Gå til innhold

trøbbel med tbi (throttle body injection)

Ranger emnet


ingolonko

Anbefalte innlegg

hei

 

har feilsøkt i dagesvis på ein chevrolet astro 1988 mod så alle tips tas i mot med takk.

 

problemet er: bilen virker til å få for feit blanding ved lite gasspådrag, viss ein då ikkje gjer meir gass stoppar bilen etter kort tid. dette er uavhengig av om ein står i ro og berre gjer litt gass (drar opp turtalet til rundt 2000 rpm) eller kjøyrer med lite gasspådrag (slepper gassen nesten heilt ned rundt ein veldig skarp sving eller liknande) problemet er der heile tida, men det er verst på varm motor. motoren går fint på godt påtrekk.

går litt uryddig på tomgang når den er kald, men ingen tendens til å stoppe.

 

har skifta: rotor, fordelerlokk, pluggkablar og tennpluggar då dette såg ut for å vera modent for utskiftning, og for å luka vekk nokre potensielle feilkjelder.

 

har sjekka:

 

bensintrykk: skulle vera 9-13 psi, mitt måleresultat er 10-11 psi

 

kompresjon: skulle vera 150 psi (ca 10,5 bar) mitt måleresultat 11,5-12 bar på alle sylindrane. kansje i høgaste laget, men i alle fall veldig jevn, ingen brendte ventiler eller liknande. dette kan jo og vera eit litt unøyaktig manometer og ein slik test vil jo og vera avhengig av ladning på batteri osv.

 

kjølevesketemperatursensor: mitt måleresultat er ca 9,5 kiloohm ved 0°C ute (og i motoren) og ca 320 ohm ved driftsvarm motor. dette er ganske godt i tråd med den tabellen eg fant i boka. i stikkaren skulle det vera ca 5v, mitt måleresultat 4,93v.

 

TPS(throttle position sensor): skulle vera ca 5v inn i stikkaren,

mitt måleresultat 4,97v. skulle vera ca 0,5 volt ut frå tps ved tomgang, mitt måleresultat 0,57v. skulle vera ca 4,5v ved full gass, mitt måleresultat 4,24v.

 

MAP(manifold absolute pressure) sensor: skulle vera ca 5v inn i stikkaren, mitt måleresultat 4,95v. skulle vera 4-5v ut frå sensor med sløkt motor, mitt måleresultat 4,35v. skulle vera 0,5-2v ut frå sensor ved tomgang, mitt måleresultat 1v.

 

dyser: ohmsk verdi skulle ligga på 1,16- 1,36 ohm, mitt måleresultat ca 1,2 ohm i begge dysene. strålebildet ser også greit ut når motoren går.

 

Tenningstidspunkt: skulle vera ca 0°, står i boka at det ikkje er justerbart, men det er det. var ca 10°, prøvde å justera det, men det var ikkje til hjelp.

 

lambdasond: skal gje ei vekslande spenning frå ca 0,1v - ca 0,9 volt med ca 30 vekslingar i minuttet, på tomgang med varm motor. mitt måleresultat konstant 0,35v. skifta så lambdasonden den nye gjer konstant 0,5v. trur i utgangspunktet ikkje at dette er problemet i og med at problemet også er der på kald motor. kom gjerne med innspel på dette.

 

har ellers sett over kabling, kontakter, vakumslanger +++

 

service engine soon lampen lysar ikkje, men den virkar og begynner å lysa når ein nappar av stikkaren på ein sensor.

 

tips anyone?

er takksam for all hjelp. :thumb

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tenningen er justerbar, men man justerer kun grunninnstillingen (0 grader). I ledningsnettet bak ved fordeleren skal det være en enkelt ledning med en plugg på, tror den er brun med hvit stripe, men husker ikke sikkert. Koble fra denne, og start motoren for justering.

 

Sjekk ellers EGR-ventilen, om den får vakum hele tiden(Returport på solenoid tett), eller er kokset såpass at den henger delvis åpen. Du har jo eliminert de fleste av de vanlige problemene, som temp.giver og tenningsdeler.

Christian

'77 Caprice

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår