
heljo
Bruker-
Innholdsteller
325 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Alt skrevet av heljo
-
berre pass på å ta med deg nøkkelen når du går ut av bilen, ellers kan den bli låst inne. Det er ein funksjon på døra som gjer at viss du låser opp bilen, og ikkje opnar ei dør, så låser bilen seg etter ca 30 sek. Den er litt skummel når låsekassa juksar, for du kan opne døra utan at styreenheten registrerar det. Men viss du startar bilen, eller set på tenninga, trur eg denne funksjonen er utkobla. Eg har samme feil på min bil, heldigvis stod eine glaset ope når bilen låste seg!
-
ja. denne sender signal til styreenheten om kva turbotrykk du har til ei kvar tid, og viss den fjuskar, blir alt feil i innsprøytinga, dvs innsprøytingsmengde og tidspunkt.
-
Det er nok låsekassa inni døra som er dårlig. Eg meinar det er nokre linkar innpå sida her om lause mikrobrytarar til denne, men eg har ikkje brukt tid på å leite etter dei.
-
hadde den gamle kjølaren din delt seg mellom plast og alu? Det gjorde min, men eg pusla den berre saman igjen, og det har virka i heile sommar, med campingvogn på slep. Kva kosta ein ny egentlig?
-
truleg ein av reimstrammarane som er på vei til å ta helg.. vanskelig å finne ut kva for ein det er.
-
hmm, lurer på om dette kan vere løysinga på mitt problem og. 2000 mod 1,9 tdi, 115hk. Har fjuska i 1 år no, men kun ved trekking av tilhengar, har ikkje blitt verre eller bedre, men første dag i ferien slo det til. Meir fjusking, pressa bilen i 90 i 3.gir opp ein lang bakke, gira opp i 4 etter bakken, og i neste bakke sa det pang!! Svart røyk og null effekt, og mykje bråk frå turbo. Det var intercooleren som delte seg, bunnen datt av. Har pusla den saman, men lurer på kvifor det skjedde. Må jo ha voro for høgt trykk i systemet vel? Nokon som har erfaring om dette? Beklagar at eg bryt inn i tråden din... Men er på ferie med campingvogn, og kunne tenkt meg å få løysing på dette, eg skiftar ikkje intercooler før eg veit om noko anna lagar problemet.
-
Har nokon hatt problem med matepumpa/dieselpumpa på 115hk pumpedysemotor? Eg har mista litt av futten i bilen, og ved 2400 o/min luggar den litt før den kjem att. Går som det grin på høgre turtal, men har eg tilhengar med meg, er det null bunndrag. Eg har høyrt om 1 tilfelle med dårlig matepumpe, men den bilen lugga kraftig i eit større turtalsområde. Det eg lurer på er egentlig om dette er eit vanlig problem, då gidd eg ikkje å feilsøke meir, berre kjøper ny. Bilen er gått 293000, så det er kanskje på tide?
-
på min 1,9 tdi var det nok å skru av vifta, men veit ikkje kva bolten tar i på din bil. Vifta er skrudd links, så du må tenke litt når du løyser den store mutteren. Eit par slag på nøkkelen, så losnar den.
-
sjekk først kontaktane og ledningane inne i gummien mellom dør og karosseri, der kan det eire godt viss ikkje det er heilt tett. Då kan du få periodisk feil. Ellers trur eg det kan vere låsekassa, du får ikkje opna døra frå innsida heller viss den er låst, meinar eg. lås deg inne i bilen, og prøv å opne andre bakdøra, så ser du det.
-
eg har samme problem, og trur feilen ligg i låsekassa. Eg har og periodisk problem med sentrallås på førardøra, og desse ting kom samtidig. Alarmen til lysa får ikkje beskjed om å starte hylinga fordi låsekassa ikkje registrerar at døra blir opna. Og OBS:: Viss du låser opp bilen, og kun opnar førardøra, kan bilen låse seg igjen etter 30 sekund, den trur ikkje nokre dører har blitt opna. Så ikkje sett nøkkelen i tenninga og lukk døra!
-
registerhavari kanskje? eg trur lengste intervallen på passat er 90000,nokon har 60000,og viss ikkje den blir skifta i tide, kan det bli ny motor.
-
min 115 hk fjuskar på 2400 o/min, ved lett pådrag. Eg jobbar med ein med lik bil, han hadde liknande problem, skifta matepumpe til diesel, og bil ok. Eg veit ikkje korleis det er å skifte den, men må nok finne det ut trur eg.
-
lag deg ein profil på VWnorge.no, og spør der. Der er mange som kan mykje. Ellers burde kanskje denne ligge på old vw eller noko slikt her inne.
-
eg har aldri skifta, men nokon her inne må jo vete det? Er sikkert litt jobb, ser for meg at det er litt trangt, men alt er mulig!
- 3 svar
-
- dørlås
- passat dør
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Men R134a er jo gass! Det er eit kjølemedium, og når det ikkje er under trykk, er det væske, men i eit AC-anlegg er det under trykk, ergo gass.
-
sensoren ligg i låsekassa inne i døra, mest truleg må du byte heile låsekassa, er ikkje verdens beste kvalitet på desse. Kan og vere dårlige ledningar/kontaktar mellom dør og karosseri. Men mindre truleg når det er periodisk feil.
- 3 svar
-
- dørlås
- passat dør
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Eg tippar utløysarlageret har havarert. Har ikkje erfaring med desse bilane, men har hatt samme symptom på andre merker.
-
skal vel sitte i blokka der eine slangen til radiatoren går ut. (Tjukk slange) På min 1.9 tdi er dette på v.s av motoren.
-
vakumslangar kan du teste med å ta dei av i ein ende og blåse i den. Skal stort sett vere tungt å blåse, motstand liksom, for det er jo noko i andre enden. Er det ingen motstand når du bles, eller du høyrer susing noko plass rundt motoren, er det lekkasje.
-
må du tappe AC-anlegget for gass for å bytte det filteret? er ikkje fornøgd med klimaen lenger, den brukar lang tid på å kjøle ned bilen, må nesten gire ned og få litt turtal på motoren før lufta blir kaldare. Og det kan jo nesten virke som eit tett filter. Du huskar ikkje meir kor det filteret stod?
-
usikker på kva dei finn ut med diagnos, dei får nok opp feilmelding, men når min turbo hadde sota seg til kom det berre fram ein feil om noko feil trykk, men var veldig mange ting som kunne gi den feilkoden. Møller måtte hatt bilen nokre dagar for å feilsøke. Men eg snakka med ein på skoda som sa at det var turboen, ut frå symptoma, og det stemte jo..
-
luftmengdemålar kanskje? Når min kutta var det slik at viss eg holdt godt turtal før motbakken starta, kom eg opp bakken i god fart. Hadde eg høgre gir, og lavt turtal, gjekk den i nødmodus, og eg måtte slå av tenninga. Har du køyrekomputer? Då ser du kanskje om dieselforbruket har økt ved pådrag, det vil eg tru det har gjort sidan bilen din ryk svart.
-
dårlige vakunslangar? Eg veit ikkje korleis det er på 180 hk, men på min 115 hk, er bilen ganske dau på lave turtal når vakumslangen inn på klokka til variabel eksosdel på turboen er dårlig. Har sprukke 2 gongar for meg. Men min har ikkje gått i nød, kun dratt dårlig.
Bilforumet diskusjon
Bilforumet er plassen du diskuterer bilrelatert innhold. Du spør gode spørsmål og får hjelp av dyktige medlemmer med til sammen tusenvis av år med erfaring fra bilhold. Du kan diskutere alt fra bremseproblemer, tips til montering av ekstralys, hjelp til feilsøking. Du kan også dele dine erfaringer med andre og hjelpe andre medlemmer av dette fantastiske samfunnet.
Kommersielt innhold
Innholdet på forumet er i all hovedsak brukergenerert og blir moderert av brukerne selv. Det er strenge regler for posting av direkte reklame fra eksterne aktører. Forumet eies av Ekstralys as og er hovedsponsor av forumet. Ekstralys og enkelte partnere har anledning å poste umoderert innhold som kan inneholde produktplasseringer. I slike tilfeller vil kommersielt innhold være merket av den som poster i dens signatur.