Gå til innhold

Tips: Montering av hengarfeste på 2011- V60

Ranger emnet


kairoger

Anbefalte innlegg

Til info for den som vil spara 7.500,- på montering av hengarfeste på V60'en sin. Det er lett å gjera dette sjølv, og du treng ikkje til Volvo for å legga inn ny software i bilen etterpå.

 

Eg kjøpte komplett kabelsett og feste på Automatriell (ironisk nok rett bak Bilia i Drammen) for 2650,- Og på forhånd hadde eg fått pris på Bilia i Drammen på ferdig montert fast feste med 7-pins el.kontakt på 10200,- (Det var og spesifisert kablar i dette tilbudet som eg ikkje hadde behov for i bilen min, så ikkje ta all info fra Volvo om kva du treng for god fisk)

 

Kjapp gjennomgang.

 

Ta av bakskjermen: 5 torx i kvar hjulbue, to stjerne i midten bak, trekk skjermen rett bakover og koble fra ryggesensor-konnektoren.

 

Ta av støtfangaren under skjermen: 3 sekskant på kvar side.

 

"Slide" hengarfestet inn på plass, løsne varmeskjoldet over eksosanlegget for å komma betre til dei to festeboltane på kvar side.

 

----

 

På att med støtfangaren.

 

Kapp til eit 10x15 cm spor i bakskjermen og monter denne igjen.

 

Trekk ut den ferdige kabelmatta i den eksisterande gjennomføringen litt til venstre for midten. Koble til kontakten ute. (her var det med detaljert skjema med fargekodar og nummerering)

 

Inne i brønnen bak koblar du til dei to konnektorane som ligg klar + den kontrollerboksen som er med i kittet. Trekker ein kabel fra pinne 5 i den eine kontakten til +12V på høgre sida i brønnen. (alt dette er det nøyaktig beskrivelse til i skjemaet)

 

Sett i 20A sikring som og er med i kittet, inn i sikringsboksen på venstre side.

 

Voila, ferdig. Alt lyset på hengaren fungerar og ingen feilmelding i instrumentbordet på V60'en.

 

Min teori er at softwaren til dette er allerede lagt inn i bilen og blir aktivert når du sett inn den sikringen. Einaste "problemet" er at ikkje ryggesensoren blir deaktivert når du har tilhengar på og sett bilen i revers. Det er mulig av Volvo kan programmera dette vekk, men for meg spelar det ingen rolle, eg slår berre av ryggesensoren inne i midtkonsollen når eg ryggar med hengar.

 

Totalt ein 2.5 timars jobb for meg som aldri har gjort dette før, men kan du sette saman IKEA møblar er dette ein lett jobb.

 

Berre for å gi eit bilde på kor god fortjeneste Bilia har på desse jobbane, så vil eg tru at dei har betre deleprisar enn meg og deg, dvs under 2000,- for all hardwaren. Og jobben brukar dei nok under 2 timar på sidan det tok meg 2 1/2 time. Det gir dei ein timespris på over 4000,-

 

Tygg på den.

post-77763-1380485500769_thumb.jpg

post-77763-13804855007737_thumb.jpg

post-77763-13804855007837_thumb.jpg

post-77763-1380485500791_thumb.jpg

post-77763-13804855007951_thumb.jpg

Endret av Quattro73
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 year later...

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår