burde det vere mulig å bytte, men kor finn eg ei ny??
-
Har du målt hestane, eller er det det du er blitt fortalt? Var voldsom oppgradering, øka med 30%! Vanleg resultat på chip er vel økning på 10-15%, meinar eg.
-
Det bildet der må jo vere innsugsmanifoil, ikkje eksos??
-
Eg har ein slik, den runda nettopp 329000 på km.teljaren. Eg har ikkje hatt dei heilt store problema med bilen, motor og gir virkar som det skal. Skiftar olje og filter på motor kvar 15000, og olje på girkasse kvar 90000, og eg håpar eg har bil nokre år til. Har hatt den i 8 år, køyrt den 190000km. Så eg er positiv til bilen, men kanskje andre som meinar noko anna..
-
kor fort sig den i golvet når motoren går? Pedalen sig sakte inn på min bil og, 2000mod 1,9tdi. Men det er viss eg held bra kraftig trykk på pedalen. Går vel kanskje 7-8 sekund før den er heilt inne. Dette har vore slik på min bil lenge, eg har og lurt på om det egentlig skal vere slik. Men eg er av den enkle sorten når det gjeld bil, eg gidd ikkje å skru før eg må! Så eg har ikkje lagt ned tid og pengar i det.
-
Den må jo då brenne opp olja, viss ikkje det lek eller kjem i kjølevæska. Dei hakka kan jo kanskje vere laga av ein stempelring? Sjekka du at du ikkje hadde skader i sylinderen der det var hakk i stempelet?
-
Eg ville sjekka om det finns justering på injektorane, feiljustert injektor kan skape høgt forbruk, men eg har ikkje greie på vw sine injektorar. Og er registeret rett innstilt, eller er det mulig å køyre med det 1 tann feil? Sikkert nokon som kan svare på dette. Men dei som bytta toppen, bør jo kanskje sjekke litt opp i dette, viss du brukte eit seriøst verkstad.
- 1 svar
-
- dieselfilter
- drivstoffforbruk
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
1,9 tdi, 115hk, 2000mod. 0,55 på normal/småhissig langkøyring på vestlandet. 0,78 på langtur med campingvogn, sogn-troms.
-
Skifte luftfilter oftare enn motorolje? Eg skifta tidlegare luftfilter kvar 30000, altso annakvart oljeskift, men fann ut at filteret aldri var spesiellt støvete, derfor øka eg til enten ca 60000. Sjekkar det kanske på 45000.
-
sjekk om du har lekkasje på spylarvæska til bakruta. Det hadde eg, spylarvæska rann ned i den motoren der, og tørka den ut. Eg opna den og smurte den oppatt, då virka det igjen. Og så må du då eventuellt ordne lekkasjen, ellers kjem problemet att med ein gong. På min lak det ut med akslingen som viskararmen står på, væska går i eit rør inne i akslingen. Låsen utvendig rensar du slik som du har start, berre pøs på med WD-40, og blås reint. Eg pirka inni med eit tynt skrujern og for å få ut all driten som var på min bil, eg fekk ikkje nøkkelen innom kanten på låsen i starten.
-
skift vasspumpe samtidig som reg.reim. Dieselfilter anbefalar eg kvar høst, men trur intervall er ganske lang. Kupefilter tek eg kvar 15.000, luftfilter har blitt kvar 60.000. Ac fyller du når det ikkje kjøler bra :) Akslingane dine har ikkje olje. Dette er kun tatt ut frå mine tankar, sikkert andre som meinar noko anna. Det står muligens i serviceheftet kva intervall ting har og.
-
og bytt pakningen under boksen til pollenfilteret, den er nok ikkje heil lenger.
-
eg veit ikkje kva ein legekontakt er, men har du bytta noko pære før problemet kom? Kan du ha fått i ei 1-pola pære der det skal være 2-pola? eller motsatt? Eller overslag i ei pære, slik at når lyset står på, lyser bremselyset og?
-
No treng eg litt meir hjelp. Eg finn ikkje noko boks under framseta, er det berre eg som ikkje leitar godt nok? Kva sete skal den ligge under i 99, og det er nok å ta opp matta bak setet, ikkje noko framfor det? Men eg fann kanskje ein feil, sentrallåsen slutta å virke på venstre bakdør, og der er det diverse ledningsbrudd. Håpar ting roar seg når eg får lappa dei saman.
-
det er ikkje sikkert klossane er utslitt, men ting kan sette seg fast, og då blir bremsene dårligare. Det mest vanlige er at klossane bak rustar fast i holdaren dei står i, då blir det lite beveglse, og lite bremseeffekt. Ganske enkelt å ordne på dei fleste bilar, ta ut klossane, puss reint, smør med koparpasta eller noko slikt, og monter igjen.
-
Då melder eg pass, har aldri jobba med takluke.
-
skal sjekke det ein dag, må berre få ut eit barnesete. I dag dukka eine problemet oppatt. Eg hadde køyrt eit stykke, og skulle nett ut av bilen ein tur. Nøkkelen stod i tenninga, og i det eg smelte att døra på førarsida, blei det full lyd i radioen. Så det er nok ein sammenheng mellom dør og radio!
Bilforumet diskusjon
Bilforumet er plassen du diskuterer bilrelatert innhold. Du spør gode spørsmål og får hjelp av dyktige medlemmer med til sammen tusenvis av år med erfaring fra bilhold. Du kan diskutere alt fra bremseproblemer, tips til montering av ekstralys, hjelp til feilsøking. Du kan også dele dine erfaringer med andre og hjelpe andre medlemmer av dette fantastiske samfunnet.
Kommersielt innhold
Innholdet på forumet er i all hovedsak brukergenerert og blir moderert av brukerne selv. Det er strenge regler for posting av direkte reklame fra eksterne aktører. Forumet eies av Ekstralys as og er hovedsponsor av forumet. Ekstralys og enkelte partnere har anledning å poste umoderert innhold som kan inneholde produktplasseringer. I slike tilfeller vil kommersielt innhold være merket av den som poster i dens signatur.