-
Innholdsteller
1,539 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
4
Alt skrevet av Actros 8x8
-
Det går vist å swipe mobilmenyen til sides nå. Kanskje nokon andre kan sjekke det for å være sikker. Alt som er til høgre for Notifications på den blåe linja oppe på sida viser ikkje på mobilen, eg kjem derfor ikkje inn på profilen og innboksen via mobilen. Eg prøvde å zoome ut, men då kom det bare to kvite felt på begge sider av skjermen. Det er wp8, 4,5 tommar skjerm, oppløysinga huskar du kanskje, eller så kan eg gå tilbake å finne det igjen.
-
Det er vel ikkje alltid bare å bytte spelar. På nokre bilar styrar du fleire ting på den same enheten, for eksempel radio, cd spelar, klimaanlegg, følg meg heim lys, gps, innebygd telefon... Eg kan vel ikkje bare bytte spelar på ein s40/v50? Ei anna løysning er skjult adapter, med ein antenne i vindue og ein fjernkontroll som ligg og sleng. Og lyden blir vel også så som så med adapter.
-
Du må tenke på driftikkerhet, kvalitet og design på interiør og eksteriør. Viss du går for 4 serie får du ein meir moderne bil. Eller så har du Lotus Exige. Viss du treng baksete må du gå for 4 serie bmw eller Audi A5. Og så må du tenke på bagasjeplasse viss du skal på ein lengre du med den. Exigen til 475 000 er jo ein ferdige banebil med slepekrok hovedstraumsbrytarar, FIA 6 punkts heilbur og sportsseter med firepunktsbelte.
-
Du kan sjekke om eksosen er kvite. Og så kan du ta av plastdekslet oppå motoren og sjekke om du ser kjølevæske rundt motoren og på kjølesystemet.
-
Eg har sett eit tilfelle kor toppakningen hadde gått på ein Perkins motor. På den var olja gråe. Men viss du vil være heilt sikkar så er det best å få tatt ein oljeprøve. Ein oljeprøve vil vise om det er kjølevæske i olja, diesel/bensin, og viss det er metallspon i olja vil det også syne.
-
Det ser greit ut. Men kva med å lakkere pansare i same farge som resten av bilen? Det kan hende at fjørene på demparane bak er litt slitt.
-
Huks å borre eit lite hulle i begge ender av sprekken, når det skal sveises. Det er for å stoppe sprekken, viss ikkje vil det sprekke vidare. Edit: Husk også å få bunnpanna reingjort skikkeleg, eller vil resultate av sveisearbeide bli dårleg.
-
Personleg ville eg droppa styling. Eg ville heller funnet eit godt utgangspunkt, og montere i ein av dei beste motorane frå Toyota (1.8 eller 3,5 ombygd av Lotus) brukt i Elise, Exige eller Evora. 1.8 med kompressor pluss girkasse passar nok best i den bilen du vil bygge om. I Lotus Elise og Exige er denne motoren tverrstilt med manuelle girkasse. Så det bør passe greit i ein framhjustrekte bil.
-
Viss du har turbo på denne motoren så kan det være den. Ellers så kan du ta ein kompresjonstest. Men det kan bare være litt oljerestar i sylindrane, som låg igjen etter skifting av ventiltettningar. Du kan sjå det litt ann og passe på å fylle på litt olje når det er nødvendig. Husk mellomrom og store bokstav eller punktum.
-
Viss du går for ein nyare småbil, bør du tenke på om det er plass til litt bagasje og passasjerar. Du for jo ein bil med lågt forbruk. Pass på å ikkje kjøpe ein bil som blir vanskeleg å få solgt på eit seinare tidspunkt. Velg rett utstyrsnivå og ekstautstyr. Interiøret kan være simplare på desse billege bilane. Så var det korleis desse bilane er på vintarføre. Desse bilane er jo ikkje akuratt populære ungdombilar, så forsikringa bør ikkje være så dyre.
-
Det fins, men "mine innlegg" er gjemt litt vekk. Det er ein logo oppe til høgre med ein person i, den går til profilen din. Viss du trykkar på profilikonet, så får du opp nokre alternativ, som min profil, mitt innhold, kopntrollpanel... Under mitt innhold har du mine innlegg. Ellers så kan du gå inn på profilen din. Under brukarnavnet ditt kan du trykke på Finn mine innlegg & tråder. Eller så har du det blåe felte litt ned på profilen din der det står: Status, Likes, Friends, Emner, Innlegg Awards, Stat. Der kan du klikke på emner eller innlegg. Edit: Det er vist også blanding av engelsk og norsk på profilen også. Og Awards på den blåe linja oppe på sida førar bare til ei feilmelding.
-
Kva med Volvo C30 eller S40, med regnsensor og ryggesensor viss muleg. Mini med BMW motor og kompressor kunne kanskje vore noko. Styr unna Audi som har fylt long life service intervall Styr også unna Audi som er trimma.
-
På Volvo lagt på same fabrikk, må parkeringsbremsa justeres ved å skru på ein mutter på sida av håndtake til parkeringsbremsa. Sjekk at wiren til parkeringsbremsa er heile på begge sider bak og fram til håndtake. Du må jekke opp bilen, sånna hjula er i lufta mens du justerar og drei rundt hjula. Og juster til du kjenner at parkeringsbremsa begynnar å ta. Så må du justere litt tilbake. Det er ein fordel å ha ein passe bratt bakke lett tilgjengeleg. Handbrake adjustment - Focus Hacks Det skal gå å komme til ved å bare ta av skinne på håndtake. Litt værre med Volvo der, enten av med skinne og eit deksel på sida. Eller ut med koppholder og så boksen under koppholdarane.
-
Ville du oppdatert prosjekttråden din fra mobilen din?
emne svarte i Actros 8x8 sin Marius i Prosjektforum
Kjem denne aplikasjonen for Windows Phone 8 og Apple når produkte er ferdig? -
Både kemppi og Esab er gode apparat. Men eg har vore borti litt problemar med matinga på eldre Kemppi apparat.
-
Enten får du kjøpe ein orginale E500. Eller ta det utgangspunke du har, og bygge opp ein 3.0 liters sekser med 24 ventilar, motoren frå ein C43. Eller 3,4 / 3,6 liters M104. Eg veit ikkje om ein 5,5 liters motor med kompressor går i.
-
Bilrelaterte spelefilmar / dokumentar / seriar
emne svarte i Actros 8x8 sin Papi. i Annet bilrelatert
Det er fleire filmar enn som heitar Death Race, ikkje bare den frå 1975 (Death Race 2000). Death Race (2008) Death Race (2008) - IMDb Death Race 2 (2010) Death Race 2 (Video 2010) - IMDb Death Race Inferno (3) (2012) Death Race: Inferno (Video 2012) - IMDb -
Vel, clutchen er ein slitedel. Men der er ein simmerring bak på veivakslingen mellom veivaksel og blokk som er defekt og lekker. Svinghjulet, lamellplata og trykkplata har kanskje fått olje på seg. Som igjen gjer at clutchen vil slure. Så dette er nok ein garantisak eller reklamasjonssak.
-
Viss du klikker på "nytt innhold", (view new content) på den blåe linja øverst. Og så ser du heilt til venstre, under NYTT INNHOLD, står det "etter innholdstype". Viss du under etterinnholdstype klikkar på forum, så får du dei nyaste innlegga. Merka at det gjekk over til mest engelsk når eg logga på. Og på framsida når eg klikkar på bilmerkene til høgre får eg ei feilmelding. Og "søk etter svar", "gå rett til forum" og "kjøp og salg av bil" førar ikkje til nokon ting.
-
Kva med å gå for krom grill eller ein anna blanke grill i plassen for svart?
-
Volvo s40 1.8, den belgiske. Dette er ein bil eg har tenkt å ha i fleire år.
Bilforumet diskusjon
Bilforumet er plassen du diskuterer bilrelatert innhold. Du spør gode spørsmål og får hjelp av dyktige medlemmer med til sammen tusenvis av år med erfaring fra bilhold. Du kan diskutere alt fra bremseproblemer, tips til montering av ekstralys, hjelp til feilsøking. Du kan også dele dine erfaringer med andre og hjelpe andre medlemmer av dette fantastiske samfunnet.
Kommersielt innhold
Innholdet på forumet er i all hovedsak brukergenerert og blir moderert av brukerne selv. Det er strenge regler for posting av direkte reklame fra eksterne aktører. Forumet eies av Ekstralys as og er hovedsponsor av forumet. Ekstralys og enkelte partnere har anledning å poste umoderert innhold som kan inneholde produktplasseringer. I slike tilfeller vil kommersielt innhold være merket av den som poster i dens signatur.