Gå til innhold

Hkv

Bruker
  • Innholdsteller

    13
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Hkv

  1. Liten etterlengta oppdatering sida sist; bilen vart avskilta på nyttårsafta 2023, for bror min som er mekanikar fekk overtalt meg til å bytte toppakning, for å vere på den sikre sida. Eg skal være ærleg nok til å sei det, eg kvir meg. Det er første gang eg skal forsøke å få det til - i garasjen heime. Eg har ikkje noko mykje erfaring med skruing, så det å gå rett på ei slik oppgave blir definitivt ein prøvelse... Eg får rettleiing der eg skal, men me veit jo ikkje om det er den definitive syndaren til mine ..eller, Audien, sine problem.... Uansett, så er prosessen starta. Bilen er parkert, trang garasje uten isolasjon i og eit helvetes dårleg utvalg av verktøy. Føler eg ihvertfall, når eg les om andre som skrur og ser på diverse videoar på YouTube. Det er også vanskeleg, når eg forsøker å søke opp bilen min på diverse nettsider og delekatalogar, bilen min finnast ikkje. Ikkje med den motorkombinasjonen. (A6, C5 fase II, motorkode AWT). Typisk... Finn lignande motorar som er i VW Passat sjølvsagt, men det ser heilt annaleis ut på sprengskjema der, kontra korleis motorrommet mitt ser ut. Blir sprø av mindre, berre så det er sagt. Uansett, så har eg ein langvarig prosess som eg har framfor meg, satsar på å bli ferdig, før bilen har stått "for lenge" i ro. ...er vel noko med 2 år utan EU, så må den på visning att hos SVV... som eg ikkje har lyst til. Det blir berre ekstra usikkerheiter, som eg ikkje treng. Har du tips? Skriv gjerne ein kommentar. Har du lyst til å hjelpe meg? Hehe, det er lov å lufte forslaget... gratis er det også. ..I rak motsetning til Møller. Dei kom med pristilbud på 37k for å bytte toppakning, åleine. Eg har ikkje denslags pengar. Heilt til slutt, så kan eg ta med at baksetet - sittebenken - i bilen har vorte delvis øydelagt. Skinnet, som er i midtsetet, har smuldra opp på eit eller anna vis. Eg legg ved bilder av det, for eg bør også få det reparert. Stoff / skinn / stoff. Har laga til eit innlegg på mittanbud om å få det fiksa, men det er stille. Veit du om nokon som kan påta seg arbeid - for ein fornuftig penge, så skyt også inn ein kommentar på det.
  2. Hkv

    Golf 3 delebil?

    Hei godtfolk! (eller... Golffolk?:D ) Har ein Golf 3 som har runda 30 år på vegen og har dessverre fått kjenne på litt rust no dei siste åra. Spesielt dei to siste, da eg har brukt den meir eller mindre daglig. Bilen er frå '93, billig og sikker i drift, har ikkje hatt nokon form for problem med den i det heile tatt. Så eg skal beholde - og bruke den, for det er jo det bilen vart laga for tross alt?;) Har eit lite spørsmål, muligens longshot, men.. er det nokon att her inne som har tilsvarande bil? Evt også ein delebil? Er på jakt etter ei ny bakluke, for det er der rusten hovedsakleg er og har satt sine djupe spor desverre... ellers har bilen litt falma lakk, men det er eit anna problem til ein anna dag. Kjenner du eller veit du om noken som har deler? Skrik ut! Slenger med eit bilde av ein tilfeldig dag eg var ute på køyretur og fann ein med maken bil! 😄 (min bil er bakerst, med liten bulk bak til høgre)
  3. Kan begynne å lure på om magnetventilen har ledningsbrudd eller at det kan være feil ein anna plass... har noken forslag til noke eg heller kan prøve å sjå etter, tips gjerne.... Enn så lenge så er det eit heller lite problem som kan vente, sida bilen plutseleg har begynt å bruke ekstreme mengder med kjølevæske.... har ikkje noke kvit røyk av eksos, men mistenkt halvsøt lukt der likevel. Trur ikkje toppakninga er gåen, men at det heller lekker ut under motor ein stad. Har ein bekjent som har jobba på Berge & Co / Møller tidligare, som tek seg av bytte av ein drivknute (høgre foran) som eg synes lagar litt ulyd. Samtidig som han gjer det, så ser han etter om der er noke lekkasjer på slanger som kjølevæska skal flyte fint gjennom..
  4. Finner kun til diesel og ikkje bensin? Hm... Har du meir informasjon om bilen du kan legge ut? fann ei nettside til som kanskje kan prøvast ut... https://nissan-europe.epc-data.com/qashqai/
  5. Hei Frank! bruk finndel.no / lenka her: https://finndel.no/biltype.aspx?bk=16 og finn Qashqai typen du har, trykk på bokstaven "T " øverst på sida deretter, så finner du Tenningslås i lista der... du kan også trykke inn REG nr på bilen din på sida der for å finne deler som skal kunne passe din bil. NB vær oppmerksom på at det kan hende det ikkje er 100% match med din bil, men det er iallefall ein god indikator på kva du skal gå etter... lykke til!
  6. Orakelet Quattro 73 slår til igjen! Kanskje klar for meir også? Kjøpte ny dynamo på bildeler.no for ei stund tilbake, sida det var relativt "billig" penge. Måtte dobbelsjekke at den passa inn i bilen og trippelsjekke fabrikat - Alt der OK. Den kom i posten, fekk bror min til å ta ein titt på bilen i påsketida me hadde no og han forsøkte å bytte regulator / diodebro på ny og gammal - der han kom fram til at det var like greitt å bytte heile dynamo. (sjå vedlagt bilde 1.) Gammal dynamo hadde såkalla frihjul, ny dynamo har ikkje... Batterispenning ligg no også på ein sunn ~14.6 istadenfor konstant 16v (iflg instrumentpanel) med gammal dynamo. FLIMRING I LYS BORTE VEKK!! Glede!!! Måtte sjølvsagt ta meg ein prøvetur og nyte følelsen av at eg var endelig kvitt ei langvarig plage, kanskje til og med 2? Neida. Kjøpte også ein ny magnetventil ( https://www.eurodel.no/luftskrue-drivstofftank-maxgear-18-0521 ) sida den var mest sannsynleg problemet... Sjå vedlagt bilde nr 2... Enkelte gasspådrag eller høg fart (opptil 80, om lensmann leser på forum ;) ) og tilbake til lågare turtall / tomgang var ein "sikker" måte å framkalle feilen på, men den kom ikkje første dagen. Ei heller andre dag, men som alle gode ting, så kom den på dag 3. Bilen sto og gikk lenge på tomgang tidlig på dag og etter litt køyring lengre opp i toppen av byggefeltet (toppen 30km/t) og tilbake på tomgang i noken minutt, så kom lampen på. Fram med pc og vag-com (gratisversjon, men lell), les feil og joda. Feil 16825 // P0441 er tilbake. Kanskje ledningsbrudd?
  7. Hørt om spenningsregulator, både frå elektriker og mekaniker, men tenkte at den kanskje ikkje skulle være synderen, iallefall ikkje når eg vil kalle den "litt ny" (ref vedlagt bilde) ... men kan bytte med ein anna som er "pent brukt" og ligger hos skraphandler klar til nytt liv? Ut i fra kvitteringen er dynamo nesten 7 år gammel og holdt ut 57.837 km... kjøpte bilen i slutten av Januar 2020, ganske så sikker på at lysene pulserte da også, la merke til det nedover gjennom Finland... kan den ha blitt utslitt så fort? ..under 5 år? Er ikkje kjent med kvaliteten og merke den er av, men det kan ein vel finne ut av når ein ser nærmare på den :P Skal ta ein telefon til elektrikeren ila dagen/kvelden, så finner me nok ut om me er gode venner enda ;D Takkar iallefall for svar og idéar som kjem inn!
  8. Ferske saker fra Berge & Co For de som forstår meir av bil, har de noke innspel? Tenker at det kan være greit å begynne med å sjekke /bytte jordingskabel ved å lage ein ny el om finn ein som er "pent brukt" ..alt ettersom.
  9. Audi A6 C5 -04 Har nokon greie på feilkode p0441? (bilde 1) Søkt meg grønn på nettet, snakka med andre luringar på nettet rundt om og lurer no på om det er fleire som har vore borti denne feilkoden? P0441 EVAP System Incorrect Purge Flow Har bytta: Returventil "n80 valve" (bilde 2) https://www.eurodel.no/luftskrue-drivstofftank-maxgear-18-0521 Veivhuslufting slange (bilde 3) (bestilt hos Berge & Co avd Sogndal, men fant del med samme nr på Eurodeler... og sjølvsagt for ein brøkdel av prisen eg betalte. https://www.eurodel.no/slange-veivhuslufting-vaico-v10-2275 Tilbakeslagsventiler, 2 stk (bilde 4) https://www.eurodel.no/ventil-luftstyring-sugeluft-vaico-v10-2108 Har hatt denne feilen i snart eit halvt år, bytter deler og sletter feil med obd2 verktøy fra Biltema... Har tidlegare også brukt meir avansert "Hella Gutmann" greier som rapporterer samme feil.
  10. Hkv

    Min Audi A6 c5 1.8TQ

    Tenker at eg skal ha den eit par mange år ja =) Ser bra ut mtp rust og blir behandla med lanolin på understell for å bevare den lengst mulig.
  11. Hkv

    Min Audi A6 c5 1.8TQ

    Ledningane her var i utruleg dårleg stand. Tok ut kontaktane frå bilen og løyste opp ledningsnettet frå døra, fekk eldstebror (utdanna mekanikar) til å hjelpe meg ved å lodde ledningane. God hjelp å ha!
  12. Hkv

    Min Audi A6 c5 1.8TQ

    Etter nesten *2 år* etterpå skal du få ditt svar! P0171 feilen er fiksa. Var øydelagt gummi på veivhusluftinga, så den sugde inn "falsk" luft. Skal legge til bilder og delenummer. Ny del nr: 06b103221p Var innom Berge & Co avd Sogndal for å få bestilt rett del til bilen, fiksa sjølv. Anbefaler også 3 nye slangeklemmer når denne delen blir bytta, finn noken enkle på Biltema. Trur det var ~ ø35.
  13. Hei! :) Er ny her på forumet, tenkte å både vise fram smågliset for å komme inn i miljøet her - samt å få hjelp / råd av andre sine erfaringar med samme type bil :) Bilen er ein Audi A6 C5 S-Line 04 modell. Slenger med eit par bilder, eit som er i tråden og ei lenke :) Historien til bilen er nokså enkel. Vart kjøpt av ein kar i Alta og importert frå Tyskland, etter å ha blitt brukt som demo-bil for Audi Deutschland. (ref. tidl. eigar) Bilen i seg sjølv er fantastisk å køyre. Ligg også ganske godt på vegen med sine 150 + 50chip hestar. Kjøpte den med eit par "småfeil" ... kjem nok til å prøve å bruke forumet her litt :) Av desse småfeila er det: 2 permanente feil som får motorlampe til å lyse opp.. har bytta delene på merkeverkstad, men kjem tilbake. (kvittering frå Audi-verkstad brukar ordet "permanent". ) Motorlampe lyser med feilkode p0171 (System Too Lean) ... denne feilkoden er "vanleg" dessverre, kan muligens fiksast på harry-måte? :D Motorlampe lyser med feilkode (xxxxx) ... denne har eg gløymt i farta, men kjem opp til tider. (Er relatert til feilen som slår ut over^) P0171 Read more: https://www.autocodes.com/p0171_audi.html Eit par mindre feil som eg vil prøve å fikse litt på sjølv er Vinduheis bryter venstre bakdør fungerer ikkje, men fungerer på førerdør (kalt Master panel?) Sentrallås knapp på førerdør fungerer ikkje. Bagasjerom åpnar ikkje av knappane på nøkkel (lås/lås opp fungerer fint.)
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår