Gå til innhold

Kosekroken (Offtopictråden for Audi)

Ranger emnet


Sandmo

Anbefalte innlegg

  • Svar 37.4k
  • Created
  • Siste svar

Top Posters In This Topic

  • Sandmo

    7025

  • mordi87

    5255

  • _eSOo_

    4950

  • henne

    3918

Top Posters In This Topic

jaaaaa vil ha det :)

 

kitsorm.jpg

 

Det var ein gong eit par folk som hadde ein son, og han heitte Halvor. Like frå han var smågut, ville han aldri ta seg til noko, men sat berre og raka i oska. Foreldra sette han bort i mang slags lære, men Halvor stansa ikkje nokon stad. For når han hadde vore borte i nokre dagar, rømde han frå læra, sprang heim og sette seg i grua for å grave i oska att. Men så kom ein gong ein skipper og spurde Halvor om han ikkje hadde lyst til å bli med han og fare til sjøs og sjå fremmende land. Ja, det hadde Halvor lyst til, og det tok ikkje lang tid før han var klar til å dra.

Langt om lenge kom det ein sterk storm, og då den var over og det blei stilt att, visste dei ikkje kor dei var. Dei hadde drive opp mot ein fremmend kyst som ingen av dei var kjent på.

Då det var så stilt at det ikkje rørde seg ei fjør, blei dei liggjande her, og Halvor bad skipperen om han fekk lov å gå i land og sjå seg om, for han ville heller gå enn liggje og sove. "Synest du du kan vise deg for folk," sa skipperen, "du har jo ikkje anna til klede enn dei fillene du står og går i." Halvor blei ved sitt han, og så fekk han då lov til slutt; men han skulle kome att når det bles opp. Så gjekk han då, og det var eit vakkert land. Overalt han kom fram, var det store sletter med åkrar og enger, men folk såg han ikkje. Så tok det til å blåse, men Halvor syntest ikkje han hadde sett nok enno, og han ville gjerne gå litt lenger for å sjå om han ikkje kunne finne folk. Etter ei stund kom han på ein stor veg som var så jamn at ein gjerne kunne trille eit egg på den. Denne vegen gjekk no Halvor etter, og då det lei på kvelden, såg han eit stort slott langt borte. Det lyste ut av slottet. Han hadde gått heile dagen og ikkje hatt noko vidare niste med seg heller, og han var dyktig svolten, men dess nærare han kom til slottet, dess reddare blei han også.

I slottet brann det på varmen, og Halvor gjekk inn i kjøkkenet, som var så gildt at han aldri hadde sett så gildt eit kjøkken. Der var kjørel både av gull og sølv, men folk var der ikkje. Då Halvor hadde stått ei stund og ingen kom ut, gjekk han bort og lukka på ein dør. Der inne sat ei kongsdotter og spann på ein rokk.

"Nei, nei då!" ropte ho, "tør det kome folk hit? Men det er nok best du går att dersom ikkje trollet skal sluke deg, for her bur eit troll med tre hovud."

"Eg er like glad om han hadde fire òg, for eg har lyst til å sjå den karen," sa guten, "og eg går ikkje, eg har ikkje gjort noko vondt. Men mat får du gi meg, for eg er fælt svolten."

Då Halvor hadde ete seg mett, sa kongsdottera til han at han fekk prøve om han kunne svinge sverdet som hang på veggen. Nei, han kunne ikkje svinge det, han kunne ikkje lyfte det ein gong.

"Ja," sa kongsdottera, "så får du ta deg ein slurk av den flaska som heng ved sida, for det gjer trollet når han skal ut og bruke sverdet."

Halvor tok seg ein slurk, og straks kunne han svinge sverdet som ingen ting. No skulle trollet kome tidsnok, meinte han.

Rett som det var, kom trollet susande. Halvor bakom døra.

"Huttetu! her luktar manneblod!" sa trollet, og sette hovudet inn gjennom døra.

"No vel," sa Halvor, og hogde alle hovuda av det.

Prinsessa blei så glad for at ho var frelst at ho både dansa og song. Men så kom ho til å tenkje på systrene sine, og så sa ho: "Gi no systrene mine også var frelst!"

"Kor er dei?" spurde Halvor.

Ja, så fortalde ho det. Den eine var tatt inn av eit troll på eit slott som var seks mil borte, og den andre var tatt inn på eit slott som var ni mil bortafor det igjen.

"Men no," sa ho, "må du først hjelpe meg å få ut dette skroget her."

Ja, Halvor var så sterkt at han subba allting bort og gjorde det ryddig og reint i ein fei.

Så levde han godt og vel, og neste morgon la han av stad i grålysninga. Han hadde inga ro på seg, han gjekk og han sprang heile dagen. Då han fekk sjå slottet, blei han litt redd igjen. Det var mykje gildare enn det andre, men heller ikkje her var det eit menneske å sjå. Så gjekk Halvor inn i kjøkkenet, og han stansa ikkje der heller, men gjekk like inn.

"Nei, tør dei kome folk hit då?" ropte kongsdottera. "Eg veit ikkje kor lenge det er sia eg kom hit; men i all den tida har eg ikkje sett eit menneske. Det er nok best du ser å kome av stad att, for her bur det eit troll som har seks hovud."

"Nei, eg går ikkje," sa Halvor, "om han så hadde seks til."

"Han tek og sluker deg levande," sa kongsdottera.

Men det hjelpte ikkje: Halvor ville ikkje gå, han var ikkje redd for trollet. Men mat og drikke ville han ha, for han var svolten etter reisa.

Ja, han fekk så mykje han ville ha, men så ville kongsdottera ha han til å gå att.

"Nei," sa Halvor, "eg går ikkje, for eg har ikkje gjort noko vondt, og eg har ikkje noko å vere redd for."

"Han spør ikkje etter det," sa kongsdottera, "for han tek deg utan både lov og rett. Men sia du ikkje vil gå, så prøv om du kan svinge det sverdet som trollet bruker i krigen."

Han kunne ikkje svinge sverdet, men så sa kongsdottera at han skulle ta seg ein slurk av flaska som hang ved sia av det. Og då han hadde gjort det, kunne han svinge det.

Rett som det var, så kom trollet. Det var så stort og digert at det måtte gå sidelengs for å kome inn gjennom døra. Då trollet fekk det første hovudet inn, så ropte det: "Huttetu! her luktar manneblod!" Med det same hogde Halvor av det første hovudet, og så alle dei andre. Prinsessa blei så glad at ho ikkje visste kva for bein ho skulle stå på. Men så kom ho til å tenkje på systrene sine, og så ønskte ho at dei også var frelst. Halvor meinte det kunne nok bli råd til det, og ville av stad straks. Men først måtte han no hjelpe kongsdottera med å få bort kroppen av trollet, og så gav han seg på veg den andre morgonen.

Det var langt til slottet, og han både gjekk og sprang for å kome fram i tide. I kveldinga fekk han sjå slottet, og det var mykje gildare enn dei andre to. No var han nesten ikkje det grann redd, men gjekk gjennom kjøkkenet og like inn. Der sat ei kongsdotter som var så vakker at det ikkje var måte på det.

Ho sa no like eins som dei andre at der ikkje hadde vore folk sia ho kom der, og bad han gå att, for elles slukte trollet han levande; det hadde ni hovud, sa ho.

"Ja, om det har ni til dei ni, og enda ni til, så går eg ikkje," sa Halvor og gav seg til å stå ved omnen.

Prinsessa bad han så vakkert at han skulle gå, men Halvor heldt fram med sitt, han, og sa: "La han kome når han vil."

Så gav ho han trollsverdet og bad han ta seg ein slurk av flaska så han kunne svinge det.

Rett som det var, kom trollet så det suste av det. Det var enda større og digrare enn begge dei andre to, og det måtte også gå sidelengs for å kome inn gjennom døra. "Huttetu! her luktar manneblod," sa det. Med det same hogde Halvor av det første hovudet, og sia alle dei andre. Men det siste var seigt, og å få det av var det tyngste arbeidet Halvor nokon gong hadde gjort, enda han nok syntest han skulle ha krefter også.

No kom alle kongsdøtrene saman på slottet, og dei var så glade som dei aldri hadde vore i all si tid. Og dei var glad i Halvor og han i dei, og han kunne få den han best kunne like, men den yngste var mest glad i han av alle tre.

Halvor gjekk der og var så rar av seg; han var så stur og stille. Så spurde kongsdøtrene han kva det var han stunda etter, og om han ikkje likte å vere hos dei. Jo, det likte han nok, for dei hadde jo nok å leve av, og han hadde det godt og vel på alle måtar, men han stunda slik heim, for han hadde foreldre i live, og dei hadde han slik hug til å sjå att. Det meinte det kunne la seg gjere. "Du skal kome uskadd både fram og tilbake dersom du vil lyde rådet vårt," sa kongsdøtrene. Ja, han skulle ikkje gjere anna enn det dei ville. Så kledde dei han opp så han blei så gild som ein kongsson, og så sette dei ein ring på fingeren hans, og den var slik at han kunne ønskje seg både fram og tilbake med den. Men dei sa han måtte ikkje kaste den bort, og ikkje nemne namna deira, for så var det slutt på heile herlegdommen, og då fekk han aldri sjå dei meir.

"Gi eg no var heime, og heime var her!" sa Halvor, og så som han hadde ønskt, gjekk det også: Han stod utafor stua hos foreldra sine før han visste ord av det. Det var i mørkninga om kvelden, og då dei såg det kom inn ein slik gild, staseleg fremmendkar, blei dei reint forfjamsa og tok til både å bukke og neie.

Halvor spurde om han ikkje kunne bli der og få hus natta over.

Nei, det kunne han slett ikkje. "Vi har det ikkje slik," sa dei, "vi har verken det eine eller det andre som ein sånn herre kan vere tent med. Men det er best han går opp på garden. Det er ikkje lange stykket, han kan sjå skorsteinspipa herifrå - der har dei fullt opp av allting."

Halvor var ikkje mykje for det, han ville bli. Men folka blei ved sitt, at han skulle gå opp til garden, for der kunne han få både mat og drikke, mens dei ikkje hadde ein stol å by han å sitje på ein gong.

"Nei," sa Halvor, "der opp vil eg ikkje før i morgon tidleg. La meg no få vere her i natt. Eg kan då få sitje i peisen."

Det kunne dei då ikkje seie noko imot, og så sette Halvor seg i peisen og til å grave i oska, slik som han gjorde då han låg heime og lata seg.

Dei snakka om mangt og mykje og fortalde Halvor både det eine og det andre, og så spurde han om dei aldri hadde hatt noko barn.

Jo, dei hadde hatt ein gut som heitte Halvor, men dei visste ikkje kor han vandra, og ikkje visste dei om han var død eller levande heller.

"Kunne det ikkje vere meg då?" sa Halvor.

"Det veit eg visst," sa kjerringa og letta på seg; "han Halvor var så lat og doven at han aldri gjorde nokon verdens ting. Og så var han så fillete at den eine filla slo den andre i svime på han. Det kunne aldri blitt slik kar av han som du er, far."

Om litt skulle kjerringa bort i peisen og rake i varmen, og då gloskinet lyste på Halvor, likesom då han var heime og kara i oska, så kjende kjerringa han att.

"Jammen er det du då, Halvor!" sa ho, og det blei slik glede på dei gamle foreldra at det ikkje var måte på det. No måtte han fortelje korleis det hadde gått han, og kjerringa blei så glad i han at ho ville ha han opp på garden straks på timen og vise han fram for jentene, som alltid hadde vore så kaute på det.

Ho gjekk då føre og Halvor etter. Då ho kom der opp, fortalde ho at Halvor var komen heim att, og no skulle dei berre sjå kor gild han var. Han såg ut som ein prins, sa ho.

"Det veit eg visst," sa jentene og slo på nakken, "han er vel den same fillefanten han alltid har vore."

I det same kom Halvor inn, og så blei jentene så forfjamsa at dei gløymde att serken [1] i peisen, der dei sat og loppa seg, og flaug ut i berre stakken [2] . Då dei så kom inn att, var dei så skamfulle at dei nesten ikkje torde sjå på han Halvor, som dei alltid hadde vore så store og kaute imot før.

"Ja, de har no alltid syntest de var så fine og vakre, de, at ingen kunne vere dykkar like. Men de skulle berre sjå den eldste kongsdottera som eg har frelst," sa Halvor. "Mot henne ser de ut som gjetarjenter. Og den mellomste er enda vakrare. Men den yngste, som er kjærasten min, er vakrare enn både sol og måne. Gi dei berre var her, så skulle de sjå!" sa Halvor.

Han hadde ikkje før sagt det, før dei stod der. Men då blei han så ille ved, for no kom han i hug det dei hadde sagt. På garden blei det både heldt gjestebod for kongsdøtrene og gjort stas av dei, men dei ville ikkje bli der. "Vi vil ned til foreldra dine," sa dei til Halvor, "og så vil vi ut og sjå oss om." Han følgde då med dei. Så kom dei til eit stort vatn utafor garden. Tett ved vatnet var det slik ein vakker grøn bakke. Der ville dei sitje og kvile ei stund, for dei syntest det var så vakkert å sitje og sjå ut over vatnet, sa dei.

Dei sette seg der, og då dei hadde sete ei stund, sa den yngste kongsdottera: "Eg får vel lyske [3] deg litt eg, Halvor." Ja, Halvor la hovudet i fanget hennar. Så plukka ho lus av han, og det varte ikkje lenge før Halvor sov. No tok ho ringen av han og sette ein annan i staden, og så sa ho: "Hald no i meg som eg held i dykk - og gi vi så var på Soria Moria slott!"

Då Halvor vakna, kunne han nok skjøne han hadde mista kongsdøtrene, og sette i å gråte og bere seg. Han var så reint mistrøystig at dei slett ikkje kunne stagge han. Alt det foreldra bad han, ville han ikkje bli der, men tok farvel,. Han sa at han visst aldri fekk sjå dei meir, for fann han ikkje kongsdøtrene att, syntest han ikkje det var verdt å leve.

Tre hundre dalar hadde han att. Dei tok han i lomma og gav seg på vegen. Då han hadde gått eit stykke, møtte han ein mann med ein skikkeleg hest. Den ville han kjøpe, og tok til å tinge med mannen.

"Ja, eg har rett nok ikkje tenkt å selje den," sa mannen, "men om vi kunne bli forlikte så -" Halvor spurde då kva han ville ha for den.

"Ikkje mykje har eg gitt for den, og ikkje mykje er den verdt heller. Det er bra hest å ri på, men til å dra duger den ikkje stort: Men alltid så orkar den nok matsekken din og deg også, når du går av og til," sa mannen.

Til sist blei dei då forlikte om prisen, og Halvor la sekken sin på hesten. Så drog han. Stundom gjekk han og stundom rei han. Om kvelden kom han til ein grøn voll, og der stod eit stort tre som han sette seg under. Der sleppte han hesten, og han la seg ikkje til å sove, men tok fram matsekken sin. Då det lyste av dag, drog han av stad att, for han syntest ikkje han hadde noka ro på seg. Så gjekk og rei han heile dagen bortigjennom ein stor skog der det var mange grøne flekkar som lyste så vakkert bort mellom trea. Ikkje visste han kor han var, og ikkje visste han kor det bar, men han gav seg ikkje meir tid til å kvile enn kvar gong hesten fekk litt i seg, og han sjølv fekk opp skreppa si når han kom til ein av dei grøne flekkene. Han gjekk og han rei, og aldri syntest han det blei nokon ende på skogen.

Men i mørkninga andre dagen såg han det lyste mellom trea. "Gi det no var folk oppe så eg kunne få varme meg og få litt å leve av!" tenkte Halvor.

Då han kom dit, så var det ei lita ussel stove. Gjennom ruta såg han eit par gamle folk der inne. Dei var så gamle og grå i hovudet som ei due, og kjerringa hadde ein nase så lang [4] at ho sat ved peisen og brukte den til glorake.

"God kveld!" sa Halvor.

"God kveld!" sa kjerringa. "Men kva for nokre ærend har du då, som kjem hit?" sa ho; "her har ikkje vore folk på over hundre år."

Ja, Halvor fortalde då at han skulle til Soria Moria slott, og spurde om ho kjende vegen dit.

"Nei," sa kjerringa, "men rett no kjem månen, så skal eg spørje han, og han veit det nok - han må vel sjå det, for han skin på allting."

Då så månen stod lys og blank over tretoppane, gjekk kjerringa ut. "Du måne! du måne!" skreik ho, "kan du vise meg vegen til Soria Moria slott?"

"Nei," sa månen, "det kan eg ikkje, for den gongen eg skein der, stod det ei sky føre meg."

"Vent litt enno," sa kjerringa til Halvor, "rett no kjem vestavinden; han veit det visst, for han gustar og blæs i kvar krok."

"Nei! nei! har du hest også du?" sa kjerringa, då ho kom inn att; "å, slepp det stakkars krøtteret ut i hamnehagen, og la det ikkje stå her ved døra og svelte! Men vil du ikkje byte bort den til meg?" sa ho; "vi har eit par gamle støvlar her, som du kan ta innpå fire mil i kvart steg med. Dei skal du få for hesten, så kjem du før til Soria Moria slott."

Det var Halvor straks villig til, og kjerringa var så glad i hesten at ho var ferdig til å danse, "for no kan eg kome til å ri til kyrkja, eg også," sa ho.

Halvor hadde inga ro på seg og ville straks av stad, men kjerringa sa det hadde inga hast. "Legg deg på krakken og sov litt, du, for noka seng har vi ikkje til deg," sa kjerringa. "Eg skal nok passe på når vestavinden kjem."

Rett som det var, så kom vestavinden durande så det peip og knaka i veggen. Kjerringa ut.

"Du vestavind! du vestavind! kan du seie meg vegen til Soria Moria slott? Her er éin som skal dit."

"Ja, den veit eg vel," sa vestavinden, "No skal eg nettopp dit og tørke klede til bryllaupet som skal stå. Er han rask til beins, kan han vere med meg."

Halvor ut.

"Du får skunde deg, vil du ha følgje," sa vestavinden, og av stad bar det langt bort over heiar og åsar og fjell og fjøre, og Halvor hadde nok med å følgje.

"Ja, no har eg ikkje tid til å vere med deg lenger," sa vestavinden, "for eg skal bort og rive ned ei strekning med granskog først, før eg kjem til bleikvollen og tørkar kleda. Men når du går langsmed åskanten, så kjem du til nokre jenter som står og vaskar klede, og då har du ikkje langt att til Soria Moria slott."

Ei stund etter kom Halvor til jentene som stod og vaska, og dei spurde om han ikkje hadde sett noko til vestavinden; han skulle kome dit og tørke klede til bryllaupet. "Jo," sa Halvor, "han er berre borte og bryt ned ei strekning med granskog. Det varer ikkje lenge før han er her." Og så spurde han dei om vegen til Soria Moria slott. Dei sette han då på vegen, og då han kom fram mot slottet, var det så fullt av hestar og folk at det yrte. Men Halvor var så fillete og sundriven av det han hadde følgt vestavinden både gjennom busker og kjerr, at han heldt seg avsides og ikkje ville gå fram før siste dagen, då dei skulle ete middag.

Då dei no som skikk og bruk var, skulle drikke bruda ifrå jentelaget, og skjenkjaren skulle skåle for dei alle saman, både brud og brudgom og riddarar og sveinar, så kom han då langt om lenge til Halvor også. Han drakk skålen, sleppte ringen som kongsdottera hadde sett på fingeren hans då han låg ved vatnet, oppi glaset, og bad skjenkjaren helse bruda og bere den fram til henne. Då stod kongsdottera opp frå bordet med éin gong. "Kven har vel best fortent å få ein av oss," sa ho, "den som har frelst oss eller den som sit brudgom?"

Det kunne det ikkje vere meir enn éi meining om, meinte alle, og då Halvor høyrde det, var han ikkje lenge om å få fantefillene av seg og pynte seg til brudgom.

"Ja, der er den rette!" ropte den yngste kongsdottera då ho fekk sjå han, og så viste ho frå seg den andre og heldt bryllaup med Halvor.

Bilforumet.no
Moderator: Bilpleie
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår