OlavE
Bruker-
Innholdsteller
62 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
1
Alt skrevet av OlavE
-
Oisann, det var voldsomt. Eg er jo einig i det du skreiv lenger opp i tråden. Han skulle vore i høgre felt, då han skulle rett fram. Einaste eg korrigerar deg på, er at i ein trearma rundkøyring der du kan køyre til høgre eller rett fram, vil høgre felt vere rett plassering med mindre du skal heilt rundt. Eg skriv jo òg at eg skriv ut frå kva REGELVERKET seier, og igjen at eg er einig med deg "mtp, trafikkavvikling". I dei fleste tilfelle er det heldigvis slik at det er merka opp at venstre felt skal brukast rett fram. Men ta dei tilfella der det ikkje er merka opp fleire felt, men det er breidt nok til to bilar. Her ser vi stadig at folk legg seg til venstre, med dine reglar i bakhovudet, og trur dei gjer alt rett og at dei som ligg til høgre og tutar er nokre forbanna fjøsnisser. Difor tenkte eg at eg kunne påpeike kva som faktisk er regelverket. Det var vel stort sett forskjellen... Red.: Og for å spesifisere kva eg eigentleg snakkar om (eg ser at eg kan ha vore litt uklar på det), så er det altså dette punktet eg er ueinig i: "3-armet rundkjøring: skal du forbi mer enn en arm skal du ligge innerst."
-
Det er sjølvsagt lov å skifte felt i ei rundkøyring, på linje med alle andre fleirfeltsvegar, og då gjeld vikeplikt ved feltskifte. No er det jo ingen som har skuld i noko i denne situasjonen, då det kun er spørsmål om kva som er rett og lov. Det rette ville vere å liggje i høgre felt, det er lov å skifte felt når som helst, men då har ein vikeplikt ved feltskifte. "3-armet rundkjøring: skal du forbi mer enn en arm skal du ligge innerst. 4/eller fler-armet rundkjøring: skal du forbi fler enn 2 armer skal du ligge innerst. Med forbehold om at det ikke er merking i noen av de, da skal oppmerking følges. " Dette ville sjølvsagt vore den fornuftige løysinga, men no er vegtrafikklova ein gong forma slik ho er. Der står det, som eg skreiv før, at ein skal liggje i høgre felt om ein skal til høgre eller rett fram, og i venstre felt om ein skal til venstre. Det er kun to unntak frå denne regelen: 1. Vegoppmerking / skilt seier noko anna (myndigheitspyramida) 2. Det er like mange felt ut av krysset som inn i krysset. Det er då lov å køyre rett fram frå venstre felt (med mindre vegoppmerking / skilt seier noko anna). I alle andre tilfelle er venstrefeltet kun for venstresving, uavhengig av kor mange armar krysset / rundkøyringa har. Kva vegtrafikklova angår, eksisterer ikkje rundkøyringar, kun vegkryss, og dermed må ein rundkøyring oppfattast som nettopp det, eit vegkryss.
-
Det er jo det med bevis og slikt som er det vanskelege her, som andre (og trådstartar sjølv) seier, isolert sett er ein påkøyrsle bakfrå ein enkel sak. Det vil alltid vere vanskeleg å dra inn "heile biletet" i ein slik situasjon som denne. Nettopp difor skreiv eg som eg gjorde, så lenge motpart ikkje tek kontakt, skal ein nok vere nøgd med det.
-
Min bil (98mod 1,9D, gått 380 000) oppfører seg på akkurat same måte. Startar alltid på første klikk, men hostar og harkar som ein traktor frå 60-talet dei første 5 sekunda. Deretter oppfører han seg som ein 2011mod Rolls-Royce (med veldig liten motor :P ). Har aldri plaga meg.
-
Eg ville nok sagt at motparten braut vikeplikta her (om alt du skriv er heilt rett). Og så lenge han ikkje skreiv under på noko som helst, og i praksis stakk frå staden, ville eg iallefall ikkje skrive under på noko som helst der han ikkje aksepterer skuld. Då har du iallefall berre dine eigne skader å tenkje på...
-
Du får ikkje noko ekstra avgift om du køyrer utan brikke (med mindre det er eit alternativ å stoppe og betale, då får du gebyr. Det fekk eg i bomringen i Oslo for 5 år sidan, det falt meg ikkje inn at dei framleis var så primitive at dei hadde betalingsboder...), men du får heller ikkje rabatt, slik du gjer om du har brikke og abonnement for det aktuelle bomsambandet.
-
Ein skal liggje til høgre når ein skal rett fram, og som Jesper seier, du var feilplassert. Når det gjeld snø (eller manglande oppmerking for den saks skuld) står det i vegtrafikklova at der det er plass til to bilar i breidda, skal ein følgje reglane som gjeld ved køyring på veg med fleire felt.
-
Dei er nok mykje strengare på blått enn på oransje. og det skulle då òg berre mangle... Når det gjeld antal, så fjerna eg òg dei originale parklysa på vanen min, slik at eg kun hadde parklys i blinklyset. Eg hadde derimot ganske mange markeringslys, og når bilen sto med parklys hadde eg totalt 11 lyspunkt framover, alle oransje (5 på taket, eitt i kvart blinklys, to i grillen og to i hjørna på støtfangeren). Einaste problemet eg hadde med det var på EU-kontrollar...
-
Ja, berre for å ha det sagt, eg sikta på ingen måte til deg eller nokon andre her når eg nemnte paragrafrytter. Eg er forøvrig meir paragrafrytter enn mange, og ikkje eingong eg kan sjå problemet i dette, særleg då det faktisk er ikkje berre tillate, men påbode med oransje lys i fronten i fleire andre land, inkludert USA og Russland (lastebilar) :) .
-
Vegtrafikklovas §3 er vel og bra, men den opphevar aldri vikepliktsreglane.
- 14 svar
-
- forsikring
- kollisjon
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Eg gjorde òg dette på gamlebilen min. Det var vel å merke ein van, men det er drittøft uansett kva bil det er, og eg har store planar om å få det til på Partneren min òg. Det er ikkje lovleg, nei, men som har blitt sagt, eit svakt orange lys burde ikkje vere til sjenanse for nokon (anna enn dei verste paragrafryttarane). Og som 16vturbo seier, det er ikkje noko problem å sjå forskjell på parklys og blinklys. Dette lyset er jo eit tillegg til blinklyset, og har ikkje noko innverknad på funksjonen til dette, og det lysar mykje svakare enn blinklyset gjer :) .
-
"Lov om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova). Kap. 7A. Kjøresetel Kapitlet føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004). § 37a. Virkeområde Førar av drosje, selskapsvogn, turvogn, rutevogn og motorvogn som er spesielt utforma og/eller utstyrt for transport for funksjonshemma, må under persontransport mot vederlag ha kjøresetel i tillegg til førarkort. " http://www.lovdata.no/all/tl-20020621-045-008.html Dette er tilsvarande yrkessjåførdirektivet som vi har på tyngre køyrety, og gjeld altså kun når ein tek betalt for køyringa. Dette er eit kompetanseprov, og har ikkje noko med førarkortet å gjere. Dermed har det heller inga verknad på moglegheita for å øvekøyre. Kven som helst kan dessutan køyre ei drosje, så lenge dei ikkje tek betalande passasjerar. Har den som sit ved sidan av køyresetel, kan ein i prinsippet øvekøyre med betalande passasjerar òg, då det som det vart påpeika høgare oppe er den ledsagar som er rekna som førar av køyretyet. Når det gjeld det siste avsnittet ditt, er jo det eit heilt anna poeng. Kor seriøs vil ein bli teken om ein køyrer drosje med L? Det er heldigvis ikkje eit problem vi har på tunge køyrety, då det kun er ved øvingskøyring til klasse B det er krav om L :D .
-
Er drosje ei eiga førarkortgruppe? Trur ikkje det. Såvidt eg har fått med meg er ein drosje (stort sett) personbil under 3500kg, og kan køyrast med førarkort klasse B. Når det gjeld øvingskøyring, så er det tillate å øvingskøyre med einkvar førarkortklasse inntil to år før ein kan køyre opp for denne. Unntaket er tyngre køyrety (over 3500kg), her må ein i tillegg ha førarkort klasse B. Klasse B kan ein køyre opp for når ein er 18. Altså kan ein øvingskøyre når ein er 16. Eg har ikkje sett noko unntak for drosjar.
-
Berre å ringje og høyre. NAF brukar å vere veldig greie å ha med å gjere :) .
-
Dette er jo ein situasjon som går igjen. Reglane er ganske enkle i denne situasjonen, bilen som skal svinge til venstre skal skifte felt, og har dermed vikeplikt for evt. bilar som kjem bak og køyrer forbi. Å seie at dette sjølvsagt er forbikøyrars ansvar, og at vedkomande som skal svinge til venstre har retten på si side, er direkte vranglære. Om vedkomande som skulle svinge til venstre har brukt blinklys eller ikkje, kan eg heller ikkje sjå at skal vere relevant, då bruk av blinklys på ingen måte opphevar vikeplikta. Slik eg ser det har forsikringsselskapet falle ned på rett konklusjon når dei vil gje deg skulda i denne hendinga, kor irriterande det enn måtte vere.
- 14 svar
-
- forsikring
- kollisjon
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Eg tenkjer ein av to. Anten har du tåkelys på, det sjekkar du lett ved å gå fram og sjå når du har lysbrytarar i dei posisjonar du brukar. Alternativt har du for høgt stilte lys. Sving innom på ein verkstad og få dei til å sjekke, det er kjapt og enkelt, og kostar minimalt (om noko). Det siste burde forresten alle som ikkje er sikre på at lysa er rett stilte gjere.
-
Poenget her er jo at sjølv om det første skiltet blir oppheva av skilt nr. 2, vil jo skilt nr. 2 gjelde fram til første vegkryss, eller eit evt. skilt nr. 3. For å ta eit anna døme, hadde skilt nr. 2 vore eit stopp forbode-skilt 370, så hadde det jo ikkje vore fritt fram for å parkere, sjølv om det første skiltet er oppheva :) . Når det gjeld køyreretning, så gjeld skiltet FRAM til neste vegkryss, på den sida det står. Om skiltet står på venstre side i ei einvegskøyrd gate, så gjeld skiltet motsatt veg enn det det ville gjort om vegen ikkje var einvegskøyrd.
-
Men som JChE seier, parkering forbode gjeld jo frå skiltet og vidare i køyreretninga. Du har jo parkert etter dette skiltet om ein følgjer køyreretninga der, og då er det klart det er parkering forbode. Med mindre vegen er einvegskøyrd, og det har du jo ikkje sagt at han er, så då går eg ut frå at det ikkje er tilfellet?
-
Dette skal sjølvsagt utbetrast, det er jo ikkje noko å lure på. Oppheving av kjøpet blir nok litt voldsomt, som sagt her. Eg ville høyrd med Mercedes Mosjøen om dei kunne kontakte BOS Bærum og ordna saka for dei, er BOS nokonlunde seriøse, bør dei akseptere at Mercedes Mosjøen utbetrar feila og fakturerar dei, ettersom det vil vere uforholdsmessig stor ulempe for deg å køyre halve landet på langs for å få fiksa slike "småfeil". Vi kjøpte brukt Mazda hos merkeforhandlar i Haugesund, og bur i Bergen. Her måtte bremsene skiftast innanfor garantitida, vi fekk då beskjed om at dersom det var tungvindt for oss å kome ned til dei for reparasjon, kunne vi bruke vår eigen verkstad (som ikkje eingong var merkeverkstad), og be dei sende rekninga til Haugesund. Og Mosjøen - Bærum er då ein større ulempe enn Bergen - Haugesund :) .
-
Men i svarte? Kva møkkafirma er det du jobbar for? Eg hadde sagt farvel til den jobben for lenge sidan, og funne meg ein arbeidsgjevar som iallefall var ANTYDNING til seriøs. Men for å vere heilt ærleg, trur eg nok dette er noko du har fått føre deg, og ikkje ein policy frå firmaet si side. Prøv ein dag å følgje fartsgrensene til punkt og prikke, så skal du sjå at du har jobb neste dag likevel.
-
Hvilke rettigheter har jeg ved forelegg og sperrefrist?
emne svarte i OlavE sin escort_zakspeed i Juridisk
Ein krevjer ikkje piggdekk på personbil heller... Om du har fått straff for noko du ikkje har gjort, er det jo berre å ta saka vidare. Problemet er at det uansett er sperrefrist for å køyre utan førarkort, så den blir du nok ikkje kvitt. Ein kan argumentere så mykje ein vil for at alle andre slepp unna alt mogleg, men feil pluss feil blir ikkje rett. Altså, sperrefrista blir du nok aldri kvitt, men om du faktisk har rette prov som viser at du er uskuldig på eitt punkt, kan du få fjerna denne frå saka, og eg vil anta at du då òg slepp å betale saksomkostnader for saka. Om du derimot ikkje blir høyrd i ein rettssak, må du hugse på at du i tillegg til den straffa du alt har fått, må betale det det kostar å køyre ei slik sak i rettssystemet. Det blir nok eit femsifra beløp. -
Du kan ta sertifikat for både C og CE når du er 18, men for å kunne bruke det, kjem dei krava som eg siterte i førre innlegget til rette. Om du ikkje tek fagbrevet gjennom skule og læretid, må du køyre i 5 år før du kan gå opp til fagprøve. (iallefall var det slik då eg tok fagbrev etter to år som lærling for 3 år sidan)
-
No skal ikkje eg heller skryte på meg å vite alt, og for å vere sikker på at eg ikkje lyg, så har eg no vore på lovdata og snoka litt, og det var neimen ikkje enkelt å finne dette. Men no fann eg det til slutt: http://www.lovdata.no/for/sf/sd/td-19930928-0910-011.html#A5 Det ser derimot ut for meg at det finst ein ny måte ein kan få lov til å køyre alt ved 18-årsalder. I "Yrkessjåførforskrifta", kap. 1 §8 og §9 står nemleg følgjande: "§ 8. Fullstendig grunnutdanning, alle rettigheter Fullstendig grunnutdanning skal samlet utgjøre 280 timer. Person som har oppnådd yrkessjåførkompetanse på bakgrunn av 280 timer grunnutdanning og bestått prøve kan utføre person- eller godstransport i samsvar med sin førerett og kravene til yrkessjåførkompetanse i § 3. § 9. Komprimert grunnutdanning og aldersbegrensede rettigheter Yrkessjåførkompetanse kan oppnås gjennom komprimert grunnutdanning. Utdanningen skal samlet utgjøre 140 timer. Person som har oppnådd yrkessjåførkompetanse gjennom komprimert grunnutdanning og bestått prøve, kan fra fylte a) 18 år utøve godstransport med kjøretøy som krever førerett i klassene C1 og C1E b) 21 år utøve godstransport med kjøretøy som krever førerett i klassene C og CE c) 21 år utøve persontransport med kjøretøy som krever førerett i klassene D1 og D1E d) 21 år utøve persontransport i rute oppad begrenset til 50 kilometer med kjøretøy som krever førerett i klassene D og DE e) 23 år utøve persontransport med kjøretøy som krever førerett i klassene D og DE. Person som har bestått eksamen til fagbrev som yrkessjåfør i henhold til direktiv 76/914/EØF er unntatt fra alderskravet i andre ledd bokstav b. 0 Endret ved forskrift 23 juni 2010 nr. 1024 (i kraft 1 juli 2010)." http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-20080416-0362.html Slik eg tolkar dette, kan ein altså ta sertifikatet privat, og så ta det utvida yrkessjåførkurset på 280 timar, så er det tut og køyr frå fylte 18 :). Når eg tenkjer meg om, så høyrde eg faktisk om dette då denne moglegheita vart til, men då vart det sagt at køyreskulene stort sett kun ville tilby 140-timarskurset, og overlate 280-timarskurset til nettopp transportfagutdanninga. Men altså, moglegheita er der ;).
Bilforumet diskusjon
Bilforumet er plassen du diskuterer bilrelatert innhold. Du spør gode spørsmål og får hjelp av dyktige medlemmer med til sammen tusenvis av år med erfaring fra bilhold. Du kan diskutere alt fra bremseproblemer, tips til montering av ekstralys, hjelp til feilsøking. Du kan også dele dine erfaringer med andre og hjelpe andre medlemmer av dette fantastiske samfunnet.
Kommersielt innhold
Innholdet på forumet er i all hovedsak brukergenerert og blir moderert av brukerne selv. Det er strenge regler for posting av direkte reklame fra eksterne aktører. Forumet eies av Ekstralys as og er hovedsponsor av forumet. Ekstralys og enkelte partnere har anledning å poste umoderert innhold som kan inneholde produktplasseringer. I slike tilfeller vil kommersielt innhold være merket av den som poster i dens signatur.