
heljo
Bruker-
Innholdsteller
325 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Alt skrevet av heljo
-
Eg vil tru det set i motorrommet, heilt oppe under/bakom frontruta på passasjersida. Set der på 99 mod. Har ikkje skifta, men kan kanskje vere litt plunder. Trur du må av med ei stor plate framfor, som er skrudd på 3-4 plassar. Dårlig forklaring kanskje?
- 3 svar
-
- kupefilter
- luftfilter
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Du får den ikkje gjennom EU-kontroll viss ikkje ABS lampa kjem på når du sler på tenninga, viss verkstaden gjer jobben sin. Ingen god løysning å fjerne pæra altso.
-
Takk for desse! Har ikkje bok på denne bilen, har klart meg utan i 8 år, men no treng eg den kanskje. Men eg fekk ikkje til den der med bilder til A4. Sikkert eg som er problemet, er ikkje datageni akkurat.
-
kan jo prøve, men vag konsernet har og ein tendens til å vere håplause å spørje om hjelp! Så eg må vel kanskje berre hoppe i det og prøve meg fram.
-
du har vel ein brytar inne på dashbord, kanskje oppe i takkonsollen, der du kan velge om dørlyset skal komme på eller ikkje. Men den veit du vel om?
-
Det ser ut til at eg må bytte varmeapparatradiator og/eller slangane til denne på mi 2000 mod stasjonsvogn. Og då har eg forstått at dashbordet må ut..? Er det nom å løfte av toppen, eller må alt ut, midtkonsoll og alt? Nokon som har ei beskriving av jobben? Eg er mekanikar på buss/last, så eg er vandt med at ting er trangt og tåpeligt bygd, men DENNE jobben gledar eg meg ikkje til! Nokon som kan fortelje meg at det ikkje er så mykje arbeid som eg fryktar?
-
viiruz, du har truleg problem med sjølve vindusviskarbrytaren. Men eg seier truleg, kan og vere motoren, eller eit rele. Nikita har nok meir eit mekanisk problem, sidan det går seg til ved bruk.
-
Eg meinar å huske at du må passe på korleis det gamle lageret står i "huset", for diameteren på innerbanene i lageret er ulike. Navet passar kun på eine sida av lageret, og då er det ein fordel at det står rett vei.
-
Fri eksos, var sikringane dine heile eller ødelagt når du sette inn større sikringar? Viss dei var heile, vil det jo egentlig berre sei at du hadde dårlig kontakt i sikringsboksen. Og viss dei var defekt, ville eg ikkje køyrt lenge med feil sikringar, det er ein grunn til at det er oppgitt kva styrke sikringen skal ha. Kan fort bli dyrt å ha feil styrke. Eg trur Wirrumen har eit jordingsproblem, men kan ikkje sei kor problemet ligg. Sjekk at batteriklemmene er faste, og sjå om du finn jordingspunkt bak sikringsboks f.eks. Eller under teppe i golvet, viss styreenhetane ligg der.
-
oljetrykket økar når du gjer gass, kan vere ei kobling eller noko som lek. men du bør nok ha med deg nokon som kan gje gass mens du ser etter kor det kjem. bruk briller!
- 4 svar
-
- egr
- oljelekkasje
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Berre eit par spørsmål: kva motorkode har du, og kor langt har du køyrt etter reima blei skifta sist? Er litt nyskjerrig, vil ikkje oppleve dette på min. Men viss reima er skifta etter intervall, har du vel kanskje noko form for garanti? Eller??
-
frihjulslager i dynamo? Men då burde du kanskje høyrt romlelyd og, når du køyrer og..?
-
no er den skifta, og det var jo ein del jobb. Måtte ta vekk hovedsylinder, og løyse alle bremserør på ABS pumpa, skru den laus og sleppe den ned eit stykke. Batteri, ekspansjonstank og masse plastdeksel måtte sjølvsagt vekk og. Ein litt omfattande jobb, men gjekk vel på 5-6 timar, med lufting av bremser.
-
Kjøp ei brukt kasse og sett inn, er mange firma som sel brukte deler til VW. Berre å google, eller gå inn på bruktbildeler.com
-
Du får ta ein diagnose.( men er ikkje sikkert det fortel nøyaktig kva som er problemet.) Den er enkel å skifte viss det er den som er problemet, du ser kva som må gjerast når du har kjøpt ny. Litt forskjel på forskjellige modellar.
-
Dette skal vel kun gjelde bremser, seier jo "sjekk bremsebelegg". Men kan vere kabelbrudd, treng ikkje vere utslitt. Kan og vere heng i ein kaliper, då slit ein fort ut bremsene. Heilt vanleg at slikt skjer om vinteren, viss du køyrer mykje på salt veg.
-
Takkar for gode svar. Det med døra virkar ikkje lenger, trur forrige eigar har limt det meste fast med kleb og tett.. Han har til og med tetta vakuumlekkasje på bremsekraftforsterkaren med tettestoff!
-
takk for svar. Kan bremserøra henge på hovedsylinderen, berre vippe den litt ut og til siden? Eg reknar vel ikkje med det, men hadde eit håp... Det største problemet er egentlig å få den ut av bilen, eg ser den knapt nok nedi der den skal vere. Den må opp og ut, ellers må eg ned med tannstang, og kanskje heile forstillinga, men eg lurer på kor mykje eg må vekk med oppi motorrommet. Batteriplata, er den mulig å skru vekk kanskje?
-
kan nokon fortelje meg kor mykje arbeid det er å bytte bremsekraftforsterkaren på sharan 99 mod, 1.9 tdi? Ser ut som om eg må skru vekk halve bilen, stemmer det?
-
det er vel stanga som viskararmen stå på som er knekt, for det er jo der spylarvæska går gjennom. Den er iallefall knekt på min bil, fekk problem med låsen på bakluka, som blei vaska i spylarvæske. SÅ min løysning var å sette knute på slangen til motoren, eg gidd ikkje bruke 1400 kr på ny motor.
-
ta ut seta, men kobl av minus på batteriet før du koblar ut ledning til airbagfølar, eller kva det er som er i seta, ellers kan lampa lyse i ettertid. Våtstøvsuging, og så løftar du opp teppet, legg inn varmeovn under, men pass på at teppet ikkje dett ned på denne. Kanskje fordel å vaske teppa med noko som luktar litt bedre enn gammal fuktighet og. Å ta ut teppet er vel nesten umenneskelig, eg tenkte på det på min 2000 mod, men avslutta fort.
-
passat tdi 1996 problemer med oljekasting/n�dmodus???
emne svarte i heljo sin joachimsparby i Passat
viss eg forstår rett, gjekk motoren for fullt turtal sjølv om du slo av tenninga? Det høyrest i såfall ut som om du har ein dårlig turbo, og det er komt olje i intercooleren. Det eg trur skjedde, var at når motoren blei varm, og lufta i intercooler blei varmare, saug motoren i seg olja, og då er det ikkje lenger noko kontrollert forbrenning, motoren går til det ikkje er meir olje å brenne.. Dette er min teori, har opplevd dette med andre merker, men garanterar ikkje at dette er feilen på din bil. -
har fått sjekka litt meir her, og problemet er ein gummi mansjett som ligg rundt stanga som går frå bremsepedalen. Eg reknar med denne mansjetten høyrer til på bremsekraftforsterkaren, men veit nokon om eg kan byte kun mansjetten, eller om eg må ha ny bremsekraftforsterkar?
-
Eg skal sjekke dette i morgon, men trur egentlig ikkje dette er løysninga på mitt problem. Har susing/ blåsing inne i bilen, det er rundt støtstanga på bremsepedalen problemet ligg, trur eg. Problemet er at VW ikkje kan fortelje meg kva eg skal gjere med det, utan at eg set bilen inn til dei.
-
har ein lyd ved bremsepedalen, truleg er det ein lekkasj på noko vakuum, for det bkir vekk når eg bremsar. men når eg slepp oppatt pedalen, kjem susinga att. Slepp eg pedalen veldig sakte ut, blir det av og til slutt på susinga. Er det nokon som veit kva som må ordnast/ bytast her? På vw verkstaden visste dei sjølvsagt ikkje kva som kunne vere problemet.
Bilforumet diskusjon
Bilforumet er plassen du diskuterer bilrelatert innhold. Du spør gode spørsmål og får hjelp av dyktige medlemmer med til sammen tusenvis av år med erfaring fra bilhold. Du kan diskutere alt fra bremseproblemer, tips til montering av ekstralys, hjelp til feilsøking. Du kan også dele dine erfaringer med andre og hjelpe andre medlemmer av dette fantastiske samfunnet.
Kommersielt innhold
Innholdet på forumet er i all hovedsak brukergenerert og blir moderert av brukerne selv. Det er strenge regler for posting av direkte reklame fra eksterne aktører. Forumet eies av Ekstralys as og er hovedsponsor av forumet. Ekstralys og enkelte partnere har anledning å poste umoderert innhold som kan inneholde produktplasseringer. I slike tilfeller vil kommersielt innhold være merket av den som poster i dens signatur.