Gå til innhold

Mitt bygg i Volvo V40 T4 - RF, dynaBel og DLS, Bilder 16.07!

Ranger emnet


Tandstad

Anbefalte innlegg

Jaja, he akkurat brukt heile(jepp, var såvidt vi fekk tid til å søve, bygde i to bilar samtidig:P) helga på å bygge. For min eigen del så he eg fått strekt alt av kablar som skal skjulast(tok ut alt interiøret for å skjule det skikkeleg), og bygd kassa. Den opprinnelege planen vart litt modifisert etterkvart, men trur løysinga skal bli brukbar. Utstyret som skal inn er som følger:

 

Allereie innkjøpt:

Dynabel bf7501

Dynabel bf1702

Rockford Fosgate Power HX2 12", rfr 3112(?)

2*1,5F dynabel kondensatorar

2*Monstercables signalkablar

50-kvadrat strømkablar

Dobbel-DIN dvd-spelar

DLS UP5 frontsett

 

Opprinnelege planen gjekk ut på at kassa skulle vere så lita at eg fekk ut reservedekket. Dette går akkurat ikkje, men ser ikkje på det som noko stort problem, då eg for det meste er i ein radius på 30 km heimanfrå, og iløpet av 4 år bak rattet he punktert ein gong. Vidare skulle det fortsatt vere mogleg å få inn seks kasser brus(eg er leier for ungdomsklubben her i bygda, så litt prekert å kunne frakte ein del. He på det meste hatt 20 kasser på ein gong inni bilen) i bagasjen. Dette tviler eg litt på at det gjeng, det blir muligens ikkje meir enn fire. Men litt må ein ofre for godlyden!

 

No blir oppsettet slik at KUN subben viser i bagasjerommet, resten er skjult bak frontbaffelen. Kassa er forøvrig bygd i 19mm MDF/HDF, medan frontbaffelen består av 25,5mm innerst, og den ytre baffelen som skjuler utstyret er av spon 16mm. Frontbaffelen er altså totalt 41,5mm tjukk :)

 

Då stakk eg ut for å ta litt bilder!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Til opplysning: Home-servern ser ut til å slite, trur linkane skal vere rett, så bilda kjem vel etterkvart. Bruka å gjer det iallfall.

 

Hehe, litt treg av meg ja! men bedre seint enn aldri..

 

50 kvadrat strømkabel i motorrom

1.JPG

 

Seter tatt ut, kablar skjult under teppa

2.JPG

 

Der dukka jaggu strømmen opp i andre enden òg

3.JPG

 

Signalkablar og remote ferdiglagt, spelar kjem seinare

4.JPG

 

Fredagskvelden kom, og seta måtte innatt!

5.JPG

 

Eit ganske langt hopp fram til kassa er komen på plass. Her er også bunnen ferdigtrekt med stoff. Litt fargeforskjell var det, menmen, ingen krise!

6.JPG

 

Acryltetning og avstivarar er på plass for å sikre optimalt resultat frå kassa

8.JPG

 

Oppsett ovanfrå. Ein kondensator på kvar side, dynabel 2-kanaler fram mot seta

10.JPG

 

He faktisk litt plass å gå på fram mot seta, slik at varmen he litt rom å kjøle seg på:P

11.JPG

12.JPG

 

Og der, oppå kassa, ligg 2500w RMS klart til å drive HX2 12". Litt overkill forsterker, men aldri dumt å ha for mykje kraft, pluss at eg er sikra om eg ein gong skulle finne på å kjøpe ein hx2 til.

13.JPG

 

Dobbel-din spelar frå boss. Regner med denne blir bytta med tida, men kvalitets dobbel-din er rimeleg dyrt enda.

14.JPG

 

Power HX2 12" DVC. 1000 watt rms, 2000 watt maks.

17.JPG

 

Til slutt må eg nevne at litt av grunnen til at det tok lenge før bilda kom, var at eg bestilte meg frontsett, Infinity Kappa Perfect 5.1 :) Imorgon blir det vel trekking av kassa regner eg med, og montering av sub/kablar. Blir litt stress dette :O

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette ser bra ut :D

 

Driver selv å bygger basskasse til 2x 12" DLS elementer, som skal bli portet. Men blir ikke handling av port før i morgen, så skal det inn i førsteomgang 2veis DLS frontsett, som skal bygges om til 3veis (må lage delefiltere først) Likte måten du har laget i bagasjen på, blir "clean" look. :)

Fiat Scudo 2.0 10mod

VW Transporter T4 2.5TDI 01mod

VW Golf CL G60T 83mod - Lowrider!

Audi 200 20v Turbo Quattro Avant 90mod

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ah, DLS er også go'merke, he ein kompis som køyrer med UP6 frontsett, gromt sett! Vurderte faktisk dette settet også, men blei ikkje denne gangen. Skal følge med på prosjektet ditt etterkvart:)

 

Lita oppdatering idag også. Fekk trekt kassa, modifisert kabelskoa til å passe på automatsikringa, og mekka meg ein brakett for festing av automatsikringa i motorrommet. No er også monoblokka blitt montert på toppen.

 

18.JPG

 

19.JPG

 

Akryltetning mellom spon og mdf for å sikre at også her er lufttett

20.JPG

 

No er også ein liten tepperens av teppet i bagasjerommet lagt med i planen :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nokon som kunne tenke seg å setje av 5 minutter til å skrive ned korleis eg skal koble opp følgande utstyr i morgon? :

 

1 monoblokk

1 2-kanaler

2 fordelerblokker

2 kondensatorer

 

Usikker på korleis kablinga skal vere.

 

He no fått igang dvd-spelaren, he søtte her og kobla og laska eit par timar :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg laga ei skikkeleg dårlig skisse i paint, men trur det skal vere mogleg å forstå den nogenlunde :P

 

oppsett.JPG

 

Her er altså grovskissa. Om nokon hadde tatt seg tid til å setje strekar der mine strekar har begynt, hadde eg vorte overlykkeleg :P Kabling er mildt sagt ikkje mitt felt i det heile tatt :/

 

BTW: Subben er DVC, 2*2 ohm, og skal koblast slik at den blir ein 1-ohms last for forsterkaren.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår