Hei. Eg kjøpe ein Led bjelke frå Ekstralys som eg vil montere på min Honda Crv2006. Det følgjer med koblingskit med uttak til dashbord-bryter (svart/raud/blå), pluss og minus pol til batteri og ferdigkobla rele. Eg vil kople dette direkte saman med langlysa og treng difor ikkje brytaren som går inn i dashbord. For slik kobling skriv Ekstralys at eg berre treng å koble pluss og minus til batteriet, samt kople blå leder til pluss som går til langlysa. Det har eg gjort. Når motoren og tening er av og eg blinkar med med langlysa lyser både dei ordinære langlysa og lysbjelken synkront, slik som eg forventa. Men i det eg sler på tenninga og når motoren går, slår relet til lysbjelken seg på og lysbjelken lyser konstant. uansett om det er kjørelys, eller langlys. Den går berre av dersom eg set på parklys. So relet får strøm frå pluss pol til langlyset (der styrestrøm) er henta frå eller? Det må i so tilfelle vere svært låg spenning for eg ser ikkje ikkje noko lys i den ordinære langlyspæra. Nokon som kan hjelpe?