Gå til innhold

Trenger tips om brukt 205 GTI!

Ranger emnet


DoMind

Anbefalte innlegg

Første posten min :D

 

Har vore å kikka på ein 1986modell Peugeot 205 1.9 GTI, som ein privatperson skal selga. Eg hadde ikkje tenkt å byta ut bilen min (Ford Orion -88 ), men har voldsomt lyst på ein liten kjapp bil

Eg håpar nokon kan gje meg litt tips om prisen, kva eg bør kikka etter og liknande..

 

Merk! eg har ikkje fått prøvekjørt den, berre kikka på den.. reknar med å få prøvekjørt den i dag :o

 

Bilen er som sagt ein 86 modell, i 89 blei den heilt strippa og bygd om med "Dimma" styling og ser nå slik[Link fjerna] og slik[Link fjerna] ut.

Bilen er gått ca. 185000 km og motoren ca. 135000km.

Bilen er utstyrt med K&N luftfilter, effektanlegg og mod-chipp, i tillegg til dette var det "blitt gjort noko med motoren" som selgaren sa så bra.. (dvs. han viste ikkje kva som var gjort, men eit verksted sa at motoren ytte meir en ein original skulle (med desse modifikasjonane)) Akkurat det kan kanskje vera litt usikkert?

Men motoren gjekk vistnok kjempefint (og var i nærheten av 170hk)

Det var jalfall 2 "voksne" personar som hadde hatt den sist, så eg trur ikkje den har blitt skamkjørt..

 

Ellers ser interiøret[Link fjerna] litt småstygt ut (viser ikkje på det biletet, men førarstolen er "herpa".)

Bilen har to gode sommardekk framme, og to for store dekk bak.. Dekka bak er frå 1992, men det er godt mønster i dei, så bilen kan ikkje ha blitt brukt så mykje. Uansett bør bakdekka byttast pga. sprikker i gummien.. Felgane bør også skiftast (stygge, og litt slag i dei).

Girboxen (selgaren sa at det var eit lager i den) lagde ein ulyd etter å ha kjørt ein 2,4mil, men dette hadde eit verksted sagt var heilt ok.

Det var litt rust på insida av pasasjerdøra, men det var mesten det einaste på heile bilen (dvs. som eg såg utanfrå)

Pakningen[Link fjerna] på dørene såg noko snåle ut, men bilen skulle vera heilt tett, og det bør kunna ordnast greitt..

 

Bilen var gjennom ein EU-kontroll i juli i fjor, den fekk då nokre komentarar, men dette er blitt retta opp. (EU kontrollen blei gjort hos NAF, men dei tok ikkje teknisk kontroll)

I januar i år var den inne til fullservice, og det blei skifta bremser på alle hjul, eindel elektrisk, samt bakaksling.

Det er også betalt årsavgift for -03

 

Eg kunne få den for 27.000,- inkludert ein god delebil (som eg ikkje har sett) Delebilen var ein lik bil, med kjempefint interiør, god girkasse og vindu/pakningar (denne stod på gode pigdekk)

Eg syntes igrunn prisen var litt høg til at det er ein 86 model, men iogmed at det er ein kraftig GTI, den er ombygd i 89, det er låg km stand, den ser fin ut, og det følger med ein bra delebil er det kanskje ikkje så gale?

Det høyrtest jo ut som om det berre var småplukk + nye felgar/bakdekk som skulle til for å få den 100%..

 

Eg kan ikkje skru så mykje på bil sjølv (anna enn elekronikken), men har nå ok teknisk insikt, har også har eitpar naboar som _kan_ skru bil som eg kanskje kan få litt hjelp til eventuelt å skifte girkasse e.l.

 

Ang Dimma ombygginga: ifølge selgaren finnest det godkjenningspapirer på dette, men han hadde ikkje.. (Han meinte det gjekk an å skaffe frå dimma?)

Eg lurer derfor på om det er _nødvendig_ med slike papir? Selgaren hadde kjørt gjennom 2 tekniske kontrollar slik den står nå, på den eine hadde han fått kjeft for å ha vridd sikkerhetsselen :) På den andre hadde dei ikkje sagt noko..

Veit nokon kvar eg kan få tak i slike papir om det blir akutelt?

 

Ifølge selgaren var bilen blitt premiert fleire gonger etter ombygging, og stått på forsida til diverse bilblad o.l.

Bilen var vist registrert i Notodden (YU skilt) så kanskje nokon her kjenner til den?

 

Eg har ikkje bestemt meg for om eg i det heile tatt vil kjøpe bilen, men har som sagt litt smålyst..

Det er vel kanskje ein fordel å få teknisk kontroll på bilen?

 

Til sist: er det elektriske nettet i peugeotar så dårleg som enkelte seier? Har eit stort anlegg som skal pressas inni bilen, og då er mykje/god straum vikteg

 

Blei laangt dette, men håpar nokon gidd å lesa alt ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Veldig bra innlegg det der. Lett å lese tross at det var nynorsk :)

 

 

Bilen så jo jævla tøff ut da.

 

Men, det var litt dyrt. Du kan jo prøve å prute da. Siden du må ha nye felger osv :) Så kjøper du noe kult.. Også kjøper du deg bøttestoler å ha forran.

 

Hvilket understell er det på vogna?

 

 

 

Jeg vet ikke så mye om disse bilene, men det er flere på forumet som kan mye. Så dem kan sikkert hjelpe deg :)

- 02 Porsche Carrera 4

- 98 Porsche Boxster (selges)

http://www.jonte.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for raske svar!

Har nå lest alt på den svenske sida, og skal kontrolere dette når eg ser på bilen igjen.

 

Understellet er standard 1.9GTI (-86 går eg utifrå), var litt vanskeleg å kikke under bilen slik den stod, men skal kontrollere at det er slik selgaren sa det var.. (Strøkent) <- Var det det du spurte om?

 

Stolane som stod i delebilen skulle vistnok vera som nye, så reknar med at eg berre bruker desse..

 

Kva pris syns de at eg skal begynne på? 4 nye felgar og 2 dekk blir jo fort 3-4000..

Han ville egentlig ha 33000,- for bilen, men når eg ringte sa han 27000,- med ein gong.. så det er kanskje berre eit salgstriks?

Skal som sagt prøve å få prøvekjørt den i dag, og finn vel ut om det er noko kluss med bilen då.

 

Delebilen var vist 100%, berre motoren som ikkje var skrudd samman heilt ;) Så denne kan eg jo kanskje få litt penger for seinare.. Er nok greiast å få med den, iogmed at nye stolar + evnt. girkasse nok blir litt dyrt..

 

hehe.. nynorsk er ikkje værre en ein gjer det :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Husk at girkassene på GTI'er før 87 deler olje med motoren, så de har en tendens til å slites fort, og bli skranglete.. Sikkert derfor den er lit smårar.. Ville ha forsikret meg om at denne andre bilen har god girkasse.. Hvis du er ekstra heldig er kanskje denne andre nyere en 87, så den har separat olje for kasse og motor?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har hatt 2 pug`r tidigre... en 205gl og en 309GTI 1.9l.

205`n jeg hadde var bare en rein komme fra A til B bil, ikke noe spessielt med den... men den starta og gikk ihvertfall :)

 

309GTI`n var en heeelt annen type bil.. denne var modifisert både her og der. Den skulle egentlig brukes til bane racing.

Det var akkurat som og kjøre en go-cart, den lå helt sinnsykt på veien... en sikkerlig racer!

Motoren var 1.9L med orginalt 139HK, ecu var modifisert, satt effektanlegg og luftfilter på den. Tipper det var 150HK i den, uten og ta i for hardt. Bilen gikk bra, den veier jo tross alt bare 950KG! :)

 

205 GTi`n er en mindre bil, den er lettere og har minst like bra kjøre egenskaper som 309`n.

 

Når det gjelder prisen på den bilen du har vært og kikket på, virket den alt for høy, greit at den har Dimma styling... men herregud, den er ikke vært så mye fordet!

Jeg ga 20.000kr for min 309... selger skulle egentlig ha 25.000kr.

 

Får du den får 20.000kr, så syntes jeg du skal slå til!

Sinnsykt morro bil og kjøre!!!

Legg litt penger i ett alright understell... Gule koni, og noen bra fjører, 16" felger. Noen bra racing stoler, og du er klar for banen! :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...

På grunn av diverse småting fekk eg ikkje prøvekjørt den før i går..

 

Bilen gjekk jo ok, grei akselerasjon og virka som den hang nokså godt på veien.. hehe, har endå meir lyst til å bytta bil nå :D

 

Men, det var ikkje altid bilen starta.. i staden for at startaren gjekk i rundt kom det ein slags "summe-lyd", då måtte eg vri om nøkkelen raskt og hardt og nokre gonger for å få den til å starte. nokon som veit kva det kan vera?

 

Girkassen virka bra, den var litt smårørete, og 5-giret var langt vekke.. men dette har eg forstått er nokså normalt?

Girkassen var vistnok -89 modell, så den deler ikkje olje med motoren..

I 5-gir og 80km/t låg turtellaren på 3500rpm, var ikkje det litt høgt?

Oljetrykket låg på 4bar heile tida (har det noko å sei?)

 

MEN, når eg hadde kjørt eit stykke kom det ein merkeleg ulyd.. Det var ein slags ule/hylelyd, den kom ikkje når det var litt turtall på motoren/eg gav litt gass, men når eg berre rant med bilen (med clutchen ute/inne) eller kjørte fint og forsiktig med lite gass var den ganske irriterande :(

Selgaren meinte nå at det ikkje var girkassen, men noko "lagergreier" ved drivakslingane (det var det ein kar som hadde vore å prøvekjørt den hadde sagt jalfal)

Dette kan vel kanskje bli litt kostbart?

 

Ellers såg "støtdemparfestene" eller kva det nå heiter slik ut[Link fjerna], og bråkte litt av og til (eg la ikkje merke til det)

 

Det elektriske vinduet på pasasjersida fungerte på vei ned, men når det skulle opp igjen måtte det hjelpast igong... Sentrallåsen var litt ustabil, så det var ikkje altid bagasjerommet låste seg opp :)

 

Bilen var faktisk ein 1.6GTI som var ombygd til 1.9 (er berre karoseriet som er 1.6GTI forstatt). Og den er registrert med 1.6GTI motor..

 

[Link fjerna]Motoren var det nylig blitt gjort diverse småting med (bytta tennpluggar, olje, og nokre elektroniske komponentar++)

Bremseslangane framme var nye, og det var nye bremser på heile bilen (skivebremser både framme og bak).

Han rekna også ut at med chiptrimming, effektanlegg og k&n luftfilter vill effekten ha auka med ein ca. 30hk+ :rolleyes: så det er vel neppe mykje meir effekt enn dei originale 130..

 

Delebilen var solgt, men han skulle få igjen setene og eitpar småting som kunne brukast på denne bilen.

 

Eg må diskutera litt meir med meg sjølv før eg bestemmer meg, men høyrest det ut som eit bra kjøp til 20.000,- (uten delebilen)?

 

Takk for alle svar så langt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår