Hei,
I det siste har det lukta svidd når eg skal til å parkere bilen heime, det er stort sett kun då det skjer. Eg har tenkt det kunne vere klutch- eller bremserelatert, men har lagt merke til at lukta kjem kun etter eg har teke nest siste svingen heime, der eg må svinge rattet så langt det går til venstre. Det er kun når eg vrir på rattet til det stoppar, og alltid i venstresving.
Er det nokon som har peiling på kva denne sviddlukta kan kome av?
Det byrja same dag som eg fylte ny olje på bilen. Sjølv vil eg tru det er tilfeldig, men nemner det i alle høve, i tilfelle det skulle ha noko å seie...
På førehand takk for all hjelp!