Hei!
Eg er litt i beit for eit råd. Som spørsmålet viser så er eg ikkje spesielt kynding mtp bil, men prøver å finne ut litt etter kvart. Vi har ein relativt ny Multivan ehybrid. Forleden dag så kunne eg høyre ein delvis "fresande" lyd - typisk når veske/vatn treff noko varmt. Lyden kjem frå like bak framakslingen, sirka litt bak/midt mellom framdekka. Har ikkje lagt merke til det før. Det drypla litt veske, tilsynelatande vatn på lukt, eller mangel på lukt, og ned på bakken etter at bilen var stoppa. Tok eit bilete, sjå vedlagt, og det kan sjå ut som det er eit hull/sprukke litt. Men om dette berre er eit deksel for å dekke varmare deler eller om det er ein vital del, det veit eg ikkje. Litt kondens frå ulike apparat er jo å forvente, men kan ikkje hugsa å ha høyrt denne lyden før - fyrste gang for ei veke sidan. Kjøleveske osb er fullt.
Er dette krise eller er det mogleg å køyre med ei stund? Er på ferie og det er ikkje akkurat veldig lett å komme til på verkstad. Litt hastverk så om nokon har eit godt råd, så vert det sett enormt stor pris på!