Gå til innhold

2.0 tddi er lat, skal den vere slik?


heljo

Anbefalte innlegg

Har nettopp kjøpt ein 2002 2.0 tddi, km 175000. Bilen rykka litt på pådrag, har bytta eine slangen på dieselfilteret pga lekkasje, så det blei bedre. Men bilen er lat til 2000 o/min, då livnar den til og er sprek. Skal det vere slik?

I tillegg er eg litt usikker på ein anna ting, viss eg køyrer roleg og slepp gassen, virkar det av og til som den gjer litt gass før den går ned på turtal. Og viss eg prøver å halde den på 1800 o/min når bilen står i ro, ligg den og økar til 1900, nedatt til 1800 og oppat osv.. Bør jo ta ein diagnose, men bur litt usentralt til i forhold til verkstad.

Nokon tips? Vakumslangar eller elektriske duppedittar??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

merka ny feil i helga, bilen gav gass av seg sjølv etter giring frå 2.gir til 3.gir, skulle jo gje gass, men eg likar å styre det sjølv.. bilen luggar litt under normal køyring, synest nesten eg merka at det lugga kvar gong det var ein hump i vegen ved køyring i motbakke..? Lurer litt på om innmaten i katalysatoren kan ligge laus og skape lugginga, men det stemmer jo ikkje med at bilen gjer gass sjølv. TIPS? Den ryk forresten godt svart ved god akselerasjon, og ved start..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den likte eg, mondeo!! Eg har blokkert EGR på passaten min, og har lurt på om eg kunne gjere det på denne og. Då skal det ordnast ganske fort trur eg. I går køyrte eg bilen til jobb, ca 5 mil, utan fjusking. Eg fann ut at vi har feilsøkingutstyr på jobb, og tok diagnose i går. Ingen feilkodar, og bilen gjekk skikkelig heile tida mens eg feilsøkte. Sjølvsagt kom feilen tilbake etter 3 mil på heimveien. Men eg fann ein ting eg lurer på, tomgangdrivstoffjustering på sylinder 1 står på 0 mg/cycle heile tida, på dei tre andre sylindrane forandrar det seg opp og ned på tomgang og ved høgre tomgang. Skal det vere slik? Går sylinder 2-4 ut frå verdien på sylinder 1 og regulerar deretter? Einaste feilen eg fekk fram i går var når eg prøver å halde turtal på 1750 o/min, økar turtalet til 1900, dett nedatt, økar igjen osv... Men ingen verdiar på dataen forandra seg noko serleg. Nokon som har forklaring på det? Skal det vere slik?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 weeks later...
  • 4 weeks later...
  • 2 months later...

tok av innsugsmanifoil når eg skulle bytte servopumpe, og der var det mykje drit! manifoilen er halvfull i oljeholdig sot, dette strupar jammen godt! Har skrapa gotd reint, og blåst med trykkluft. Hjalp godt på trekkrafta, men eg fekk jo ikkje ut alt. Og så virkar det som fjuskinga blei verre igjen etter eg hadde av manifoilen, kan ein utett innsugspakning gje lugging?? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår