Gå til innhold

Ung kvinnes tolking av "Menn og deira interesse for bil"

Ranger emnet


Papi.

Anbefalte innlegg

Ei veninne av meg, fekk oppgåva her ein dag i samband med skule, beskjed om å skrive hennar tolking av setninga "Menn og deira interesse for bil". Ho har ikkje vanvittig store interessa for bil, men ho er med når det passar seg, og snappar opp eindel ting i forbifarta, kikar ofte på bilane, og spør gjerne meir teikniske spørsmål om desse. Ho fekk rådet om å ikkje bli for fagfokusert, og måtte dermed halde det ganske overfladisk. Eg var nyfiken, og fekk tilsendt teksten på mail, og eg måtte le godt for meg sjølv. Dette er ikkje meint som noko for å verken disse, eller opphøye,eg ynskjer berre å dele denne unge kvinnas syn på "Menn og deira interesse for bil", og la folk forhåpentligvis få ein liten god flir, og gjerne få mannfolka til å tenkje litt ekstra på deira kvinnelige kjære, når dei har lese dette. Eg tenkte meg iallefall litt om, men eg flirer endå.:roll:

 

Dette var då den grove versjonen, på hennar vegne beklagar eg for skrivefeil.

 

Nei, eg skrur, sa mannen

 

Ein ting eg lurer på, kva var mannfolka interesserte i før i tida? Før bilane ekstisterte meinar eg. Var dei interesserte i å ha den finaste og raskaste hestevogna? Var dei ute om kvelden, køyrte rundt i bygda og viste fram dei nye tøyane eller dei eksklusive trehjula? Det kan eg ikkje tenkje meg. Så kvar kom mannfolka si store interesse for framkomstmiddel frå? Eg anar ikkje.

 

Gatene er fulle av raude, blå, svarte og lilla, Audi, Mercedes og BMW, spoilerar, sideskjørt og sota ruter. Alt under 400 hestekrefter er bestemorbil, den som er meir enn éin centimeter over bakken er totalt ute, og har ein ikkje Twinturbo vil ingen vere med deg å cruise rundt om kvelden, langt mindre på dagtid.

Har du ein kjæreste som er bilinteressert, køyreentusiast, autofil, ja, det finst nok mange diagnosar for den same sjukdomen, så veit du korleis laurdagskveldane er. Du sit aleine i sofaen og ser på Frustrerte Fruer mens han er ute i garasjen og skrur på bilen sin slik som han pleiar. Og då er du berre heldig, for dei fleste har ikkje berre ein bil, men opptil fleire. Og då kan du tenke deg at det ikkje berre tek laurdagskveldane. Det som verre er, er at ferieturane våre går til Gatebiltreff, bilfestivalar og til den store bilbana i Tyskland. Eg huskar ikkje kva den heiter, sjølv om eg har vore der nesten ti gongar. Kor tid skal vi ta oss en tur til New York og handle til krampa tar oss? Sjølv om eg alltid reiser på shopping i Paris når eg har vore på bilbana i Tyskland med han ei lita stund. Det er nok derfor han gir meg så mykje pengar, slik at eg i det heile tatt blir med.

 

Og så var det alle pengane han kastar ut vindauget berre fordi han treng eit nytt ”bodykit” til den allereie fine bilen sin. Er det ikkje kult med stasjonsvogn lenger? Nei, kva veit vel eg? Det einaste eg verkeleg bryr meg om er Gucci, D&G, Dior, Ralph Lauren og Lacoste. Det er jo kleder, sko og smykke som teller, kvifor kan ikkje mannfolka forstå at det gjelder å ta seg godt ut blant folk? Mannen min klagar over at eg brukar mykje pengar på unødvendige ting som eg aldri brukar. Eg brukar faktisk ikkje så mykje pengar. Berre lønna mi, pluss litt av han si, slik at han ikkje skal bruke alt på bilane sine. Det er ikkje sunt for folk å bruke så mykje pengar på interessene sine. Ein må tenke på framtida, framtidig familie og slikt. At mine barn skal ha ei eksklusive garderobe og bli kulast i klassen. Det er viktig å førebygge mobbing. Det er eit stort samfunnsproblem, og det er berre vi kvinner som tar fatt i det, mens mannfolka ligg under bilen eller er ute å viser den fram.

 

Men det som enda verre er, er disse som køyrer på småjenter. Småripsa er meir enn gjerne villige til å sitte på i ein kul bil, bryte fartsgrensene og køyre på feil side av vegen. Sjåførane køyrer også meir enn gjerne på disse jentene, spesielt til og frå fest. Er han heldig får han kanskje betaling for køyringa.

 

:roll: Så, eg skjønnar verkeleg ikkje kva det er som gjer menn så forferdeleg interesserte i desse transportmidla. Dei brukar tusenvis av kroner på å gjer den fin, og så køyrer dei ut, by eller bygd, berre der er folk og asfaltert veg. For så å køyre så fort og grisete som mogleg, for å imponere jenter som er under den seksuelle lågalder? Dei har jo ikkje greie på kva som er kult ein gong. Det MÅ ikkje vere ein BMW. Kvifor ikkje ein Mitsubishi 3000 gto med twinturbo og 450 hk? Tredørs med svær spoiler, sota ruter, og senka slik at den akkurat kjem seg over fartsdumpane? Det er jo det som er kult..

Bilforumet.no
Moderator: Annet bilrelatert

Papi Media Productions @ Youtube
www.youtube.com/user/PapiMediaProductions
I <3 CAKE.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Var nok noe av poenget...

 

Må bare si at jeg ikke kan telle hvor mange ganger jeg har sett gutter med uinteresserte damer på treff eller annen bilsammenheng, handler liksom å dra med seg damer på så mye som mulig som er kjedelig..

Liker du veldig godt shoppe klær for eksempel????

'77 Toyota Cressida RX30 - '82 Toyota Corolla KE70 - '82 Toyota Corolla KE70 - '86 Volkswagen Golf Mk2 auto

'93 Volkswagen Golf Mk3 - '93 Daihatsu Charade G100 - '96 Volkswagen Golf Mk3 - '00 Toyota FunCargo

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Var nok noe av poenget...

 

Må bare si at jeg ikke kan telle hvor mange ganger jeg har sett gutter med uinteresserte damer på treff eller annen bilsammenheng, handler liksom å dra med seg damer på så mye som mulig som er kjedelig..

Liker du veldig godt shoppe klær for eksempel????

 

Vell da kan jeg med hånda på hjertet si at dama mi faktisk liker biler. Ho er altid klar for feks gatebil. Når jeg skrur hender det ofte at jeg blir forbannet og sier at jeg håper jeg aldri ser en bil igjen og da sier dama altid at jeg ikke får lov til og miste interessen for bil! :D

 

Damer har kanskje ikke mye peiling på bil men de vet godt hva de liker og ikke liker ;)

 

Vill samtidig benytte anledningen og takke for at jeg slipper og være med på shopping runder! :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Liker dama biler er det greit ;) Men hvor ofte har man ikke sett bilder av f.eks fete biler med damer som sitter inni og tekster? :P Sikkert med en langt mer interessant type, hehe..

'77 Toyota Cressida RX30 - '82 Toyota Corolla KE70 - '82 Toyota Corolla KE70 - '86 Volkswagen Golf Mk2 auto

'93 Volkswagen Golf Mk3 - '93 Daihatsu Charade G100 - '96 Volkswagen Golf Mk3 - '00 Toyota FunCargo

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår