Hei!
Takk for alle svar.
Har no fått fjerna det meste av deksel og greier innvendig, samt baksetet..
Var mykje vatn i brønna til reservehjul, den fordjupninga under baksetet, og både under og over teppet i baksete-fotbrønnene..
Reknar med vatnet under teppet kjem frå bak-enden, sidan teppet ligg opp mot baksetet, viss de skjønnar kva eg meiner..
Skal teste med vannslange enten i helga eller til påska..
Men ein ting til!
Tok av dekselet på eine døra, og der var det svært fuktig og til og med mugg (Æsj)!
Dreneringshøla i botnen av døra var ikkje tette, og plastikkfolien såg heil og fin ut..
Kva kan dette komme av? Ser at det renn litt vatn ned fra den utvendige vinduslista når eg sprutar vatn på, men er ikkje det relativt vanlig?:s
Vatnlekkasje er visst ein større jobb en kva eg hadde sett for meg:p