Glytzhkof Skrevet Februar 27, 2011 Rapporter Share Skrevet Februar 27, 2011 Hei, scenario: Renault 19 med dårleg startmotor som kunne startast med startkablar eller starthjelp inntil nyleg har no fullstendig tatt kvelden og det er ikkje strøm i noko. Ikkje lys på instrumentbordet når ein set på tenninga, ingen lys, ingen radio. Batteriet er ok. Kobla startkablar frå ein annan bil direkte på straumledningane, null effekt. Alle flatsikringane er OK, veit ikkje å sjekke dei store spesialsikringane. Idear til ka det kan være? Hovudsikring hvis slikt eksisterer? Oppbrent startmotor med påfølgande kortslutning? Kortslutning av andre årsaker som vatn? Ledningsbrudd? Ødelagt tenningslås? Sprengt solenoid? Kort sagt så har eg ikkje pippling. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Quattro73 Skrevet Februar 27, 2011 Rapporter Share Skrevet Februar 27, 2011 Sjekk polskoene på batteriet samt jordingen (tilkoplingen) til karosseri/motor. Kan være dårlig kontakt her som skaper dine problemer. Siter Bilforumet.no Administrator Lag en tråd om du lurer på noe, ikke send PM. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Glytzhkof Skrevet Mars 1, 2011 Forfatter Rapporter Share Skrevet Mars 1, 2011 Takk for svar - tok litt tid å sjekke sidan det ikkje er min bil. Har sjekka jording og koblingar og dei ser bra ut. Batteriet er nesten topplada. Ikkje strøm i det heile i bilen, ikkje på dashbordet ein gong. Undersøkte tilfeldigvis eksosrøyret. Kjende noko som likna eit eple - tru det eller ei! Trur eigaren køyrde startmotoren varm for å få start siste gongen. Lurer på om det finst ein eller annan hovudsikring på ein så gammal bil (1993 modell Renault 19, 1,4). Kanskje kompressjonen vart stadig tyngre på grunn av det stengde eksosrøyret og overbelastninga førte til eit sikringsbrot? Einaste eg kan forestille meg utanom kabelbrudd. Eg sjekka alle småsikringane og dei er OK, men synes det luktar litt svidd av nokre rele. Har nokon ein servicemanual for ein så gammal bil? Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Glytzhkof Skrevet Mars 2, 2011 Forfatter Rapporter Share Skrevet Mars 2, 2011 Det er lavt ambisjonsnivå på ein fiks her sidan vi berre skal få bilen igang til å køyre den på vraken. I verste fall blir det tauing, men 8 mil i kupert terreng og dårleg vegstandard luktar det svidd clutch og hissige medtrafikantar av. Småsprø løysingforslag blir mottatt med takk! Vil unngå tauing om det går an. Det siste eg har prøvd er å koble til ein jordingskabelen frå ein Zetortraktor. Null effekt. La merke til at batteriet og dynamoen er jorda kvar for seg. Eg prøvde å feste traktorkabelen til dynamoen si jording. Jordingskabelen frå batteriet såg heilt fin ut, men eg ser vel ikkje skade på utsida? Det er null livsteikn i heile bilen. Eg har prøvd å finne ein eller annan hovudsikring men finn berre blink og viskarrele. Eg driv og koblar frå stadig meir elektronikk som bakruteviskar, varmetrådar, setevarme og liknande. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anbefalte innlegg
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.