Gå til innhold

Papi.

Moderator
  • Innholdsteller

    549
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Papi.

  1. Til dere som skal kjøpe deres første bil - les her Førstegangsbil Elles, vennligst bruk søkefunksjonen her på forumet. Det ligg nok informasjon her på forumet, du må berre gjer ein liten eigeninnsats for å finne den fram, og lese gjennom den.
  2. Har du fleire krav, eller eigenskapar hos bilen du ser etter, evt. ikkje ynskjer, eller ikkje er så nøye, som kan hjelpe med å dreie ned val-alternativa litt?
  3. Er absolutt ikkje likt meg å kommentere slike annonser, men den Skylinen var faktisk utruleg, utruleg stilig! Misunner deg verkleg for den bilen, hadde absolutt ikkje hatt noko imot å eigd ein slik sjølv! Lukke mykje til med salet av den!
  4. Er det Lars Magne sin Galant du meinar? Den er heftig rå! Men fint lite lovleg... Hehe.
  5. Diskusjonen om korvidt ein bil som er unnfanga i eit land, kan seiast å ver frå eit anna land, set eg pris på at vi hefrå og ut lar liggje. Ser potensiale i den diskusjonen, men ta den diskusjonen i stripa i så fall, er de snille. ;)
  6. Same greia med min Galant. Den brukte rundt 1 liter på mila ved blanda køyring, rundtom 0,9 ved veldig fin køyring, og min hadde også 4x4. Skal innrøme at eg sakna den bilen eindel, blant anna fordi den var så fryktelig pålitelig. Skifta clutch ein gong, og elles var det kun slitedeler som vart skifta. Deler var så som så med, eg hadde fine avtalar med den lokale Bilxtraen, og så er dei ikkje noko forholdsvis vanskelige å skru på heller. Sjå opp for rust, særskilt rundt hjulbogene, i kanalane og nederst på dørene, og sjekk for kollisjonsskader, så har du ein heilt super allbruksbil.
  7. Er greitt å ha tenninga på, slik at du slepp at rattlåsen evt. slår inn, då kan det fort gå gale. Sjekk uansett når de skal begynne å drage, at bremsene fungerar tilfredstillande, og sjekk gjerne både med, og utan at motor går. Det skal sjølvsagt ikkje dragast fort over evne, men ver forsiktig anyway.
  8. Eg let denne tråden stå open, sidan den opnar for fleire input, og sidan krava dine er så konkrete som dei er, men ver vennlig, og sjå i dei andre trådane vedrøyrande emnet. Om du også skriv "(bil) review", eller berre søkjer på den bilen du ynskjer å vite meir om, får du mange gode treff. Eg på min eigen kappe, kan anbefale 7G Galant, samt Legacy stasjonsvogner. Eg går aktivt på både nedover- og bortover-ski, og stasjonsvogn i kombinasjon med takrails er heilt genialt. God plass til gear som må ver tørt inne i bilen, og wet-gear utanpå, enten på rails, eller i boks. Galanten hadde også ganske stor bagasjeromsplass, og ser etter min meining ganske ok ut.
  9. På "mine" områder er det ikkje lovleg å stå utanfor dei aktuelle inngongspartia, og røyke. Det er godt skilta, samstundes at dei som prøvar å ta seg ein røyk, vert vist vekk frå anvist område.
  10. Kva folk vel å gjer, så lengje det ikkje går utover andre, er meg fint likegyldig, men set veldig pris på at folk i det minste skrur av motorane sine utanfor inngongsparti til sjukehus, omsorgsheimar, institusjonar, barnehagar, skular og liknande, der det ferdast mykje folk, som gjerne kan ha ein eller annan form for nedsatt og/eller dårleg immunnforsvar. Som oftast er slike stadar skilta, men tek til tider meg i å gå bort til sjåførar av bilar som står rett utanfor slike innongsparti, og ber dei skru av. Ved eit tilfelle, rett utanfor eit sjukehus, fekk eg ein ganske heftig kjeftesmelle av den mannlige sjåføren som venta på kona si, truga blant anna med å kome ut av bilen og "gje meg ein grunn til å ver på sjukehuset". Grunna dette, pluss ein kort, temmelig nedslåande trafikk-historie, missa han lappen for ein periode. Lærdom av dette er at ver i det minste så snille og hyggelige at ein skrur av bilen utanfor sjukehuset når ein ventar på andre. Om det så berre er tre minutt, ver så snille å skru av motorane utanfor slike dømer som eg skreiv no nett, blir mykje triveligare for dei som blir berørt litt kraftigare av dette enn andre, og for dei som arbeid ved slike institusjonar.
  11. Det er sjeldan noko problem å montere ljosa rett på batteriet, men koble via ein sikring, og ein brytar, slik at du kan skru dei av ved behov. Ang. lovlegheita ved desse, så er eg usikker. Det er sjeldan noko problem om desse er retta mot golvet, og montert på ein måte som ikkje er farleg, men sterk, pulserande ljos, med varierande fargar, som er lett synleg utanfrå i særskilt mørkret, er svært lite populært hos Politiet.
  12. Hehe, DET kan ver eit DÅRLEG teikn... ;)
  13. Søk rundt, og finn fleire tilsvarande trådar. Bruk søkeord som forsikring, førstebil, billig bil.
  14. Med tanke på at årsavgifta skal betalast i Mars, bør dette takast med i ein kontrakt. For ein ungdom som ikkje har fylt atten endå, er dette mykje pengar. Om bilen elles, desse går longt, og er sjeldan noko anna tull med, enn det som kjem naturleg med år og bruk. Dette er ein gammal bil, så i din tid med denne bilen, må det ikkje kome som ein overasking at det blir nokre slitedeler du må punge ut for, og få ordna, gjer du mykje på eiga hand, er du komen longt med dette. Sjekk regiserreim, bytt motor-olje, og ta regulært vedlikehald, så har du ein bil som varar lengje. Pass forøvrig på rust, i dørken, kanalar, rundt hjulbogar, er det desse er mest plaga med. Elles kan eg anbefale Mitsubishi-klubben på nett, der er det mange som har brei erfaring med desse bilane, og er godt hjelpe med informasjon på desse der. Eg hadde sjølv ein 7G Galant, gjennom to år, og iallefall med den generasjonen, var eg særs nøgd. :)
  15. Djupe spor i asfalten kan ha hatt ein medverkande orsak Viste fram ulukkesdekka i rettsalen Inne på dei to artiklane, er det også fleire linkar til tilsvarande småartiklar om denne saka. Edit: Forøvrig var det også mykje snakk om tung nedbør i desse dagane dette hende, både før, under, og etter dette hende. Bruken av ordet "bildrap" tykkjer eg særs lite om, då dette ikkje syner det reelle i saka, er samd med deg adivass om dette. Her har nok media mykje av skulda, men frå medias side, "sikta for bildrap", kontra "sikta for uaktomt drap", det sei seg sjølv kva som tiltrekk seg mest lesarar. Nordfjord er ein liten stad, og mange her kjenner kvarandre av navn, kallenavn, eller av utsjånad, så dette gjekk mykje inn på ungdomane i ytre Nordfjord, men også vaksne, sjølvsagt. Sjåfør og eigar av bilen, burde verkleg ha teke i eit tak, og ikkje køyrt med desse dekka som står på. Ein kan ver så tøff i trynet ein berre ynskjer, men å køyre med slike bakdekk på det føre som var då dette hende, det sei seg sjølv at det går gale. Her har det vore ein klar error, sjåfør burde ha sjekka dekka, og sett at dette ikkje var forsvarleg, samt burde eigar av bilen også ha vore oppmerksam på dette. Eg sei ikkje at nokon er perfekte, men det er forskjell på å stele ein tyggegummi frå den lokale 7/11, kontra å stele frå ein penge-transport. Håpar elles det går betre med tid og stunder for alle dei involverte.
  16. Dette er ein veldig generell "hvilken bil skal jeg ha som førstebil"-tråd, og det er nok av desse her på forumet. Ver vennlig, og bruk søke-funksjonen her på forumet, og ver så snill, og bruk mest mogleg korrekt skriftmål. :) Takk. :) Edit: Til alle dere som skal kjøpe første-bil, ein veldig fin tråd.
  17. Endra på tråd-tittel, og flytta den til "Kjøretøyforskrifter".
  18. Eg flytta denne over til "Opplysningen", då den passar betre her. - Papi
  19. Er det nokon av dykk som har nokon form for konstruktiv kritikk å kome med?
  20. Er det eit alternativ å gå nokon form for spesialundervisning? Snakk med rådgjevar på skulen, så du kanskje kan få delta i ein eller annan form for spesialundervisning, det kan kanskje hjelpe. Og som du sa sjølv, om du verkleg prøvar, klarar du 3,8 i snitt. Du kan jo fortsetje å prøve, og halde deg på 3,8-4.
  21. Kopiert frå eit anna forum: To guter, begge med navnet Aksel begynte på skolen, og i samme klasse. For å skille disse fra hverandre ble den ene kalt for Lille Aksel og den andre for Store Aksel. Da de kom opp i høyere klasser viste det seg at Lille Aksel vokste fra Store Aksel, og de måtte finne nye navn. Siden den ene var bedre på skolen enn den andre ble de da kalt for Kloke Aksel og Dumme Aksel. Da de var ferdige med skolegangen og kom ut i arbeidslivet viste det seg at den ene Aksel ble helt gal etter jenter og den andre Aksel det motsatte, helt gal etter gutter. De fikk nye navn igjen, og ble kalt for, For Aksel og Bak Aksel. Kom gjerne med fleire bilvitsar.
  22. Når du søkjer på ungdomsbil, får du opp mange nyttige tråder. Les desse, er du snill.
  23. Les "Dere som skal kjøpe førstebil", når du har gjort det, send meg ein PM med modellane du har valgt ut, så skal eg opne tråden att.
  24. Eg let denne tråden ver, til trass for at dette er snakk om eit spesifikt bilmerkje. Det kan ver at andre, som har vore bort i noko tilsvarande, kan hjelpe her.
  25. Legg deg tidleg, er vel noko av det beste som fungerar. Prøv deg fram, med kor mange timar søvn du treng, for å vakne opp på ein behagleg måte. Er lett åkome seg opp av sengja, om ein vaknar og er opplagd. :)
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår