Gå til innhold

Kosekroken (Offtopictråden for Audi)

Ranger emnet


Sandmo

Anbefalte innlegg

  • Svar 37.4k
  • Created
  • Siste svar

Top Posters In This Topic

  • Sandmo

    7025

  • mordi87

    5255

  • _eSOo_

    4950

  • henne

    3918

Top Posters In This Topic

Ja, hva skal du lese? de første sidene fra denna tråden? ;)

 

DET VAR ein gong ei kone som hadde sju svoltne ungar, og dei steikte ho pannekaker til. Det var råmjølks-kake. Den låg i panna og este seg så tjukk og god, og ungane stod omkring, og gamlefar sat og såg på.

"Å, la meg få litt pannekake, mor, eg er så svolten," sa den eine ungen.

"Å kjære deg," sa den andre.

"Å kjære, vene deg," sa den tredje.

"Å kjære, vene, snille deg," sa den fjerde.

"Å kjære, vakre, vene, snille deg," sa den femte.

"Å kjære, vakre, vene, gode, snille deg," sa den sjette.

"Å kjære, vakre, vene, gode, snille, søte deg," sa den sjuande, og så bad dei om pannekake alle saman, den eine vakrare enn den andre, for dei var så svoltne og snille.

"Ja, barna mine, vent no berre til den vender seg," sa ho - til eg får vendt den, skulle ho sagt - "så skal de få pannekake alle saman. Sjå berre kor tjukk og velnøgd den ligg der."

Då pannekaka høyrde dette, blei den redd, og rett som det var, så vende den seg av seg sjølv og ville ut av panna; men den fall ned att på den andre sida. Då den hadde steikt seg litt på den også så den blei fastare i fisken, spratt den ut på golvet og trilla av stad som eit hjul ut gjennom døra og bortetter vegen.

"Hei, då!" Kjerringa etter det fortaste ho kunne, med panna i den eine handa og sleiva i den andre og barna etter henne igjen, og gamlefar hinkande etter til slutt.

"Hei, vil du vente! Knip den, ta den, hei då!" skreik dei i munnen på kvarandre og skulle ta den på spranget og fange den att. Men pannekaka trilla og trilla, og rett som det var, var den så langt unna at dei ikkje kunne sjå den, for pannekaka var flinkare til beins enn alle saman. Då den hadde trilla ei stund, møtte den ein mann.

"God dag, pannekake," sa mannen.

"Gud signe, mann brann," sa pannekaka.

"Kjære pannekaka, trill ikkje så fort, vent litt og la meg få ete deg," sa mannen.

"Når eg har gått frå kone krone, gamlefaren og sju skrikarungar, så kan eg vel gå frå deg, mann brann," sa pannekaka, og trilla og trilla til den møtte ein høne.

"God dag, pannekake," sa høna.

"God dag, høne pøne," sa pannekaka.

"Kjære pannekake, trill ikkje så fort, vent litt og la meg få ete deg," sa høna.

"Når eg har gått frå kone krone, gamlefaren, sju skrikarungar og mann brann, så kan eg vel gå frå deg, høne pøne," sa pannekaka og trilla som eit hjul bortetter vegen. Så møtte den ein hane.

"God dag, pannekake," sa hanen.

"God dag, hane pane," sa pannekaka.

"Kjære pannekake, trill ikkje så fort, vent litt og la meg få ete deg," sa hanen.

"Når eg har gått frå kone krone, gamlefaren, sju skrikarungar, frå mann brann og høne pøne, så kan eg vel gå frå deg, hane pane," sa pannekaka, og la til å trille og trille det fortaste det orka. Då den hadde trilla ei lang stund, møtte den ei and.

"God dag, pannekake," sa anda.

"God dag, ande vande," sa pannekaka.

"Kjære pannekake, trill ikkje så fort, vent litt og la meg få ete deg," sa anda.

"Når eg har gått frå kone krone, gamlefaren, sju skrikarungen, frå mann brann, høne pøne og hane pane, så kan eg vel gå frå deg, ande vande," sa pannekaka, og tok til å trille og trille det fortaste det orka. Då den hadde trilla ei lang, lang stund, møtte den ei gås.

"God dag, pannekake," sa gåsa.

"God dag, gåse våse," sa pannekaka.

"Kjære pannekake, trill ikkje så fort, vent litt og la meg få ete deg," sa gåsa.

"Når eg har gått frå kone krone, gamlefaren, sju skrikarungar, frå mann brann, høne pøne, hane pane og frå ande vande, så kan eg vel gå frå deg, gåse våse," sa pannekaka, og trilla av stad att.

Då den hadde trilla ei lang, lang stund att, så møtte den ein gasse.

"God dag, pannekake," sa gassen.

"God dag, gasse vasse," sa pannekaka.

"Kjære pannekake, trill ikkje så fort, vent litt og la meg få ete deg," sa gassen.

"Når eg har gått frå kone krone, gamlefaren, sju skrikarungar, frå mann brann, høne pøne, hane pane, ande vande og frå gåse våse, så kan eg vel gå frå deg, gasse vasse," sa pannekaka, og tok til å trille og trille, det fortaste det orka.

Då den hadde trilla ei lang, lang stund, så møtte den ein gris.

"God dag, pannekake," sa grisen.

"Nøff-koff!" sa grisen.

"God dag, gylte grisesylte," sa pannekaka, og la til å trille og trille, det fortaste det orka.

"Nei, vent litt," sa grisen, "du treng ikkje til å bråfly slik, vi to kan då gå i mak og slå følgje over skogen; det skal ikkje vere heilt trygt der," sa han. Den syntest pannekaka det kunne vere noko i, og så gjorde dei det. Men då dei hadde gått ei stund, kom dei til ein bekk. Grisen flaut på flesket, det var inga sak for den, men pannekaka kunne ikkje kome over.

"Set deg på trynet mitt," sa grisen, "så skal eg frakte deg over," sa han

Pannekaka gjorde det.

"Nøff-koff!" sa grisen og tok pannekaka i éin jafs. Og då pannekaka ikkje kom lenger, er ikkje regla lenger heller.

Bilforumet.no
Moderator: Bilpleie
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår