Gå til innhold

thamule

Bruker
  • Innholdsteller

    186
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av thamule

  1. Blir nok bra! Eg er så langt ikkje fornøgd med mitt oppsett. Men det trur eg har med installasjon å gjere, ikkje utstyrslista. Så installasjon er jammen ein viktig faktor, det har eg erfart!
  2. No er han i alle fall bestillt og så får vi sjå om det er noko til spelar. Kan jo alltids benytte meg av angreretten viss det blir fiasko.
  3. Hei. Fant denne på bilradiospesialisten si side. Nokon som veit om lyden på denne er bra? Eg tenker ikkje på høgtalarutgangane, men på signalutgangane. Er vel begrensa kor mykje ein spelar kan klare å ødelegge lyden. Var jo genialt med avtagbar navigasjon og greier, men er litt skeptisk til slike billige 2-din spelarar. Nokre innspel?
  4. 1500 + frakt frå Pedersen racing. Volvo skal vel ha litt over 3000 for samme greiene trur eg. Meca skal ha 2300
  5. Klart det, men på normalt volumnivå ser eg ingen grunn til at mellomtonane og spelar bass? Får jo kanskje fram litt meir detljar på lavt volum når lyden frå suben ikkje er høyrbar.
  6. Ja det spørs om eg må jobbe med installasjonen av 6,5" Eg har justering av delefilteret ja. +3, 0 og -3 trur eg. Eg har og kontrollert fasen.(Har testa å bytte om + og - på eine, men det vart i alle fall ikkje betre.) Den skal vere korrekt. Delefilter kan eg koble på, men det gir vel i alle fall ikkje meir bass frå elementa?
  7. Seasen er ikkje delt av. Den spelar så langt ned den klarer. Kan hende eg må sjå på monteringa av mellombassane mine og prøve å bygge meg ein slags kasse eller noko. No er dei montert i ei sponplate som er limt fast i dørtrekket som igjen er skrudd fast i døra. Skal sjå litt på det etter kvart, takk for tipset. Men det med sensen på pg'en. Er det normalt å måtte så høgt opp med den? Altså ein millimeter eller 2 frå 0,2V?
  8. Vore og justert litt og lytta igjen. No har eg faktisk delefilteret ca der som det er på bildet du posta matador. Kansje litt under så eg er vel i underkant av 100 Hz ein plass. Når delefilteret står så lavt måtte eg opp med gainen til ca ein millimeter frå 0,2. Då har eg eit ganske bra volum frå bassane mine. Eg synst fortsatt det er temmelig høg gain, men det spelar egentlig temmelig greit både på lavt og høgt volum. Har eg "snakkevolum" i bilen blir ikkje bassen høyrbar, men det kjem vel av at den står helt i bagasjerommet. Så slik må det vel berre vere. Men no når eg har fått opp sensen på bassen såpass og samtidig skrudd ned delefrekvensen så synst eg det blir litt lite midbass i forhold til bass. Med andre ord manglar eg no bass frå den andre forsterkaren og då kan eg ikkje forstå anna enn at det må vere noko anna gale ein plass. Noko vi overser. Kan det vere signalkabelen som ikkje slepp bassen gjennom eller noko? Er og selvfølgelig mulig at alt er som det skal med frontsettet, kabel og spelar og at det er pg som ikkje er heilt i orden slik du seier, men eg har ikkje peiling på slikt og veit ikkje heilt korleis eg skal få finne ut av det. Og ut i frå responsen på kor mange på vestlandet som er behjelpelige med å lytte reknar eg ikkje med det er fleire som har peil på forsterkarar som er interesserte å hjelpe til, og då blir det litt vanskelig for meg å finne ut om den er i orden eller ikkje.
  9. Ja det er godt mulig den ikkje er heilt i orden. Eg kan ta eit bilde av innstillingane slik dei er no og so kan du kanskje kommentere dei. Det er forresten det bildet der eg har brukt då eg sjekka kor høgt eg hadde delt bassen.
  10. Hei. Justerte litt på anlegget mitt i dag og skrudde delefrekvensen opp en del og gjekk fram og høyrde korleis det vart. Bak med kassen høyrdest det ikkje så pent ut, men framme i kjøreposisjon blei det jævlig bra. SKikkelig trøkk og mykje meir av det øvre basskiktet kjem fram. So såg eg kor høgt eg hadde delt den, ut i frå eit ark som viser delefrekvensen i forhold til posisjonen til skruen på delefilteret. Eg hadde delt på tett opp under 200Hz!!! Dette er då jævlig høgt? Og sensen/gainen på forsterkaren står så høgt at det susar litt i bakgrunnen når eg ikkje spelar musikk fordi forsterkaren forsterkar litt støy. Helt javn susing, som frå ein radio som ikkje har funne kanal. Men denne støyen er kun høyrbar bak med suben. Eg synst det er rart at eg må så høgt opp på delefrekvens og på sense for å få skikkelig trøkk. Kanskje eg må ha meg ein større amp.
  11. Kassen var tidlegare tett, men eg følte "suget" etter litt meir trøkk bassen. Det blei derfor laga portar i kassen og eg fekk akkurat det. Litt meir trøkk. Skal sjå på muligheiten til å oppgradere batteri då det er eit billig syrebatteri frå Biltema som er nokre år gammalt. Har høyrt frå ein kompis at AGM er vegen å gå viss eg skal kun ha eitt batteri framme. Dette er vel minst på høgde med eit gelebatteri? Skal også legge opp større strømkabel viss eg velger å oppgradere batteri framme i staden for bak. Trur 16 er litt lite ja. Kanskje berre legge opp 50 når eg først er i gang. Det er vanskelig å justere lyden synst eg. Spesielt sidan basskassen må flyttast for å komme til forsterkarar. Blir tungvint å springe fram og tilbake for å justere. Det hadde gjort seg med fjernjustering av PG'en, men fjernkontrollar fulgte ikkje med då eg kjøpte den, sjølv om eg ser at den har slike inngangar. Men det er nok berre å prøve å feile litt, går seg nok til etter kvart.
  12. Takk for svar. eg justerte litt på delefilteret og skrudde nesten helt av basbosten som du sa. Fungerar greit no trur eg. Angåande potmetera so trur eg dei er ok, prøvde å gjere som du sa, men fant ingen feil, eller så har eg ikkje sett godt nok etter. Men no virka lyden ok, så eg får prøve å kjøre litt slik ei stund og sjå ka eg synst. Angåande kassen er den akkurat på centimetern og literen etter anbefalte kassevolum og portar som Norsk elektroakustikk har anbefalt, og eg fikk beskjed om at 50 var optimalt, men det burde fungere aldelse utmerket slik som eg har det no, so trur ikkje det er noko problem med kassen. Den er tuna til 46 Hz i følge denne tabellen. Er det forresten mulig å tune den lavare uten å bygge ny kasse? Det er sannsynligvis eg som ikkje helt har fått til å finne riktige innstilingar på forsterkaren min som gjer at lyden har vore litt slapp. Men uten bassboost kom den seg, stilte opp delefilteret og gainen litt i staden. Men litt om spenning og strøm: Eg leser desse spenningane av med voltmeter: Alle målingar er gjort når bassen slår Over batteriet uten musikk: 13,5 Over batteriet med høg musikk med bass når bassen slår: 13,3-13,4 Over forsterkar med høg musikk når bassen slår: 12,9-13,0 Kva kan ein sei om tilstrekkelig kabling ut frå dette? Og er det mulig å måle kor mykje straum som går gjennom anlegget med eit amperemeter? Takk for masse gode svar forresten matador. Bra vi har slike kompetente personar som deg her inne:thanks Eg bur her :)
  13. Ok. Så spelaren skal vere "god nok" til at eg skal få bra guffe i anlegget altså. Eg har ein kase på 2x30 liter med ein 3" port på 23cm i kvart kammer. Kassen står i ei stasjonsvogn med både element og portar festa i same plate peikande bakover. Kassen ser slik ut: Korleis brukar eg bassbosten då? Er det nokon mal for det?
  14. Korleis skal eg stille den inn då? Delefilter på ca 100 Hz, stille gain til eg har passelig volum og så "lytte til" med bassinstillinga? Eg synst lyden kjem seg voldsomt når eg får litt volum, då viser bassen seg skikkelig.(lurer derfor på om kanskje eg burde hatt høgare spenning på signalet. Blir ikkje spenninga høgare når eg skrur på volumet på cd-spelaren?),men samtidig blir det litt groms i bassen(dette kan selvfølgelig ha med innstillingar å gjere). Det er ikkje lenger så rein og fin lyd og på "kjappe" parti høyrest det ut som bassen kan henge etter. Så det er rett og slett for lite på lavt volum, men for masse bass til at det er kontroll på elementa når eg har høgt volum.
  15. Eg synst det er litt rart at eg må helt bort på 0,2V på gainen for å få noke lyd ut av bassane mine. Samtidig ser det ut som det eine elementet spelar annaleis enn det andre, men eg har jo begge plussane til begge elementa på eine plussen på forsterkarenog begge minusane på eine minusen på forsterkaren: Eg synst eg til tider har gromsete bass når eg skrur opp.. Lyden er mykje bedre(les: bassen er tilstede)når eg får skrudd opp volumet, men ikkje noke å skryte av på lavt volum. Dette er spesielt bassen. Frontsettet trur eg spelar greit. Lite bass her og egentlig, men dørene er jo ikkje dempa. Eg har ein 60 ampere sikring på anlegget mitt og den har aldri gått for å sei det slik så ekkefta ut kan ikkje vere så voldsom at det skal bli masse tap i kabelen(16 kvadrat).
  16. Ja ok. Spelaren burde byttast. Men eg er litt redd for å invistere meir før eg veit kva som er "problemet". Men det er kanskje ikkje så lett å finne problemet uten å rett og slett prøve å kjøpe nye ting.
  17. Hei. Eg har kjøpt litt forskjellig lydutstyr som eg har i bilen min. Men eg har aldri vore fornøgd med lyden nokon gong. Og no er eg lei av å ikkje vere fornøgd. Utstysliste: Phoenix Gold ZX350 forsterkar PG driver 2 stk Morel Elate 10" Sinfoni 45.2x forsterkar Sinfoni driv Seas Lotus Performance Frontsett 6,5" Signalkabel, høgtalarkablar og straumkabel(16 kvadrat) frå biltema. JVC cd-spelar. 3 år gammal kanskje. Den har ikkje lydutgang med høg spenning. Eg treng rett og slett noken andre sine øyrer som kan høyre og hjelpe meg med å finne ut kva i all verden eg skal gjere for å få skappelig lyd. I dag når eg prøvde å skru litt synst eg til og med at basselementa mine spelte ulikt. Eg synst det såg ut som det eine slo meir enn det andre. Då gav eg berre opp og eg trur eg må ha litt hjelp. Eg søker noken som har litt SQ-peiling og som har lyst å hjelpe ein stakkar. Eg bur på vestlandet så reknar ikkje med det er å altformange i nærheita. Eg skal til Haugesund på mandag og er ofte i Bergen, men bur i ytre Sogn. Om nødvendig kan eg kjøre nokre timar for eg er lei av at lyden ikkje er slik eg vil ha den. Kanskje er eg for kravstor, kanskje er utstyret for dårlig eller kanskje det er strømmen som er problemet. Det er godt mulig det er lett å finne ut av, men eg gir snart opp. Alle svar mottas med stor takk! Mvh Christian :volvopower: EDIT: Eg kom på at eg ikkje har skifta straumledning mellom batteri og dynamo, samt dynamo og chassi og batteri og chassi enda. Vil det ha noko å sei på lyden i seg sjølv eller vil det kun på verke "blinking" i lysa?
  18. hifi-klubben har B&W av diverse slag som kan innfellast i tak, veggar osv...
  19. Nei, det var rett frå spelar og inn på forsterkar, der gain sto på 0. JVC KD-S71R manual Det står det eg skreiv tidligare,(kilo ohm),men ser at eg gløymde å ta med ei linje, så derfor vart det litt feil skreve av meg. Er visst 1 k "omega" Tusen takk for masse fin info!
  20. Matador: Slik ser det ut bak zx350en min: Ser ikkje ut til at eg kan sende videre singalet uten at det er delt fra dei nederste frekvensane. Eg får det ivertfall ikkje til. Og kva meiner du med følgande?: Eg prøvde forsterkaren min på ein cd-spelar for innandørs bruk og lyden tok heilt av, eg reknar med det har med utgangsspenninga på spelaren å gjere. Dette verka svært fristande, og eg fekk derofor svært lyst på noko høgare spenning enn eg har no. No har eg
  21. Viss du søker, finn du masse bra info her på forumet.
  22. Da satser eg på et y-ledd og viss det ikkje fungerer optimalt kan eg sjå meg om etter ein ny spelar. Problemet matador er at eg vil overlappe, det går ikkje med å dele signalet gjennom zx350'en.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår