Gå til innhold

heljo

Bruker
  • Innholdsteller

    325
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av heljo

  1. har du takrails? Då kan du sjekke om dei er lause, ligg pakning mellom dei og taket, så der kan det komme inn vatn og.
  2. Har denne bilen dieselpumpe? Eg TRUR den er så ny at den må ha injektorar? Eg tenker berre at viss den ikkje har dieselpumpe, kan Ulrik stryke det sjekkpunktet. Men uansett, heilt enig med Quatroen, ikkje start den fleire gongar!
  3. kva kosta apparatet? Var det med feilkode liste, slik at du veit litt meir om kva kodene fortel? Den med intake manifold pressure kan vel komme frå litt av kvart, seier jo kun at det er feil trykk i innsuget.
  4. blir det kondens, eller er det nokon plassar det pleier å komme inn vatn? Har ikkje sjekka bilen enno, så eg veit ikkje korleis det ser ut her.
  5. 1999 mod, 1,9tdi, 110hk. 2wd. Ledningane på bakluka har eg ordna tidlegare, men kan jo vere nok der likevel sjølvsagt. Det mest spesielle er jo at problema kom i løpet av 4 timar, og etterpå har alt vore ok.
  6. fekk div elektriske problem i dag, virkar som det er ein sammenheng i dei, men kva?? Dei forsvant av seg sjølv, slik at når ein ting blei i orden, kom neste problem neste gong ein starta, eller stoppa bilen. problem 1: Kupelysa kom på først når tenninga blei slått på, då skal dei jo gå av! problem 2: Radioen kom ikkje på. MEN, den kom på 15 sekund etter at nøkkelen var tatt ut av tenningslåsen. Måtte starte og stoppe bilen for å få radioen av. Er kobla over tenningslås, går normalt av når nøkkelen blir tatt ut. problem 3: Vindusviskarane lever sitt eige liv. Går med heilt tilfeldig intervall. Kan alt dette komme frå den kontakten som set på tenningslåsen? Nokon med erfaring? Alle feila er vekke no, men eg reknar med dei kjem att når det ikkje passar!
  7. Og den var velbegrunna, flatpedal! Enklaste er å ta diagnose, men det fortel heller aldri problemet. Eg ville starta med luftmengdemålar, det er eit velkjent problem.
  8. Veit ikkje kva kule ein skal starte med å sjekke, men endeledd er kanskje mitt beste tips. Men, eg las spørsmålet ditt i første tråd igjen, og du har vibrasjon i bremsepedalen skriv du. Då er det etter mi meining kun ein plass feilen kan vere, og det er i skivene. Ta dei av att, puss nava heilt reine, og vask godt! Ein liten rustflekk kan lage mykje problem med bremseristing. Viss problemet hadde lagt i eit ledd eller foring, skulle kun rattet rista. Det som skjer når pedalen ristar, er at skiva skubbar klossane vekk på eit punkt, og bremsevæska blir pressa tilbake i behaldaren. Då blir pedalen pressa litt opp og. Kanskje unødvendig forklaring, men men..
  9. har du mulighet til å måle kastet i skivene med eit måleur, er det beste løysinga. Då kan du finne ut om det er skiver, eller om du må leite vidare i kuler og foringar.
  10. å køyre med bilen i nødmodus, eller berre daffe rundt på lavt turtal, er ikkje bra! Eg gjorde dette når luftmengdemålaren rauk, og eg enda opp med å sote ned turboen, og måtte bytte den. Men du har muligens ikkje variabel eksos i turboen, då er det kanskje ikkje så stort problem trur eg.
  11. lage ny sjølv? Eller ordne den som er der med nye kabelsko?
  12. Kva seter kan eg putte inn framme i ein sharan frå 99? Dei som står der er jo akkurat som kirkebenkar, totalt utan sidestøtte, og harde som stein. Håpar nokon har ein god ide om noko som passar rett inn.
  13. flyttar du intercooleren nermare motoren, kjem den i ei varmere sone, den får dårligare kjøling, og då får du mindre effekt. Så eg trur du har beste løysninga slik det er no.
  14. heljo

    Bytte dynamo.

    Vifta er enkel å løyse, kun festa i senter, men eg meinar den er lings-gjenga. Eit godt rykk med nøkkelen, so slepp den vel.
  15. Har røska ut tepper og hanskerom eg og, her var røret ope, eg tok av plast-trakta, og fyllte vatn i holet i golvet. Det gjekk rett gjennom. Problemet på min bil låg oppe i boksen som radiatorane står i, eg tok trykkluft og blas inn i utløpet der, det tynne røret, og etterpå kom det sikkert ut ein god liter med vatn. Lurer på kva som holdt det igjen oppi der!! Men, eg er så "heldig" at eg har lekkasje på varmeapparatradiator, så eg finn vel noko lauv eller liknande når eg snart må bytte den.
  16. Som eg skreiv, det er vanskelig å stille diagnose ut frå bilder. Men dette er jo kjekt å vete om!
  17. Turalet dett litt når ac sler inn, men turtalet skal ikkje hoppe opp og ned. Meir kan eg dessverre ikkje hjelpe til med, men legg gjerne inn løysninga når du har funne ut av det.
  18. Ja, kjem ingenting under bilen, og før kom det mykje. Så eg må berre finne den ein dag eg får tid.
  19. Skal ikkje svartmale dette, men det ser ut som om turboen din er litt dårlig, slik at det går olje i intercooleren. Då er det iallfall ingen andre ting enn ny turbo som løyser problemet. Men, vanskelig å stille total diagnose ut frå eit bilde.
  20. nei, det var første plass eg sjekka. Tok opp boksen under pollenfilter og tetta ekstra og, men det kjem inn vatn likevel. Eg blei våt på føtene ein dag eg køyrte, og det virka som om det vatnet kom ut luftdysene under midtkonsollen, på førarsida.
  21. Eg lurer på kor dreneringa frå ac-radiatoren inne i bilen skal komme ut. Bilen min er blaut inni, eg finn ingen lekkasje, og det blir ikkje vått under bilen når ac er i bruk, eller etterpå, slik det blei tidlegare. Lurer på om det kan vere så enkelt at eg må blåse rein dreneringa, men finn den ikkje. Nokon tips? Bilen er 2000 mod stasjonsvogn.
  22. Og instruksjosbok får du kjøpt på VW, ikkje dyr, faktisk!
  23. Blir det flekkar under den når den står parkert? Det der såg ikkje ut som ein stor lekkasje, meir svetting vil eg kalle det. Og det der er vel givaren for lavt oljenivå, muligens pakning på den som ikkje er heilt tett. Viss ikkje det viser flekkar etter bilen, brukar den nok opp olja. Kor mykje olje brukar den? Og kor langt har du køyrt sidan siste oljeskift?
  24. Min passat runda 320000 i dag, og sjølvsagt finns det ting som burde vore ordna viss eg skulle hatt ein "strøken" bil, men den virkar slik den er. Eg tenker slik: Kor mange gongar har bilen svikta deg? Eg har hatt min i over 8 år, det er ein 2000 mod, og eg har køyrt den 180000 på desse åra. Den har svikta meg ein morgon på desse åra, og det var batteriet som tok kveld. Eg fekk skubba den i gong, og kom meg på jobb. Så eg meinar du må behalde den, viss du har ein bil som startar og går kvar dag, og du er avhengig av det. Alle bilar har feil og manglar, så enkelt er det.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår