Gå til innhold

Actros 8x8

Super Moderator
  • Innholdsteller

    1,539
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    4

Alt skrevet av Actros 8x8

  1. Som regel, men det fins unntak. Har vore borti ein Volvo gravemaskin der det var omvendt. Der var sylindar 1 ved hydraulikkpumpa, om sylindar 4 i den enden med registare. Du må nok la bilen stå til du får skifta dyserøyra.
  2. Eg misstenkar også styrestraunen då. Viss du har eit multimeter, så kan du prøve å ohme 1 og 2 IN. Still inn multimetert sånn at det piper viss ledningen er heile. Kanskje det går å teste releet ved å koble ein ledning frå 1 eller 2 IN og til pluss på batteriet. Det kan kanskje være lurt å bruke ein sikring på ledningen, for å være sikker på at du ikkje ødeleggar spolane i releet. Eg forstår ikkje heilt korleis det skal gå å aktivere spolen på viftereleet ved å koble 1 IN til jord. Det går ikkje straum ifrå jord, og igjennom spolen og så til jord. Kanskje kan Quattro73 ha nokre gode råd.
  3. Er jordinga til viftemotoren i orden og jordinga til viftestyringsreleet i orden. Viftestyringsreleet kan være deffekt. Så skreiv du sjølv det med ledningsbrudd mellom ecu og viftestyringsreleet. Og ledningsbrudd mellom tempfølar og ecu.
  4. Viss du skal ha større turbo så må du forsatt chippe motoren. Og då vil du få problem med automatkassa allikevel. Du kan enten få tak i ei kraftigare automatkasse, då kan kan det hende at du må modifisere litt. Eller så kan du bygge om til manuelle kasse. Det blir enklare å bytte bil, enten med same type motor, men med manuell kasse, eller ein med større motor og med automatkasse.
  5. Aha, greit å ha muleghet til å lade mobilen og bruke gps i område du ikkje er kjent i.
  6. Det var lurt, då blir det ikkje så varmt i hytta på sommaren. Og så virkar det som at det ikkjer er rust på denne traktoren. Men eg ser på to bilder at du må skifte det eine speile, det på venstre side.
  7. Viss bilen har 4 seter og er registrerte for fire personar kan dere være fire personar i bilen. Det står i vognkorte kor mange personar bilen er registrert for. Audien kan i allefall brukes som heilårsbil. Men du må tenke på driftsikkerhet, kjøreegenskaper og opplevd kvalitet både på interiør og korleis bilen er lagt. Audien er også ein nyare og meir sikker bil.
  8. Kan du skrive litt meir om kva du er ute etter? Motoreffek? Vil du ha bakhjulstrekk eller firehjulstrekk eller kan du ha framhjulstrekk? Er det varebil du bil ha, småbil, sportsbil cabriolet. Og kva budsjett har du? Skal dette være ein heilårsbil? Nokre kompakte sporsbilar har litt dårlege bagasjeplass. Kan anbefale Mazda mx5. eller BMW Z4. Kva med Opel Speedster/GT eller kanskje Lotus Elise / Exige? Porsche Boxter /Cayman.
  9. Det er nokre sugemotorar som kan chippes, det går å chippe ein Volvo B5244S... ifrå 140 hk til 170 hk eller bittelitt meir.
  10. Det kan være for lite olje, tett sugesil, trykkbegrensingsventilen, oljetrykksbrytaren, slitt oljepumpe, eller ein anna innvendig lekkasje. Du kan sjekke olja sjølv, og du kan be eigaren av bilen om å måleoljetrykket. Viss det er oljepumpa eller ein anna innvendig lekkasje. Så kan du frå lågt oljetrykk både på lågt turtall på varm motor.
  11. Når du skal montere meir lys må ledningsnette oppgraderast med tjukkare ledningar. Men viss du går for ledlys er det ikkje sikkert du må ha tjukkare ledningar. Husk å pumpe i litt fett i smørenipplane rund om kring avogtil, dørhengslene og låsane har også godt av litt olje. Og så er eg vandt med å ha på litt vaselin på batteripolane. Får håpe den er lettstarta når det er kaldt ute. Kva brøyteutstyr har eller skal bruke? Me har bare eit duun skjær og ein steinsvans,
  12. Du har jo bilcross då, men det trur ikkje det er det du vil drive med.
  13. Ser greie ut denne. Men det står i anonnsen at der er litt å fikse på bremsesystemet. Kva skal du bruke traktoren til, brøyting eller vanleg gårdarbeid? Viss du skal kjøre ein del når det er mørk, kan det være lurt å oppgradere arbeislysa. Her står det litt tekniske spesifikasjonar for mb trac 700 - 1000. Det er finske tekst, men det går å bruke google translate. Men spesifikasjonane står på både finsk og engelsk. http://konedata.net/Traktorit/mb700a.htm Her er er ein anna side med litt info. http://www.tractordata.com/farm-tractors/002/9/4/2940-mercedes-benz-trac-900.html
  14. Er det limited slip differensial som er planen?
  15. Det kan være ein temperaturfølar på radiatoren.
  16. Volvo og Yamaha sin B8444s er ganske kompakte, litt usikker kor driftsikker denne er. Ein Ferrari v8 motor frå 355 eller 360 kan vell heller ikkje være så store. Motoren i ein Mercedes C43 (M113) er vell heller ikkje så store. Kanskje Chevrolet LS6 eller LS7.
  17. Ryanair har skrivefeil og manglande mellomrom i vilkåra sine. http://www.tv2.no/nyheter/innenriks/forbruker/ryanair-har-saa-daarlig-spraak-at-forbrukerombudet-mener-det-er-ulovlig-4145694.html
  18. Det kan være sjølve instrumente, flotøren i tanken, eller ledningsbrudd.
  19. Eg syns knappane for siter, report, rediger, like og dislike er litt for svake. Dei gå nesten i ett med den kvite bakgrunnen. Skrifta på Siter, rediger og report går også litt i ett med den blågråe bakgrunnen når eg skal redigere eit innlegg. Og så lurar eg på kva som er meininga med den dislikeknappen. Er det for å mislike att andre brukarar har problem med bilen? Eg meinar dislike knappen gir muleghet til å mobbe andre brukarar. Ein brukar kan då mislike fleire innlegg og trådar frå ein annan brukar.
  20. Eg kom å ein animasjonsfilm som heitar Tom and Jerry: The Fast and the Furry. http://www.imdb.com/title/tt0487176/ Edit: Sidan Fast'n'Loud er med, så burde Wheeler Dealers og Wheeler Dealers Trading up også være med. Trading up handlar om at Mike Brewer reisar rundt i verden på jakt etter bilar han kan kjøpe for å fikse og så selge vidare. Målet er å kjøpe ein superbil til slutt. Wheeler Dealers handlar om at Mike Brewer finner klassiske bilar som Edd China fiksar og så skal dei selge bilen for ein høgare pris. http://www.imdb.com/title/tt1549918/ http://www.imdb.com/title/tt3072802/ Så er Megafactories eller Megafactories Supercars interresant, der visar dei avogtil korleis ulike bilar blir bygd. Det er episodar med: Aston Martin One 77. Audi R8. BMW X3 og Z4. Bugatti Veyron. Chevrolet camaro og volt. Dodge Viper. Ferrari 599 og FF. Ford F-150. Gumpert Apollo. Jaguar XJ. Koenigsegg. Lamborghini. Lexus LFA. Lotus Evora. Maserati. Mclaren MP4-12C. Mercedes SLS AMG, Nissan GTR. Pagani Zonda, Huayara. Porsche 911 og Panamera. Rolls Royce Phantom. Tesla Model S. Williams formula 1. Og det er sikkert fleire bilfabrikk episodar. Og så har du Top Gear, Fifth Gear og Bilstripperne på National Geografic, det begynnar den 6. november. Eg huskar ikkje kva den orginale tittelen til bilstripperne er. Men det handlar om at to lag med ein selgar og ein mekanikar kvar skal kjøpe ein bil kvar. Bilen dei kjøpar skal dei demontere og selge delene frå. Vinnerlaget er dei som sitt igjen med mest pengar.
  21. Viss du har sett vekk jobben til eit verksted. Så er dette reklamasjon på arbeide. Du bør ha rett på at dei justerar spissingstaget bak rett, utan at dei skal ta betalt for det. Litt usikker på om du har rett på nye bakdekk.
  22. Alfa Romeo 159 har eit tøft utseende på fronten. Men så var det dette med kor driftssikkre dei er.
  23. Det er Secondary Air Injection.Det er eit system som pumpar litt luft inn i eksosen får å få ned utsleppa. Og sånn at uforbrent bensin kan brenne opp i eksosen. http://en.wikipedia.org/wiki/Secondary_air_injection http://auto.howstuffworks.com/secondary-air-injection-system.htm
  24. Pupper. Nyare bil med mindre motor eller litt eldre modell med litt større motor?
  25. Karmøy er ein av få kommunar som ikkje driv med kildesortering. Alt blir kjørt til Sverige. Det var ein lastebil fullasta med søppel som kvelta ned i ei elv, på vei til Sverige for ikkje så lenge si. Spesialavfall skal leverast til ein godkjent miljøstasjon.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår