Gå til innhold

vetrmh

Bruker
  • Innholdsteller

    3
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om vetrmh

  • Bursdag 08/19/1979

Contact Methods

  • Bosted
    Rogaland

vetrmh's Achievements

  1. Kjøpte i desember ny VW Caddy som eg fekk ferdig levert med Pioneer Avic F9110BT multimediespiller og handsfree. Sidan første dag har eg aldri klart å få handsfree til å fungere. Er forsåvidt ein reklamasjonssak, men har endå ikkje tatt meg tid til å reisa inn til Møller med bilen. Eg får kobla til telefonen og eg høyrer dei eg snakkar med i bilen sine høgtalarar. Men dei høyrer ikkje meg. Mikrofonen er heilt stum. Ved tilkobling til handsfree i min forrige bil, viste det eit symbol av ein bil. Ved tilkobling til Pioneeren viser skjermen nå eit bilde av ein høgtalar som statussymbol på at den er tilkobla. Lurer difor på om det kan ha noko med at telefonen trur den er tilkobla ein medieavspiller og ikkje ein handsfree? Nå har ikkje eg dratt ut spillaren for å sjekka om mikrofonen faktisk er kobla til. Det er jo ein mulighet.
  2. Det er heilt klart at dette bør utbedrast før sal. Alternativt må bilen seljast "as is", men det er nok enklare at eg tek dette med leverandør enn om neste mann må slite med Nissanfolka. Uansett så må i allefall kjøpar orienterast om historia Å la vere å opplyse om så alvorlige feil vil bare medføre trøbbel etterpå. Men eg er veldig spent på kva som er Nissan sitt neste trekk. Det er dei som har utspelet nå, så eg ventar eit svar på klagen/reklamasjonen. Snakka med NAF og NAF sine advokatar idag, og dei meinte at dette skulle ein klare å ordne. Det som gjer det litt vanskeleg igjen er at bilen er registrert på mitt enkeltmannsføretak og følgeleg er ein næringsbil. Dog er bilen kjøpt på ein "Forbrukerkjøpskontrakt", men som næringsdrivande kjem ein vel inn under kjøpslova og dermed ingen reklamasjonsrett...???
  3. Har ein Nissan Pathfinder, 3 år og 3 mnd gammal (reg juni 06), som har store problem med rust. Nissan nektar førebels å utbetre dette og det ser ut som eg må betale alt av eigen lomme. Har snakka med eit par lokale karrosseriverksteder her og dei vil ikkje ta det då dei meiner dette er ei klassisk garantisak. Men garantien gjekk ut for 3 mnd sidan... Dette er saka: Då bilen var 1 år gammal (juni 07) vart bakluka omlakkert pga flassing rundt dørhandtak/kromlist. Då bilen var 2 år gammal (juni 08) vart bakluka omlakkert igjen pga bobler i lakken samt bobler og rust i platefals langs heile øvre kant. I mai 09 har eg bilen på service. Denne var forsåvidt grei; ein defekt dørbrytar, feil på navi-anlegg og noko anna småting som alt vart dekka av garanti som gjekk ut juni 09. Men dei mangla nokre deler sa dei, så eg skulle koma tilbake over sommaren for å få utbetra resten. I august 09 ringer karrosseriavd hjå Nissan og spør kor tid eg kan koma med bilen. Eg blir då forundra for eg har jo ikkje høyrt noko om at eg skal til noko karrosseriavd. Får då vite at dei skal omlakkere begge kanalane då lakken skaller av og dei har begynt og ruste... Dette sa dei ingenting om på servicen. Garantien er nå gått ut og eg får panikk! Går då grundig over bilen og oppdagar at bakluka rustar igjen i same platefals som sist. I tillegg er det nå rust også under pakninga som går rundt heile døropninga (altså på sjølve bilen). September 09. Kanalane blir utbedra iht garanti, men får avslag på dette andre pga garantien er gått ut. Eg klagar på dette og dei skal sjå på saka igjen, men har fått eit førebels svar at det nok ikkje blir dekka, men eg skal få ein "god pris" på reparasjonen. September 09. Eg har bestemt meg for å skifte bil og har bilen til takst hjå VW for evt innbytte. Då finn dei i tillegg at lakken skaller av i ei renne på taket på begge sider av bilen. Viser også dette til Nissan, men får samme foreløpige svar at det neppe blir dekka Der står altså saka nå og eg er førespegla kostnadar i 30-50000 kr klassen for å få utbetra skadane. Veit ikkje kva eg skal gjera og håpar kanskje nokon her har eit lite tips!
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår