He altså bestilt meg ein v40 t4, og er interessert i linkar til forskjellig utstyr som finnast til desse. Eg vil prøve å modifisere bilen ein del utan at den skal sjå ut som ein ungdomsbil for det. Bilen skal ikkje miste evna til å vere praktisk.
Planar er:
*Anlegg. Bytte alle originalhøgtalarane til peerless definition eller resolution frå dynabel. Kjem også til å kjøpe ein stk 10" sub, to dynabel-forsterkarar, kondensator frå dynabel. Dette skal eg prøve å få skjult heilt i bagasjerommet, dog kjem vel 10" til å måtte stikke fram, men blir muligens glassfiber-kasse for å spare plass.
*Toning av ruter. Soting er nogo, og i mine auge styggare enn originalt. No offence til dei som he mørk soting, men slik er eg :)
*Felgar. Tenker noko àla 17-18" fem-eikarar, he vore innom ei side og testa bilen med felgar, trur femeikarar blir fint.
*Senking. 40-40 tenker eg i første omgang, men er det finare å gå for styling og ingen senking. Eg skal ikkje ha meg brøytebil :)
Diverse lykter, mindre modifikasjon, tips for meir effekt ol. tas imot med takk. Er i hovudsak ute etter sider som he prisar.