Gå til innhold

Dårleg akselerasjon + rykking - 2001 RAV 4 150 HK 2 l. bensin

Ranger emnet


VentoGL

Anbefalte innlegg

Har hatt ein Rav 4 i to år no som eg har hatt litt problem med. Kjøpte den ferdig daukøyrd av ei dame, og har ikkje heilt fått den til å gå "normalt" igjen sidan.

 

1. Hadde veldig dårleg akselerasjon - sjølv om eg kanskje kun køyrde i 60 kmt i 4-gir var det nødvendig å gå ned i 3-gir for å hente nok krefter for å kunne nå 80 kmt på en akseptabel tid. Kunne også køyre i 80 kmt i 5-gir og så lenge det ikkje var flatt så greidde den ikkje å auke farta i det giret. Var også små rykkingar i bilen jamnt, uansett kva fart eg hadde.

 

2. Skifta pluggar, luftfilter, oljefilter og olje. Samt ein lambda sonde som eg vekk motorvarsellys på. Men utan forbetring.

 

3. Fylde tilfeldigvis Vpower i staden for vanleg Fuelsave 95 på den, og då fekk eg meg ei overrasking. Bilen gjekk mykje betre, og slik eg heile tida forventa at den skulle gå. Då gjekk den på linje med andre RAV 4 av samme årsklasse som eg har prøvd for å samanlikne, og som har gådd slik dei skulle. Rett nok var den irriterande rykkinga der fortsatt. Neste tank fylde eg vanleg 95 bensin og då var det tilbake til det gamle dårlege.

 

4. Kjøpte Forte Motor Flush som eg tømde i oljen og lot den stå og gå i 45 min, med litt periodevis rusing. Tappa av oljen og tok av filteret = lukta sur olje og såg små partiklar i oljefilteret. Fylde på ny olje og nytt filter.

 

5. Samtidig kjøpte eg også Forte Gas Treatment som ein skal tøme i tanken, og så rensar den drivstoffsystemet og dysene osv.. Etter nokre få mil starta eg å merke forandring og etter kort tid gjekk den ganske greit. Men rykkinga var der framleis. Tid har gått, og det kjem ofte perioder der bilen går like dårleg som før, for å deretter plutseleg gå bra igjen. Kva som gjer dette er for meg eit mysterium.

 

Eg undrar difor på om det er nokon andre der ute som har vore borti eller har kjennskap til om kva dette kan skuldast? Eg har planar om å skifte bensinfilteret, og kjøpe meg ei flaske til med Forte Gas Treatment for å sjå om der kan vere meir drit i systemet. Og kanskje skal eg bytte tennpluggkablane. Men denne rykkinga virkar som den har kome for å bli.

 

Er det noko som kan justerast? Kan dette ha noko med luftmengde(masse?)målar? Har prata med mekanikarar på Toyota, som ikkje hadde kjennskap til at dette har vore eit problem på andre RAV 4.

 

Elles er det ein god bil som berre har gått 115 000 km.

 

Takk for all respons! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 year later...

Drivstoffilter ville eg uansett bytta etter en drivstoffsystemrens. Har dere prøvd å slette læringer og legt inn nye kalibreringsdata på dysene(Diesel)?

Dette er vel bensin?

Hva med bankesensor, kan den være overfølsom, siden bilen går så mye bedre på 99 oktan.

Hvilke feilkoder har dere sett?

Bilforumet.no
Æres Super Moderator 
`84 Ford Granada 2.3 L Turnier
`92 Ford Scorpio 2.9 GL

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår