Symptom: styringen var ustadig tung og "lett". Sjekka servoolja. Det var tomt. Fylte på ny. Då vart servoenhjelpen heilt borte (rart?) . Kopla på iCarscan. Fant ingen servomotor. Reknar derfor med at den har tatt kvelden. Sjekka etter lekasje på tannstang. Ingen olje i mansjetter. (simmerringer ok?) Synleg olje rundt tilkopling til høgtrykk og retur. Ingen lekasje ellers.
Spørsmål:
Er det rett å tru at returolje ikkje har noko særleg trykk? At lekasje er lite truleg frå den?
Kan det hende at høgtrykkstilkoplinga til tannstanga kan lekke? Det er to metallpakningar, ein på kvar side av tilkoplings røyret. Kan røyrbolten vera deffekt?
Har fått tak i brukt tannstang og brukt pumpe. Hadde håpa at eg slapp byta tannstang.
Nokre råd til å feilsøke/sjekke om gammal tannstang er ok med ny pumpe?
Er det fare for metallspon i tannstang frå pumpa som rauk?
Alt av info er av interesse...
Bilde er fra førarsida.