Gå til innhold

heljo

Bruker
  • Innholdsteller

    325
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av heljo

  1. Det er ikkje montert høgtalarar i alle bilar, men hola er der på alle. Eg vil tippe at høgtalarar i bakdørene er eit valg når nokon bestiller ny bil, og det kostar nok ekstra, så kun spesiellt intresserte bestiller det. Eg har ettermontert på min,diskant og den nede i døra. Måtte trekke kablar og bygge innfesting til dei, kjøpte eit sett frå pioneer.
  2. heljo

    Fryst diesel

    prøv å få varma filteret med ein hårfønar eller vifteovn, viss du har tilgang på straum. Eller skift filteret. Eg trur ikkje tanken kan fryse, viss ikkje det er lite diesel på den.
  3. Eg kjøpte brukt turbo til min bil, har køyrt 130000 etterpå utan problem, trur turboen eg satte i var gått ca 100000. Men det er jo alltid ein mulighet for at du må skifte fort igjen, veit jo aldri kva ein får. Eg skrur sjølv, så derfor tok eg sjangsen på ein brukt.
  4. Då har du nok hatt ein god dose flaks og, for dette kan sitte så fast at du omtrent må skyte det frå kvarandre. Og det kan det ikkje ha gjort hjå deg viss det hjalp med 5-56, er ikkje verdens beste rustløysar akkurat.
  5. start med ein diagnose på bilen, kan vere mykje anna enn turbo, mange ting som får bilen til å gå i nødmodus. Sjå på litt andre trådar under passat, så finn du litt av kvart du bør sjekke.
  6. Takk igjen. Eg oppsøker verkstad i morgon, ikkje VW!
  7. takk for godt svar! kan eg "opne" den, eller nullstille den med ein slik billig diagnos ting som eg kan kjøpe sjølv, eller må eg på møller for å gjere det?
  8. 1999 mod 1,9 tdi 110 hk. Orginalmontert ekstravarmar vil ikkje starte uansett kulde. Nokon som har tips? Høyrer ingen livstegn under der, har den eiga matepumpe på diesel? Og kva er det som gjer at den skal starte under 5 grader celsius?
  9. heljo

    pkk spørsmål

    Har du krokar i lasteplanet, sånne til å feste strammestroppar i for å sikre lasta di? Trur det må vere noko der som er rusta, knekt eller deformert. Eller kanskje det er rusta rundt dei slik at dei ikkje heng fast i lasteplanet?
  10. Eg treng div hjelp med min vw sharan, og er sikkert ikkje åleine om det, men finn ingen god plass å poste spørsmåla slik at eg får svar. Kan de lage ein eigen tråd på vw delen?
  11. Å skifte dekk går jo an, men blir du stoppa i kontroll med feil dekkdimensjon i forhold til vognkort/ kontrollapp på fartsskrivar, blir det nok dyrt. Den ledningen på Scania 144 er nok ei god løgn, ingenting anna!
  12. Eg trur du har problem med ein temp.følar på kjølevæska, eg hadde liknande symptom på min, men eg fekk fram noko på diagnos. Følaren på min 115 hk pumpedysemotor står inn mot torpedovegg på bilens h.side. Var to eller tre utgaver, forskjellig farge på dei, og det måtte eg sjekke før eg fekk rett del. Enkel å skifte! Berre å ta av kontakten, skru ut, og skru inn den nye. Litt søl blir de, men du slepp å tappe av kjølevæske. Stor fordel om motor er kald..
  13. Eg er heilt enig i at 15000 er langt nok på oljeskift, men veit at møller seier noko anna på nyare bilar. Min 2000 mod 1,9 tdi, som er gått 303000 no, går 15000 på oljeskiftet. Eg etterfyller ikkje mellom skifta, brukar frå maks til min på peilepinnen, og det er etter eg opna veivhusventilasjonen slik at oljedampen går rett ut. Før eg opna den, brukte den så å seie ikkje olje mellom skifta.
  14. Ein skikkelig polering vil nok hjelpe, "alle" bilar har litt striper i sollys.
  15. det er ikkje så enkelt som at du har gløymt å montere på igjen ein jordingskabel noko plass når du skifta girkassa? Eller at ein kabel/ kontaktstykke har hoppa av ein plass, reknar med du måtte senke motoren litt for å skifte kassa?
  16. 24000 er vel ca serviceintervall på nyare motorar. Eg køyrer 15000 på min 2000 mod, ikkje long-life olje, men fullsyntetisk.
  17. Finns det velkjente problem hos møller? Trudde dei måtte finn opp kruttet kvar gong nokon har eit problem... Slik har eg forstått det i Bergen. Men, lysa skal ikkje riste, då er ikkje bilen i godkjent stand!
  18. Det er nok mykje billigare å kjøpe ein bil med rett farge for deg, det er veldig dyrt å ta full lakkering spesiellt viss ikkje du kan demontere og montere den sjølv.
  19. dette kan jo ikkje vere normalt, du har jo då fyllt etter ca 1,5 gongar så mykje olje som blei skifta! Eg veit at dette kan vere normalt forbruk på enkelte lastebilar, men dei har 35-40 liter motorolje. Her bør du snakke med nokon andre enn møller, nokon som kan litt om dette. Prøv eit seriøst "pirat verkstad" viss du veit om nokon.
  20. er det samme dinensjon på vinter og sommar? Kva merke er sommardekka? Alle bilar likar ikkje alle dekktypar, eg veit ikkje kva som passar på denne, sjølv har eg continental, orginaldim, og framhjulstrekk. Det fungerar greit.
  21. dei er festa med mutter oppå taket, iallefall fremste festa. Må berre få av eit plast deksel der, så kjem du til ein mutter. (Eg knekte eine dekselet mitt, så ikkje spør korleis dei skal demonterast). Eg meinar at dei lenger bak og er festa på samme måte, men huskar ikkje dette heilt.
  22. Eg får av og til mykje lukt av frostvæske inn i bilen, og trudde det måtte vere varmeapparat radiatoren som lak. Demonterte mykje slik at eg kom inn til den, eller nesten inn, men der var det tørt. Eg har måtta etterfylle på ekspansjonstank, så lekkasje må eg ha ein plass. Men, lukta kjem kun når nivå i ekspansjonstank nermar seg maks, ligg det på minimum, luktar det ikkje. (Så no fyller eg ikkje over minimum) Burde eg ikkje få lukt heile tida viss radiatoren lak? Eg har varme i varmeapparatet, så det er jo væske i den. Nokon gode tips om ting som kan vere problemet?? 2000 mod 1.9 tdi 115hk, stasjonsvogn.
  23. Viss de har stasjonsvogn, kan de godt spyle taket, rundt festa til takrails, og sjå om det kjem ned framme på "dørstokken" på framdørene. Dette problemet hadde eg på min, tok LANG tid før eg skjønte kor vatnet kom frå. Løyste mutteren på railsa, limte med sikaflex, og skrudde fast att. Så var det berre å tørke opp bilen inni...
  24. på min vw sharan 1998 mod, susar det av og til kraftig frå området rundt støtstanga på bremsepedalen, er det nokon som veit kva som kan gjerast med dette? Det må vel vere lekkasje på vakumet frå bremsekraftforsterkar, men eg lurer på kva eg må ordne/ skifte.Og så har eg lekkasje av bremsevæske på kaliperen, høgre bakhjul. Det lek ut med armen til handbrekk, kun viss eg brukar handbremsa. Finns det noko rep-sats for å utbedre dette problemet? Møller hadde kun ny kaliper, kunne prøve å skaffe rep-sats til stempelet, men det var alt.
  25. Har en mazda 323 som selges som delebil pga diverse karosseriskader. Det som er nytt på bilen er komplette fjærbein bak på begge sider.Bilen står i hyllestad kommune i ytre sogn. pris 1500kr mot avhenting.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår