-
Innholdsteller
549 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Alt skrevet av Papi.
-
Dei tre øvste bileta er tekne av Jostein Bergset (Bergsetfoto.com), og siste biletet er teke av Isak Loen.
-
Eg har lyst å koble av retningsindikatorane framme på bilen, og koble straum på desse frå parkljosa. Inneber at eg misser retningsindikatorar framme. Korvidt er dette lovleg eller ei?
-
Har laga til diodeljos i golvet, både framme og bak på dei to siste bilane mine, og noverande bilen min, ein japserakett, skal også ha undercar-kit i matchande farge til bilen, med tid og stunder. Lovleg, nei, men for show? Ja. Hadde det på to av dei tidlegare japsebilane mine, men med dårleg innfesting, så no skal eg lage hurtigfester for desse røyra og leidningane. Framleis like ulovleg, og blir ein bot som svir på pungen om eg får bot, men det kan eg heller leve med. :)
-
Er bilen registrert i Noreg, er all bruk av underbelysning av bilen ulovleg, utan unntak. Ferdig med den saken.
-
Sett på Subaru Forester S-Turbo? :)
-
Eldste Subaru Forester er komne ned på rundt 50 laken, og til trass for at nokre av dei ser litt shabby ut, så er dette maskiner som går, går og går. Behagelige, kan trekkje hengjar, god plass, fantastisk framkommeligheit, og dette er PÅLITELIGE bilar, etter min meining.
-
Var under bilen, og såg at eine gummiproppa var vekke, rundt tre centimeter i diameter. Får finne noko å tette att med der, sidan eg ikkje finn proppa. Men dette holet gjekk rett opp i golvet på bilen, og har vore vått der tidlegare, så der er iallefall ein stad lokalisert. Får tette att dette holet, og sjå om dette hjelper. :)
-
Bilen min (2-dørs coupé) har ein lei tendens til å bli veldig duggete. Dette særskilt under regnvåte dagar, samt når eg har passasjerar på også. Forslag til kva eg kan gjer med dette? Fryktleg irriterande. Varmeapperatet på fullt hjelper til dels, men AC'n verkar ikkje 100%, men likevel tykkjer eg det vert svært mykje dugg i bilen. Råd?
-
Høyrer frå forskjellige i sykkelmiljøet at no kan dei som har kun B på lappen, også køyre lettsykkel, til trass for at dei ikkje har det på lappen. Kan nokon be- eller avkrefte dette?
-
Er det automatikk i dette? Eller får du berre tilbake att førarkortet fram til ein sak då er oppretta? Får høyre ganske mange forskjellige praksisar på dette nemlig..
-
3000GT er ein 4-setar, men bakseta er i grunn berre ekstra bagasjeromsplass. Er _svært_ ubehagleg å vere ein vaksen mannsperson, eller long i beina i bakseta på ein slik bil, sjølv om det er snakk om berre ein halvtimes tid. Er mektig imponert over kor liten plass det er i baksetet, til trass for størrelsen på bilen. Du kan godt ha plass til to-tre små bager i bagasjen, skateboard, om du skal ha ein liten basskasse i bilen, men skal du ha ski, og snøbreitt i bilen, må du nok slå ned eine setet, og la det gå litt inn i kupeen. Desse bilane er koslige å køyre, behagelige, men kan drage litt drivstoff om du er hard på foten, og det er ein tung bil. Det finst mange fleire, betre alternativ til ein allbruksbil, etter min meining. Plass er mangelvare i b ilen, ikkje tru noko anna. Hehe.
-
Korrekt. Og deletilgongen er ikkje allverda god. Forsikringa derimot er kraftig høg, med mindre du har eindel bonus.
-
VR-4 med 3 liters V& og twinturbo, brukar rundt 0,8-0,9 på finkøyring/longkøyring. _FINKØYRING_. På aktiv køyring? He-he-he.
-
Då var spotify på maskina. Tusen hjartleg for invite!
-
Ynskjer invite eg også, om nokon har. Send meg ein pm, så skal eg sende deg mailen min, anyone. :)
-
Såg ein bil køyre forbi heime her no nett, kom køyrande frå aust, og køyrte utover mot kysten. Ein knallfin kvitfarge, 2-dørs med faste lamper framme, og ein "Eclipse-lookalike"-vinge bak på hekken. Supra/Celica/Eclipse av noko slag, men fekk ikkje heilt med meg kva bil det var.
-
Såg ein skyline i dag på veg oppgjennom bygda, litt aust for Oslo. Trur ikkje det var skilter på den. Nokon her?
-
Korleis kan ein, på ein diskret måte dempe ljoden i eksosanlegg, som overskrider db-grensa? Er det nokon småsmarte triks ein kan gjere nytte av, til dømes før ein PKK, til lengre bilturar, slike ting? Forslag vert tekne imot med takk.
-
espsko: Moroprosjekt - Jaguar XJS V12, The Bosozoku Beast
emne svarte i Papi. sin espsko i Prosjektforum
Hehe, tykkjer det er litt spennande at nokon tør å drage den litt lengre enn alle andre. Supre greier, blir eit spennande prosjekt dette! :D -
Tenkte noko slikt som eit subforum som heitte "Webshops - tilbakemeldingar", der titlane på samtlige trådar er navnet til kvart enkelt firma, slik at ein kan gje sin eigen tilbakemelding på det firmaet. Etterkvart har eg begynt å handle eindel på nett, og på denne måten kan ein opplyse andre om websjapper som er til å stole på, kontra mindre gode å stole på. Grunnen til at eg tenkjer på dette, er at eg bestilte ein spelar på nettet, frå ein websjappe her i Noreg for litt sidan, og det gjekk så sinnsjukt fort frå eg betalte teil eg fekk den, at eg tykkjer det hadde vore fint å kunne gje dei den cred'n dei fortenar for dette.
-
http://www.bilxtra.no/butikk/?ItemId=13223 Sel min Kenwood-spelar, grunna overgong til ein betre ein, med fleire moglegheiter. Hatt denne i litt over ein månad, og er lite brukt i denne tida, er som ny. Føl med alt av instruksjonsbøker, boks. Kjøpt ny hos Bilxtra, men har mista kvitteringa på denne. Det hastar å få den vekk, så sel den for 1000,- + frakt. Veldig, veldig god spelar, men eg treng ein med fleire valmoglegheiter når det kjem til illuminering, og utgongar.
-
Som bondestrik har dette vor min del vore kjent lengje, men utruleg bra at nokon tek iniativ til dette skrivet, for er mykje bra info som ABSOLUTT er godt å ha i minne! Har som ryttar opplevd nokre småubehagelige episodar med bilistar/syklistar, og er fint lite trivleg når du rir på eitpar hundre kilo ukontrollerbar masse av musklar som har fått panikk.. Les og lær, utruleg greitt å ha med seg vidare!
-
Høyrte rykter om at det var ein raud Mitsubishi 3000GT som køyrte eindel i stryn sentrum midt på dagtid, og etterkvart drog ut mot kysten, i retning Eid/Hornindal. Nokon her?! :D
Bilforumet diskusjon
Bilforumet er plassen du diskuterer bilrelatert innhold. Du spør gode spørsmål og får hjelp av dyktige medlemmer med til sammen tusenvis av år med erfaring fra bilhold. Du kan diskutere alt fra bremseproblemer, tips til montering av ekstralys, hjelp til feilsøking. Du kan også dele dine erfaringer med andre og hjelpe andre medlemmer av dette fantastiske samfunnet.
Kommersielt innhold
Innholdet på forumet er i all hovedsak brukergenerert og blir moderert av brukerne selv. Det er strenge regler for posting av direkte reklame fra eksterne aktører. Forumet eies av Ekstralys as og er hovedsponsor av forumet. Ekstralys og enkelte partnere har anledning å poste umoderert innhold som kan inneholde produktplasseringer. I slike tilfeller vil kommersielt innhold være merket av den som poster i dens signatur.