Gå til innhold

Tråden om min S40!

Ranger emnet


Kaksa

Anbefalte innlegg

Du må ta masse bilder av når du soter rutene da, slik at vi andre kan se hvordan du gjør det. osv... skal du skru ut rutene før du soter dem??

Jebs

 

- 96 Volvo s40 2.0

 

---------------------------

 

x 93 Mr2 (8 dager....Spiker)

x 91 Escort

x 85 Record

x 83/81 MB 280SE (2stk)

x 85/86 Ascona C (2stk)

osv.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 245
  • Created
  • Siste svar

Top Posters In This Topic

Blei tatt et par bilde, faktisk ganske god patent på å ta ut vindua. :)

For å ver første gang eg toner er eg ganske fornøgd =).

Hittil har eg kun tatt bakrutene.

 

volvo6.jpg

Dette er innsida av døra, for å komme til der, var det to skruer på eine sida, og tre-fire slike "plastikk-haker" som det berre er å drage rett ut.. :p

Med litt makt så kjem den, men først må du også løsne skruane i plastkoppane på døra + vindusheisa. (klips, enkelt)

 

volvo7.jpg

Her ligger vinduane utanfor bilen, klare for grov-vasken.

 

volvo4.jpg

Rutene ferdi sota på "arbeidsbenken" :p

Var veldig lett å legge på den CD Cardic filmen på 43% som eg brukte. Masse salovatn var triksen =)

 

volvo5.jpg

Her er bilen ferdig tona i garasja mi =)

Blei litt lyst da, så eg lurer på å ta på framrutene også. Men veit ikkje om eg vil ha purken på nakken.

 

Husk på:

-dørpanelet må festast etter listene rundt vinduet.

-"trekanten" på innsida av døra er festa med slikt "plastklips" som tidligere nemnt, er lett for å knekke *flau*

-Det grå dempematerialet som er der, er festa med ein type lim, men det er berre å skjære langs limen, og når du tar det saman igjenn, so sitt det slik som det skal. (BRA!!)

-Vinduet er festa med to skruer på vindusheisa, dette medfører at du faktisk må skifte possisjon for å skru ut begge.

-Skruer som du mister ned inne i døra er vanskelige å få tak i.. :P

-is-skrape med nal til 30kr på statoil var vel verdt pengane =)

 

På dei små bakrutene klippte eg berre til filmen og tok på uten å ta ut ruta, blei greitt nok resultat pga den svarte kanten på utsida som kan sjule det meste =)

 

 

Da trur eg at eg har fått tatt med det meste, men er det noko anna dere lurer på, så er det berre å spørre, men dette var lett.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Helligdagar er dei beste dagane å jobbe på =)

So etter å hatt ein dagstur til Trollveggen i lag med han pappa :) ,så var det klart for å prøve å gjer noko fornuftig.

Merka bak skulle av!!

 

volvo8.jpg

Her er bokstavane begynt å dette av :p

 

volvo9.jpg

Limen som var igjenn var ganske sterk, og måtte pirkast av, tok tid og krefter, fikk faktisk vannblemme på fingeren min etter all gnikinga!

 

volvo10.jpg

Då var VOLVO vekke, kun S40 igjenn.. :P

 

volvo11.jpg

Da var det berre å brette opp armane å begynne på S40, for å få av merka, så måtte eg ta ei fiskesen å lirke fram og tilbake. For å få nok press på, var det best å ha på hansker.. Takk mamma for lånet av oppvaskhanskane dine.. :P

 

volvo12.jpg

Alle bokstavane når dei hadde komt av, kanskje eg må sette dei saman i ramme eller nokke slikt ein eller anna gong=)

 

volvo13.jpg

Den flotte og nakne rompa på bilen min.. :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg lakka baklyktene på 240en med transperang lakk....altso..klarlakk med farge...slik eg har baklykter som er heilraude...

 

Lakken får du kjøpt på Mekonomen i Olsvika eller BilXtra..

må matte fint ned lykta...ganske fint papir...og lakke tynne lag...vis du ikkje er fornøgd med resultatet so får du kjøpt lakkfjerner beregna på dinna lakktypa...får kjøpt det på mekonomen ivertfall...

1997 Volvo 960 T6R

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...

Zalovann trikset er å ha masse zalovatn overalt, og ta det vekk med nal..

Uten riper eller noko so ligger filmen fint på ruta.

Men i dag skulle eg prøve å senke bilen.

Men det gjekk ikkje slik eg ville.

brukte veldig lang tid på første fjøra, og på andre gjekk det til helvette.

Ødela torx-spora på eine opphengsledde, og makka veldig for å få det til, før at eg greidde å sette på fjøra skeivt(??), og no står bilen oppe i lufta.

Alt for lite med 24l kompressor.

Masse venting og bråk, har ikkje peiling på kar mange lager som er gåan, men det er mange!!

*Litt sinte*

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Da har sinne lagt seg, og framfjørene er bytta etter masse styr og mange tima!

Det var innkjøpt 35mm TUV godkjent senkesett hos Bildeler i Ålesund.

 

her er litt bilder fra arbeidet:

Den fra før nemnte kompressoren, alt for liten og gammal, heldigvis fikk eg tak i ein kraftigare no idag (søndag)

volvo14.jpg

 

Slik såg bilen ut før eg begynte:

volvo20.jpg

 

Deler av verktøyet eg brukte:

volvo16.jpg

 

Eit par bilde med konsulentarbeid:

Takk til dere som hjalp meg :D

volvo18.jpg

volvo19.jpg

 

Den beste arbeidstillinga ever, mobil og lufttrykk!

volvo17.jpg

 

Slik var den etter senking:

volvo15.jpg

 

Men alt arbeidet som blei gjort på laurdagen måtte bli gjort oppigjenn på søndagen, pga at "lokket" på toppen av fjørene var satt skeivt på.

Så no har eg ikkje tall på kar mange ganga eg har tatt ut og inn dissa fjørene.

Første dagen sleit eg også med at eg ødela sporet til torxen på eine opphengsleddet, så det tok litt ekstra tid, og når eg kombinerer det med dårlig kompressor og skeivt påsatt fjøre, så teke det si tid.

 

Det var berre dei to fjørene framme eg fekk skifta, dei to bake skal eg kanskje sjå på i morga. Bli litt makkverk å komme til i bagasjerommet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei...

Hadde samme problemet med å sette toppen skeivt når eg senket min bil framme... men har desverre ikke komt så langt at eg har senka bilen bak enda!! Ene bolten hang så jævli fast angry gidder du skrive hvordan du løser det problemet hvis du får det??

mvh

Jens

Jebs

 

- 96 Volvo s40 2.0

 

---------------------------

 

x 93 Mr2 (8 dager....Spiker)

x 91 Escort

x 85 Record

x 83/81 MB 280SE (2stk)

x 85/86 Ascona C (2stk)

osv.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går ettermiddag/kveld hadde eg meg eit par veldig fine timer i garasja.

Alt gjekk slik som det skulle.

Var stort sett aleine, men bake gjekk det heilt fint :)

For det første så hadde eg den nye kompressoren, her med den gamle i bakgrunnen:

volvo21.jpg

 

Det eg gjor først mens bilen fortsatt stod på bakken, var å renske litt ut i bagasjerommet for å komme til dempertårna. Trur eg kun ødela et klips :p

volvo22.jpg

 

Ein flott refleksvest eg fant i hjulbrønnen min!!

volvo23.jpg

 

Jebs: Kva for bolter hadde du problem med? Nokon av desse? Isofall so tok eg eit flattjern og ein hammer for å slå dei ut, er satt sammen med ganske bra spenn i fjørbeinet/underkanten av skiva (viss eg bruker rett namn da :p )

volvo24.jpg

 

Her er då demperen tatt ut, og den gamle og nye fjøra blir samanlikna:

volvo25.jpg

 

Då var demperen på plass igjenn og fargen lyser flott opp :D

volvo26.jpg

 

Måtte såklart ut på ein liten prøvetur, og den kjentes veldig masse stivere enn dei slappe orginalfjørene som var der. Sjølv om den ikkje var så veldig lav da.

Men men, får sjå om eg kapper om det er behov for det seinere, trur ikkje eg gjer noko før eg eventuelt kjøper meg andre felger isofall.

volvo27.jpg

 

Ifølge det som står på TUV godkjenninga så er det eit "Lesjöfors Fjädrar" senkesett med ca 30mm, men der eg kjøpte det sa dei 35mm da...

Men den blei isofall bedre å kjøre :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår